Profile
Blog
Photos
Videos
Bangkok
Eg budde på Suneta Hostel i Bangkok,Thailand. Dette er rett ved den travle Khao San gata, som plasserte meg midt i smørauget av turistområdet! Dette var fyrste gong eg var heilt åleine og eg kjende at eg vegra meg frå å gå ut frå hostellet, men våga meg til slutt ut for å kjøpe meg litt mat. Eg sa til meg sjølv at eg berre skulle gå rett ut og så komme tilbake igjen, men idét eg kom ut i gatene kjende eg meg med eít betrygga og ikkje minst fascinert over alle bodene, maten, lydane og musikken som omringa meg på alle kantar. Det var ikkje så skummelt som eg hadde forestilt meg, og eg enda opp med å vere ute i fleire timar før eg vendte heim igjen.
Opphaldsrommet på Suneta var ein flott plass å møte andre reisande, og eg vart raskt kjend med Callum frå Skottland. Saman reiste vi på ein 'hopp på/hopp av'-ferjetur, for å utforske litt av det Bangkok hadde å by på. Wat tyder tempel, og nokre av dei vi såg var Wat Phra Kaew (Temple of Emerald Buddha), Wat Arun og Wat Pho (Temple of the Reclining Buddha). Det sistnemnde tempelet inneholdt ein 45 m. lang statue av (ja, du gjetta det sikkert) ein kvilande Buddha som fylte heile rommet!
Det var fleire som var ute etter å "hjelpe" uvitande reisande i denne travle turistgryta. Heldigvis lot vi oss ikkje lure, sjølv om det var nære på! Vi skulle besøke «Grand Palace», men blei stoppa utenfor av ei kvinne som var smart kledd i uniform med tilhøyrande namnelapp. Ho kunne fortelle oss at det var store folkemengder der den dagen, og at dei hadde stengt av for publikum for ein kortare periode. Vidare kunne ho anbefale oss å sjå nokre av dei andre landemerka, og så heller komme tilbake litt seinare. Beleilig plassert litt bortenfor stod det ein sjåfør klar som kunne ta oss til alle desse plassane for ein liten pakkepris. Vi lukta lunta og takka høflig nei. Nokre andre eg snakka med hadde opplevd det same, men dei hadde blitt tilnærma av ein hjelpande professor, og fått ei skikkelig utskjelling av tuk-tuk sjåføren når dei høfleg avslo tilbodet. Ein anna kar hadde latt seg lure og hadde køyrt rundt i 2 timar i Bangkoks gater! På vegen tilbake fikk vi med oss solnedgongen, som farga Bangkoks himmel og tempel i vakre fargar. Seinare på kvelden gikk vi ut og tok oss ein øl.
Skotten reiste heim og eg slo meg raskt saman med tre andre; Mitchell frå Hawaii, Anthony frå Australia, Philipp frå Tyskland og Steph frå England. Saman gjorde vi gatene i Bangkok utrygge! På oppfordring frå Mitchell(den meir vågale av oss i gruppa), byrja vi kvelden med å forlyste oss over ei tralle på gata som bestod av diverse frityrstekte insekter! Eg varma opp med ei skei med sprø larver, før eg heiv meg over hovudretten, som var grashoppe! Til dessert vart det skorpionhale. Det smakte eigentleg ikkje så gale, og eg kunne ikkje skilje insekta frå kvarandre basert på smak åleine, då alt hadde blitt dyppa i det same krydderet, men kvalmande var det! Aldri før har eg kunne sagt,og helst aldri igjen, at eg har hatt eit grashoppebein sittande fast i tanna!
Fredags ettermiddag reiste eg og karane i gruppa til Ancient Siam. Dette er ein stor park forma som Thailand, der Lek Viriyaphant har samla miniatyrar av dei ulike templa og statuane som er å finne i Bangkok. Det låg eit stykke utenfor bykjerna, så det tok to taxi-turar og ein togtur for å komme fram, men det var absolutt verdt det! Vi fikk leige golfbilar, som gjorde opplevinga dobbel så morosam, og vi var praktisk talt heilt åleine! Turen heim vart litt meir komplisert, då det var køar overalt grunna ei bilulykke på motorvegen. Sjåføren vår måtte fyrst køyre oss ca.40 minutt i motsatt retning, før han kom seg inn på rett rute igjen. Togturen gikk knirkefritt, men så var det å komme seg det siste stykket tilbake til Suneta. Grunna demonstrasjonen som pågikk i Bangkok, var det ingen som ville køyre oss, og dei som ville, skulle ha meir enn det dobbelte for å ta oss dit. Nokre sjåførar vart mest aggressive då vi sa kor vi skulle, og køyrde avgarde fortare enn svint. Til slutt måtte vi berre betale det dei forlanga, om vi skulle ha noko håp om å komme oss heim att. Demonstrasjonen som pågikk medan eg var der, var grunna at folket i Thailand ville at den rådande statsministeren og hans regjering skulle avsetjast, då dei meinte at den var korrupt. Det var ein omfattande demonstrasjon, som pågikk i fleire veker, men eg merka ikkje noko til den anna enn på trafikken.
Neste kveld stakk vi på byen igjen og enda opp på eit "ping-pong" show i China Town. Eg hadde aldri høyrt om dette før eg kom til Bangkok, men oppfatta det som noko ein berre måtte få meg seg. For dei som ikkje veit kva det er...så finn ut av det sjølv- og spør du meg; det du ikkje veit har du ikkje vondt av!
Chiang Mai
Laurdags ettermiddag var det avreise mot Chang Mai med overnattsbuss. Det florerte mange rykter om kva som foregikk på desse bussane, blant anna at dei dopar deg gjennom ventilasjonsanlegget for så å rane deg! Eg vart heldigvis ikkje utsatt for noko av dette, men det betyr ikkje at det gikk heilt knirkefritt heller. Eg havna(som vanleg) bakerst i køen, så når eg kom meg på var alle dei beste setene tatt. Dermed endte eg opp fremst i bussen ved eit bord, i ein 4-seters. Alternativet var å sitte med ei som hadde spysjuka. Beinplass var ein luksus eg berre kunne drøyme om(sjølv med mine korte bein), og eg enda ofte i ufrivillig "beinflørting" med den 50 år gamle koreanaren ovenfor meg. Midt på natta stoppa bussen i ingenstads og tok på to til. Eg sa kanskje at eg fikk den verste plassen i bussen? Rettelse: Han som no måtte sette seg i det siste ledige setet ved siden av meg, fikk den verste plassen! Han vart plassert i midten mellom oss fire som satt langs fronten. Han hadde ikkje noko bord å lene seg på, han var for høg til å nytte seg av ryggstøtta, og hadde beina til ein frimodig koreanar nermast i fanget! Det vart svært lite soving på den nattbussen, men bak skyene er himmelen alltid blå, og eg endte opp med å tilbringe alle dagane i Chiang Mai med mine naboar frå bussen; Marianne frå Frankrike og Martyn frå England, pluss kompisen hans Matty. Det er rart å tenke på korleis ting ordnar seg!
Chang Mai var ein liten by samanlikna med Bangkok, og på alle gatehjørner kunne ein finne pubar, restauranter og massasje-sjapper. Den fyrste dagen vi var her, booka vi oss massasje, noko som vart ei litt rar oppleving! "Massasjerommet" var fire samanslåtte senger, så vi låg der alle fire og vart knadd, strekt, og bøgd i uante retningar, medan våre knisande massøser prata i veg(om oss?) på Thai! Eg trur eg var meir sår etter den massasjen enn eg var før eg fikk den! På kvelden stakk vi på eit kjøpesenter og åt middag på ein restaurant der.
Neste dag tok vi ei utflukt til Chiang Mai Elephant Camp. Fyrst hadde vi opplæring, der vi fikk prøve å klatre opp på elefantane og styre dei i ulike retningar med nokre enkle kommandoar. Deretter fikk vi ri på kvar vår elefant på bar rygg. Det overraska meg kor ru huden var, og håra kjendes som skjeggstubbar! På slutten av turen fikk vi bade elefantane våre. Til dette brukte vi bambustre som skumma i kontakt med vatn, og som verkar som insektsavstøytande for elefantane. At ingen av oss vart sjuke etter dette er heilt utruleg, der vi bada i eit svart-brunt vatn, saman med fem elefantar, og fleire flytande elefantruer på størrelse med basketballar! Særskild etter vannkrigen som vart starta, der det vart umogleg å ikkje smake på miksturen! Som avslutning vart det diplomutdeling for fullført kurs. Seinare den same dagen besøkte vi ein dyrehage og fikk klappe vaksne tigrar. Det var utruleg å få komme so nære innpå desse vakre dyra, men det vart ei blanda kjensle då eg tenkjer at dei må ha fått noko avslappande, med tanke på kor rolege dei var.
Det var populært med ein kontaktsport kalla Muay Thai i Chang Mai, så vi bestemte oss for å få det med oss når vi fyrst var der. Kamp-arenane var i eit svært rom, med bokseringen i midten. Bak oss satt det eit "band" og spelte roleg, mest tradisjonell musikk. Det kjendes ein smule malplassert og eg motstod fristelsen til å kjøpe CD-en deira! Sjølve boksinga var ikkje noko som fenga meg noko særleg, men pauseunderhaldninga derimot, var noko heilt anna: Fleire karar kom inn i ringen, og fikk bind for auga. Dommaren blåste av, og dermed starta det dei kalla "blind fighting". Dei såg ut som hodelause høns der dei virra rundt og slo om seg, og fleire slåss mest mot sin eigen skugge enn dei gjorde motstandarane. Etter kampen reiste vi ut på by'n og var på ulike uteplassar. Å balansere seg over (ekstra)skitne hol i bakken, med "alibaba"-bukse på, og ei aning i promille, er ikkje lett! På veg heim møtte eg og Matty på to vakre "lady boys", som tilbydde seg å køyre oss heim på scooteren, då vi hadde gått oss litt vill. I ettertid er eg klar over at det ikkje var det smartaste vi kunne ha gjort(ho som køyrte Matty hadde andre planar i gjære enn berre å køyre oss heim), men vi kom oss vel fram og det vart eit minne for livet! Den siste dagen vår i Chiang Mai, tok vi ein tuk-tuk til ein park som låg eit stykke utenfor vår bydel, og slappa av i sola, før vi tok farvel og eg tok ein buss vidare nordvest mot Pai.
Pai
Pai er ein liten fjellandsby som er kjend for å vere litt meir avslappa og med eit meir hippie-preg over seg enn resten av Thailand. Her traff eg igjen Anthony frå Australia, og saman med ein gjeng frå hostellet, leigde vi mopedar og utforska dei ulike utsiktspunkta og fossane i området. Eg sat bakpå med Anthony, og som eg sa til han; eg kan kun beskrive det som skummel moro! På vegen heim igjen kom vi over ein plass som serverte gratis smaksprøver av tørka frukt og juicer som dei hadde laga sjølv.
På kvelden gikk eg og Anthony på marked og smakte alt det dei hadde av mat. Eg prøvde òg frityrstekt iskrem for fyrste gong, som smakte heilt herleg! Pai var utruleg vakkert, men eg sakna Bangkok og reiste tilbake nokre dagar tidlegare enn planlagt.
Tilbake i Bangkok
Eg booka meg inn på det same hostellet, og akkurat som sist vart eg fort kjend med flotte, nye menneskjer. Medan eg sat i opphaldsrommet og venta på å få booke inn, byrja eg å prate med ein anna som òg sat og venta på rommet sitt. Han heitte Kemar og var frå Canada, og nokre timar seinare var vi på veg til søndagsmarkedet med Chetan frå England og ein anna frå Sør-Korea. Vi tok òg turen til eit av Bangkoks store kjøpesenter. Seinare på kvelden hadde fire blitt til ti, og vi var på veg ut i Khao Sans gater. Saman et vi middag, tok oss nokre øl og stakk ut på nattklubb.
Eg avslutta opphaldet mitt i Thailand i Bangkok etter 14 flotte dagar. Det viste seg at Kemar hadde same reiserute som meg, så vi slo oss saman og reiste vidare med fly til Siem Reap i Kambodsja.
- comments