Profile
Blog
Photos
Videos
Siem Reap
Mandags morgon reiste eg og Kemar litt småstressa til flyplassen i Bangkok, då vi hadde feilberegna tida vi trengte for å nå fram i tide. Vi rakk heldigvis å sjekke inn, men måtte deretter springe til gaten etter å ha sett feil på klokka når vi åt frukost. Latterfulle, rakk vi akkurat fram og kom oss med på bussen som skulle køyre oss ut til flyet. Komikken fortsatte då bussen(fullsatt med småsvette reisande) køyrde ut til flyet; stod der i ca. 10 minuttar utan å late opp dørene, for så å køyre tilbake til 'gaten'. Her vart vi satt av igjen utan å få nokon forklaring på kva som foregikk. Etter omtrentleg 1 time vart vi køyrd ut igjen til eit nytt fly og var dermed raskt i lufta, avgarde til Kambodsja.
Vi hadde gjort litt research medan vi sat på flyplassen i Bangkok, og hadde funne eit hostell kalla "Mad Monkey Hostel" som hadde fått bra anmeldelser. Då vi kom fram var det diverre fullbooka, men dei hadde eit rom ledig på søsterhostellet "Smiley Hostel", som var eigd av familien som budde der. Det var ikkje like bra, men det fikk duge. Etter å ha avlevert bagasjen tok vi oss ein tur tilbake til 'Mad Monkey Hostel'. Vi fann vegen opp på taket, som var dekka av sand, og bestilte ein hamburger til 30 000 kambodsjanske riel! Gløymde forresten å nemne at vi var millionærar i Kambodsja!
Ved frukostbordet neste morgon, byrja vi å planlegge dagen og booka ein dag med 'ziplining' i Angkor park, med det annerkjende selskapet "Flight of the Gibbon". Dette er ein aktivitet der ein heng i ei line opp til 50 meter over bakken og sklir frå tre til tre. Eit par som hadde den same tanken, var Sara og Riley frå Australia. Vi tilbrakte dagen saman i parken og gikk så godt overeins at vi utforska Angkor Wat saman neste dag. "Tempelet i Angkor", som det tyder på khmer, er det mest berømte tempelet i ruinbyen Angkor, og det ligg nokre kilometer nord for Siem Reap. Tempelkomplekset ble bygd av kong Suryavarman II (1113-50) som ein hinduistisk helilagdom for guden Vishnu og forestilte det hinduistiske universet. Vi fikk òg sjå det berømte tempelet frå filmen "Tomb Raider". Det var ingen vakter eller sperringar, så vi kunne gå akkurat der vi ville og kunne klatre på- og inn i bygga. Naturen hadde for lengst lagt sitt krav på templa, og tre og greiner omslynga ruinene. Det var eit storslått syn!
På kvelden gikk vi ut og utforska byen, med sine utallige marked, yrande natteliv og naut(?!) ein smertefull, men effektiv massasje,
Phnom Penh
Etter nokre kjekke og begivningsrike dagar i Siem Reap, tok vi bussen sørover til hovudstaden Phnom Penh. Vi booka oss inn på 'Monkey Hostel', og etter ein god middag, gikk vi ut og utforska byen. Phnom Penh var heilt annleis frå Siem Reap, både med tanke på størrelse og sjarm. Det var kjøpesenter, moderne butikkar og restauranter over alt, og i det store og heile ein mykje meir travlare by enn rolege Siem Reap.
Kratie
Kvinna eg bestilte bussbilletten min med hadde sagt det kom til å ta omtrentleg fire timar frå Phnom Penh i sør opp til Kratie i øst. Difor hadde eg ikkje kjøpt inn noko sørleg av drikke eller mat til bussreisa, og var ikkje forberedt på dei 12 TIMANE det eigentleg tok! Heldigvis hadde eg ikkje klokke på meg, og sov store delar av turen så det gikk fortare enn ein skulle trudd. I tillegg elskar eg å sitje på buss og sjå på landskapet medan det passerar. Då eg ankom Kratie vart eg møtt av eit par som tilfeldigvis jobba for hostellet som eg hadde booka med, som viste meg vegen.
Den vesle byen er hovudstaden i provinsen Kratie og ligg på bredda av Mekongelva. Byen var dominert av ein sentral marknadsdsplass omringa av gamle, franske bygningar frå kolonitiden. Elvestrekninga nord for byen er heim for ei lita gruppe sjeldne Irrawaddydelfiner, og dagen etter bestilte eg ein båttur ut for å sjå på desse flotte dyra.
Tidleg om morningen vart eg henta av ein kar på scooter som køyrde meg til båtkaia. Både på vegen fram og tilbake vart eg avhøyrd om alder, sivilstatus og fikk høyre det vanlege "You're name is Sun? Then I'm Moon!".
Vel framme fikk eg ein trebåt heilt for meg sjølv, med min eigen båtførar. Sola skein og det var rein idyll å sitje i båten og nyte utsikta. Vi haldt stadig augene opne for delfinane, men eg fikk kun sett dei på avstand nokre få gonger. Til tross for dette var det ein vellukka dag. Seinare på kvelden var eg ute og et middag og kom i snakk med ein eldre brite. Vi hadde ein lengre samtale om diverse reisemål i Asia og kvar eg kunne ta turen etter Kratie. På dette tidspunktet hadde eg fortsatt ikkje bestemt meg for om eg ville reise vidare opp til Laos, eller sørover til Vietnam. Før han gikk hadde han i betalt for middagen min, men eg såg han aldri igjen så eg fikk ikkje takka han.
Den neste dagen tok eg ferja ut til øya Koh Trong som ligg fem minuttar utenfor Kratie. Øya var ikkje så stor og born og vaksne smillte og hilsa nysgjerrig idét eg gikk forbi. Trehusa var bygd høgt over bakken og var i bunn og grunn éit stort rom som heile familien delte. I hagane gikk høns og andre dyr fritt i dei grøne omgivnadane. Eg vandra til enden av øya, men på vegen tilbake åpna himmelen brått og utan forvarsel, alle slusar, og eg måtte springe og søke ly under ein presenning. Alle dei innfødde hadde forsvunne inn i husa, så eg stod der åleine medan regnet hamra ned rundt meg(og gjennom det svære holet i "taket"). Heldigvis var det nokon som forbarma seg over meg, og eg vart vinka over i huset rett over vegen. Eg var ikkje sein om å be, og sat snart i trappa ved dørinngongen, saman med ei litt eldre jente og tre mindre born. Dei snakka ikkje engelsk, så det vart mest smil og knising. Eg trudde aldri uvéret skulle ta slutt, men det letna heldigvis nok til at eg kom meg tilbake til ferja som tok meg over til fastlandet igjen. Det er i slike stunder ein tenker "hjem, kjære hjem", og helst vil ta seg ein varm dusj og slenge seg i senga, men det er ikkje slik det er når ein er backpacker og har berre betalt litt over 20 kroner for overnatting. Litt kald og våt, stod eg der i "dusjen" i hjørnet av badet rett ved toalettet. Lyset hadde gått, men det gjorde det berre mindre ubehagelig, då det betydde at eg ikkje kunne sjå spindelveva og skiten som pryda veggane. Herleg!
Tilbake i Phnom Penh
Eg bestemte meg til slutt for å følgje min originale plan om å reise til Ho Chi Minh i Vietnam, og deretter opp kysten til Hanoi. Det er kun nokre få grenseovergongar frå Kambodsja til Vietnam og eg valgte dermed å reise tilbake til Phnom Penh for å krysse grensa over til Ho Chi Minh City. Med den forrige bussturen i tonkane, betalte eg litt meir for returbilletten for å ta ei meir direkte rute. Eg enda dermed opp åleine i ein minibuss, saman med tre tenåringsgutar bak meg som sat og knisa og halvvegs prata til meg/om meg på dårleg engelsk. Turen som var lova å ta færre timar enn turen opp til Kratie , enda opp med å bli nesten like long og eg kom fram til at dei ikkje har eit veldig strengt tidsbegrep i Kambodsja.
Framme i Phon Penh tok eg meg inn igjen på det same hostellet og gikk så ut og satte meg på ein kafé i nærområdet. På vegen tilbake, klarde eg sjølvsagt å gå meg vill, men eg nekta å innrømme nederlag og prøvde til inga nytte å finne vegen tilbake. Til slutt måtte eg finne fram GPS'en og då viste det seg at eg hadde gått i ring rundt hostellet og at det var rett rundt hjørnet. Retningssansen min har tatt ein seriøs støyt på dinna turen, altså!
Neste morning reiste eg vidare med buss til Vietnam.
- comments