Profile
Blog
Photos
Videos
Eg ankom Delhi tidleg middags måndags morning, etter to flyturar frå Johannesburg med mellomlanding i Doha. I løpet av drosjeturen frå flyplassen til hotellet vårt fikk eg moglegheit til å ta inn litt av Delhi. Det vil seie, når eg ikkje vart kryssforhøyrd av sjåføren! Eg hadde blitt advart før eg kom, om at det kom til å bli eit kultursjokk, og det vart det verkeleg. Fyrst og fremst er trafikken her heilt vill! Det er eit kaotisk samansurium av bilar, syklistar, «tuk-tukar», mopedistar med hele familiar på, bussar og til og med hestar og esel! Det virkar ikkje som om det eksisterar nokon trafikkreglar då alle kjem frå alle kantar, og duren av bilhorn er konstant! For det andre er det trist å sjå graden av fattigdom. Det var eit augneblink der vi stoppa for raudt lys og eg fikk beskjed om å låse døra mi. Rett etterpå kom det bort ei kvinne med ein baby, som pressa seg opp mot ruta og hamra for å få penger. Rett bortenfor kunne eg sjå ein ung gut som strevde med å kle på tydeleg skittent undertøy på eit lite born. For min del var dette eit brutalt fyrste møte med India og det eg har funne mest hjarteskjærande under mitt opphald her. Overalt kan ein sjå halvnakne born som spring rundt og tiggar, og som heng seg fast i deg for å få penger eller mat. Det einaste ein kan gjere er å ignorere dei og det har vert svært vanskeleg. Seinare den same dagen tok eg og to andre ein «rickshaw» (ein sykkel med ei slags vogn festa bakpå) og gjorde litt sightseeing. På kvelden møtte vi resten av gruppa på 15 og gikk ut og åt på indisk restaurant. Eg bestilte det minst sterke dei hadde på menyen, men syns fortsatt at det var sterkt!
Den neste dagen stod vekkerklokka på 04.30, med avgong mot Agra. Fyrst på planen var «Red Fort». Vi oppdaga fort var at indarar elskar å ta bilde saman med oss! Eg hadde ingenting imot å ta bilde med borna, eller kvinner i vakre kjoler, men av ein eller anna grunn enda eg mest alltid opp med dei gamle gubbane! Til og med når eg skulle ta bilde saman med borna, kom dei og trengte seg på! Etter lunsj bar det ut igjen for å sjå det bygget eg har gleda meg mest til; Taj Mahal. I følge legenda satte mogulen Shah Jahan i gong bygginga som ei kjærleikserklæring til kona, då ho gikk bort etter å ha føda hans 14.born. Det var litt uverkeleg å plutseleg vere ved dette fantastiske mesterverket som eg hittil berre hadde sett på bilete! Eg prøvde å ta nokre bileter foran palasset når det var ein åpning i folkemengda, men det kom sjølvsagt alltid nokon og sneik seg med. Linselus! Medan vi gikk rundt på området vart vi stoppa konstant av folk som ville ha bileter saman med oss, så etterkvart måtte vi berre vere litt frekke og nekte. Eg syns det er heilt vilt, at her har vi Taj Mahal- ein av dei sju underverka i verda, og så vil dei heller ta bilete av oss! Inne i sjølve «hovedbygget» kunne ein få sjå gravkamra som mogulen og hans kone var begravd i. Grunna sikkerheit har dei no fjerna kistene og plassert dei i rommet direkte under. Det var ville tilstandar når vi skulle inn i kuppelen! Fleire titals menneskje pressa seg inn ei smal døråpning, utan hensyn for verken borna eller dei eldre som var i puljen. Det var ikkje lov å ta bilder inne i rommet, men dette var det ingen som brydde seg om(heller ikkje vaktene) og alle knipsa fritt om seg. Det var som ein saueflokk, sjølv om eg trur dei kan oppføre seg betre. Heldigvis fikk eg moglegheita til å vere åleine nokre minutt før den nye pulja kom. Dei var utruleg vakre, i kvit marmor dekorert med blomer. Alt ved Taj Mahal er symmetrisk ned til den minste detalj, men plasseringa av gravkammeret til Shah Jahan bryter med dette. Ein av teoriane for kvifor det er slik, er at muslimar meiner at det kun er Gud som kan skape det perfekte, og at denne plasseringa av gravkammeret var den eine feilen i Taj. På slutten av kvelden gikk vi ut for å ete middag og feire bursdagen til ei på gruppa.
Onsdags morning reiste vi med buss til Jaipur, som er hovudstaden i Rajastan. Den kvelden gikk vi på kino og såg ein Bollywoodfilm, kalla «Kriish». Plottet går sånn ca. slik: I den fyrste filmen kræsjar hovedpersonen og hans gravide kone som er på veg til sjukehuset, då dei ser ein ufo. Denne lettare tilbakestående mannen møter eit romvesen som gjer han super smart. Sønnen hans Krishna får superkrefter og er helten i filmen. Skurken i filmen er lam frå halsen og ned, og leiter desperat etter ein kur. Kriish må så stoppe skurken som sprer eit livsfarleg virus. Filmen var på hindu, men vi gikk berre for opplevingas skuld, og for ei oppleving det var! Det fyrste som skjer er at det nesten bryter ut slåsskamp bak oss, då nokre franskmenn hadde satt seg på feil plass og nekta å flytte seg. Etter truslar om politi og nokre strenge gloser måtte dei gi seg til slutt. Så var det sjølve filmen i seg sjølv som hadde alt frå action; til drama; til romantikk; til heftig dansing og synging. Frå byrjing til slutt kom det spontane utbrudd av buing, klapping og plystring frå publikum. Frå tid til anna flaug det duer gjennom kinorommet. Filmen kunne ikkje kallast barnevenleg, men 50% av publikum var born frå eitt og opp! Å gå på kino heime i Norge vil aldri bli det same igjen! :-P
Dag to reid vi på elefantar opp mot eit fort, kalla «Amber Fort». Deretter tok tuk-tuk sjåføren oss med til ein butikk der dei solgte ulike bukser, sjal og kjoler. Vi var dei einaste der og fikk full oppvertning av eigaren, som serverte te medan vi studerte dei ulike plagga. Eg fann meg to alibaba-bukser og ein kjempefin tsaree! Det er eit longt stykke stoff som kvinnene i India foldar om til ein kjole og som dei går med både til fest og til kvardags. Eg fann óg eit heilt fantastisk stoff som dei sendte til skreddaren for å få sydd om til ei bukse, men då den kom til hotellet på kvelden vart eg utruleg skuffa. Den var ikkje slik vi hadde avtalt, og sømmen på buksa gikk på kryss og tvers. Heldigvis fikk eg returnert den og fikk pengane igjen.
Etter ein 6 timers køyretur i jeep kom vi til Tordi Sagar, der vi budde vi i eit flott herskapshus. Seinare på dagen gikk vi ein tur rundt i landsbyen. Skuleborna var nett komt heim frå skulen, så uansett kor vi gjekk vart vi møtt av glade born som ropte «one photo, one photo!». Dette var eit av høgdepunkta på turen og ei herleg avveksling frå tilstandane i Delhi. Deretter køyrde vi rundt for å sjå nærområdet, før vi avslutta dagen på ei bru, der vi fikk te og såg på solnedgongen. Tidleg neste morning stod ein gjeng av oss opp og gikk ein tur opp i fjellet, opp til eit fort som blei brukt som skjulestad for landsbybeboarane og såg på soloppgongen. Det var herlig å bli andpusten av noko anna enn å drasse rundt på sekken min!
Etter fjelltur og frukost reiste vi til Pushkar. Der var det festival og vi havna midt opp i alt. Gatene var fulle av folk og mengden førte oss framover. Vi var som sild i tønne! Eit av høgdepunkta her, og for meg, på heile turen- var når vi rei på kvar vår kamel ut til ein stamme i ørkenen. Min heitte Rocky og var fint dekorert med blomer og fargerike kuler(les: ubehagelige kuler!). Når vi kom fram fikk vi servert mat og drikke medan stammen framførte diverse dansar, musikkstykke og til og med magi. Nokre av oss dradd med i dansen, inkludert meg sjølv. Tidleg neste morgon stod nokre av oss opp og gikk dei 630 stega opp til eit tempel som er dedikert til Brahmas kone- den einaste av sitt slag. Brahma er ein av gudane i hinduismen. Det var fullmåne så det var ekstra mongen som tok turen opp; gamal som ung- sjuk som frisk, og fleire bar lass som på hovudet. Vi følte oss litt teite som hadde«klaga» på at det var tungt :-P Vel oppe hadde vi god utsikt over Pushkar. Nokon hadde dradd ei stakkars ku med seg opp på toppen! På kvelden åt vi middag medan vi såg på bollywood filmen «Rathore». Bollywoodfilmar er heilt geniale!
Mitt favorittstopp på heile turen i India har vert Udaipur. Eg elska stemninga her og folket er svært imøtekomande og venlege. Eg har byrja å få teken på prutinga óg, noko som gjer shoppingen litt meir interessant. Eg har blitt den kunden som eg hatar å ekspedere på jobb! Medan ein kikar får ein servert alt frå varm til kald drikke, og dei gjer alt for at du skal vere fornøgd, om det så betyr at dei må dra ut kvart einaste sjal frå hylla, eller vise deg kvar bidige figur i butikken før du finner det du vil ha. Dei har eit uttrykk i India: «Guest is god», og dette merkast. Den fyrste natta vår her overraska DJ, vår CEO(Chief Experience Organizer) oss ved å invitere oss med til kusinas bryllaup. Dette var ei unik oppleving og ei perfekt anledning for meg å få bruke tsaree'en min. Eg fikk hjelp frå ei frå hotellet til å ta den på, men eg mangla sikkerhetsnåler, så når vi ankom bryllaupet byrja den å dette av meg foran alle gjestane. Pinlig! Heldigvis, var det nokre damer der som tok meg med og ordna den slik at den sat på resten av kvelden. Jentene i bryllaupet syns det var utruleg spanande at vi var der og gjorde det si oppgåve å passe på oss og fortelle oss om kva som skjedde. I Indiske bryllaup er det slik at kvinnene og mennene blir holdt seperat heile kvelden og det er kun kvinnene frå bruras side som er invitert. Menna får servert kjøtt og alkohol, medan kvinnene si side må haldast «rein» for alt slikt. Eg klarde jo sjølvsagt å tabbe meg ut, då eg takka ja til kylling ved buffeten, noko som sjokkerte dei unge jentene som mest gispa etter luft når dei såg kva eg åt på! Dei tilga meg heldigvis, og eg fikk eit venskapsarmband idet vi drog. Bryllaupsseremonien, som foregikk over to timer på ei scene på kvinnenes side, var det eigentleg ingen som brydde seg noko særleg om. Nokon på gruppa vår forhøyrde seg om dette og fikk som svar at «dei fleste kom berre for å få gratis mat!» :-D Kvelden etterpå besøkte vi mora til DJ som leser i hender. Ho var veldig hyggelig, og tilbydde seg å «spå» alle på gruppa. Det var utruleg fascinerande! Blant anna sa ho at eg i framtida kom til å få masse penger i gåve, så eg krysser fingrane for at det stemmer! :-D
Den si
ste dagen vår i Udaipur gikk eg og Amy(Canada) og fikk henna av ei utrulig talentfull jente. Vi er sikre på at ho kjem til å gjere det stort ein dag, så vi sikra oss nokre målerier som ho hadde laga i same slengen.
Dei neste to dagane var meir travle då vi reiste sørover mot Ahmedabad, og så til Mombay. Den ettermiddag i Ahmedabad reiste vi til eit kjøpesenter og eg fikk kjøpt sårt etterlengta nye kleder! Det kan bli litt einsidig å gå i dei same to toppene kvar dag i ein måned! I Mombay gjorde vi litt sightseeing på dagen og så reiste vi ut og åt på Leopolds Cafe på kvelden. Dei siste tre dagane var vi på ferieøya Goa. Det ligger kun ein time med fly frå Mombay, men det var veldig annleis frå den India eg hadde sett hittil. Der var longe strender og arkitekturen heng igjen frå då det var ein Portugisisk koloni. Laurdags kvelden tok DJ oss med til ein klubb kalla «Love, Passion, Karma». Eg har aldri sett slik ein unik nattklubb før! Det fyrste vi såg når vi ankom var ei heilt enorm dame som låg på bakken. Det var steinfigurar overalt og midt uti vatnet låg stod det i store, lysande bokstavar: «LOVE PASSION KARMA». Desse kunne ein óg sjå gjennom eit stort vindauge/hol i veggen når ein sat på do. det Det tar vanlegvis ei heil
æve når jenter er på do på fest, men med ei slik utsikt kan ein berre gløyme å gjere seg ferdig i skapeleg tid! Det var «damenes kveld» så vi fikk gratis inngong og gratis alkohol heile kvelden. Dette var for meg ein av dei aller kjekkaste kveldane i India. Flotte omgivnadar, kjekke mennesker og ein dj som spelte akkurat min type musikk! Vi dansa inn i morgontimane.
For det meste har eg ikkje hatt nokon problemer med den lause tolkinga av tid i India, men eg må nevne den enormt frustrerande opplevinga eg hadde på postkontoret i Goa. Det var den siste dagen og eg skulle ta ein taxi til flyet klokka 15. Eg skulle berre sende nokre souvenirar heim og hadde tima det slik at eg skulle rekke postkontoret og så taxien med god margin. Diverre går det ikkje alltid etter planen når visse folk trur dei har all verdas tid! Fyrst måtte karen veie tinga, men det var overvekt så eg måtte pakke om. I staden for å gi meg tinga som var ei handsrekking unna, så valgte han å hjelpe andre kundar og finne frimerker. Eg ba han fleire gonger om å gi meg tinga, då eg hadde begrensa med tid, men eg fikk kun bekreftande nikk om at «ja då, du skal få det». Når eg so fikk pakka det om og den kun mangla addressa satte
karen seg ned og nekta å gjere meir. Vi fikk etterkvart ut av han at vi venta på ein anna kar som hadde papira som trengtes for å sende pakken. Då vi hadde vert det i over ein halv time, og klokka byrja å
nerme seg faretruande tre ba eg om å få betale for kassa og ta den med meg, då karen med papira fortsatt ikkje hadde komt etter 15 minutter. Då vart eg nekta å ta med meg tinga mine, for det var visst blitt deira eigedom då den var i deira kasse! Karen kom endelig til slutt, men trur du ikkje papira låg i ei hylle rett bak disken?! Eg forklarte til han óg at eg måtte rekke eit fly, men det var for døve øyrer, for han seig avgarde og gjorde alt i sakte film. Eg fikk no adressert boksen, eg rakk flyet og så får vi krysse fingrane for at tinga kjem fram!
Som sagt tidlegare, så vart eg advart før eg kom om at India kom til å bli veldig annleis frå alt eg er vand med frå før, men eg må seie at eg forelska meg heilt i India! Ja, det er skittent, folkemengder overalt og det lukta ikkje akkurat av roser, men det blir så ubetydelig samanlikna med alle dei spanande, fascinerande og unike sidene ved India. For å sitere Baboo, den norsktalande indaren eg traff på i
ein butikk i Udaipur: «In India, nothing is impossible!». Eg skal
definitivt tilbake!
- comments
Nina Ååå! Så utrulig mykje du har opplevd! Må sei at eg e meget imponert over at du ender opp med å elske india etter så mange opplevelser, ikkje berre positive (kjenner virkelig min egen utålmodighet når eg las om post-kontoret). Ellers er det ikkje rart alle ville ta bilde med deg, du er jo nydelig<3 Fått mange indiske friare? Såg du mykje "head wagging?". Ifølge "Shantaram" er det visst en måte å "sei" mykje forskjellig på:) Kjekt å lese det du har opplevd så langt:D