Profile
Blog
Photos
Videos
San Diego
Eit av dei reisemåla eg gleda meg mest til før eg reiste heimafrå var USA. Etter å ha reist rundt i Afrika og Asia i litt over to månader så er det ei totalt anna reise eg har begitt meg ut på dei neste 24 dagane. Eg har vore på reisefot sidan slutten av oktober. Eg har ete mat der rotter har sprunge mellom beina på meg, eg har ete larvar, skorpionhale og grashoppe frå boder på gata og eg har latt "naturen kalle" på dei mest unemnelege skitne toaletta (somme som eg ikkje ein gong veit om kan kallast toalett)- til tross for alt dette og ein god del anna har eg vore så heldig at eg har holdt meg heilt frisk. Eg ungikk til og med den berykta Delhi Belly i India. Morningen då eg har ein 18 timers flytur til LA og deretter ein 3 timers togtur til San Diego bestemmer kroppen min seg for at det er på tide å svikte. Heile flyturen sliter eg med feber, kvalme og verk i kroppen. Heliggrisen som fikk sitte ved siden av meg gjorde sitt beste for å passe på at eg hadde det bra! Denne sjuka vart diverre med meg inn i det nye året. Til tross for dette våga eg meg ut på nyttårsafta med Yeongyu frå Korea, og May frå Canada frå hostellet mitt og vi feira det nye året på ein uteplass i Gaslamp District i San Diego- eit område som minna meg utruleg masse om torgallmenningen i Bergen. Heldigvis ga sjuka seg og eg fikk nyte ei god veke i solfylte San Diego. Gjennom ei side på nettet kalla Couchsurfing, der reisande kan treffe kvarandre og dei lokale, vart eg kjend med Manny som var så generøs at han viste meg rundt i byen og området rundt. Eg fikk sjå delfinar som surfa på bølgene i eit område kalla Torrey Pines, som òg viste seg å vere ei nudiststrand (vi heiv oss ikkje med), vi gikk på tur i eit skogsområde litt utenfor byen og saman med Yeongyu besøkte eg "Old Town". Dette var den fyrste Europeiske busetjinga på vestkysten av USA og vart grunnlagd av Gaspar de Portolà i 1769.
På reisa mi gjennom Thailand, Kambodsja og Vietnam, men dette har ikkje vert like lett her i USA. Grunna eg ikkje likar å planlegge så langt fram enda eg opp med å bu på tre ulike hostell i løpet av 1 veke! Dei fyrste dagane budde eg midt i Gaslamp disktriketet og deretter budde eg i Little Italy. Dette var favoritt hostellet mitt då det var ei utruleg god stemning blant folka her og kvar kveld når klokkaringte fikk vi servert heimelaga middag. På slutten av opphaldet mitt flytta eg til Little India som var den verste plassen eg har budd på hittil. I alle fall ein god andre plass etter hostellet som eg budde på i Kratie i Kambodsja. Det var egentleg ikkje noke i vegen med rommet mitt og det var eit greit nok nabolag, men det var meir det at eg hadde ei kjensle av å vere heilt åleine som var uvant etter nokre måneder med folk rundt meg 24 timar i døgnet. I tillegg var eigaren ein smule GAL! Lady ? var ei afrikansk amerikansk dame med eit skeptisk og kynisk syn på livet. Før eg fikk nøklane til rommet måtte eg gjennomgå eit intervjue, men eg bestod tydelegvis då ho sa eg virka som ei grei jente Ho spurde meg i tillegg ut om dei andre hostella eg hadde budd på, då ho eigde eit av dei aller fyrste hostella som var blitt etablert i SD og ho kunne ikkje forstå kvifor dei hadde fleire gjestar enn ho. Då Karim, kom for å hente meg, utsatte ho han for ei tredjegrads utspørjing om kven han var og kva han gjorde i USA og rett før han kom hadde ho fortalt meg at ho kom til å ta bilnummeret hans. Akkurat dette syns eg det var ei viss tryggleik i. Ho hadde visst opplevd å få politiet på døra då ei jente som hadde budd med ho forsvann. Til tross for alle desse mindre positive sidene, så skal det seiast at ho var ei livleg og interessant dame som virkeleg brydde seg om dei ho hadde buande i kjellaren sin. For å sjå det positive ved det, så fikk eg i alle fall sett ulike sider ved byen!
Ein av dei siste dagane mine i SD vandra eg rundt og gjorde litt meir sightseeing i byen. SD er primært ein militærby, og nede ved havna ligger det fleire svære skip som vart brukt i andre verdskrig, og det står óg ein stor statue av som er eit ikonisk bilete frå denne dagen: "The Kissing Statue", av sjukepleiaren som vart omfavna ein sjømann som kom i land.
Etter å ha vandra litt rundt satte eg med ned på Starbucks for å få litt WIFI og lade mobilen min. Medan eg gjorde dette kom det bort ein kar og lurte på om han kunne få låne ladaren min litt, noko som han fikk. Dermed var det gjort! Han byrja å prate i veg om alt og ingenting og førte nermast ein samtale med seg sjølv, då han nermast kviskra, men søkte stadig bekreftelse frå meg om eg var enig i det han sa. Eg fikk ei kjensle at han var høg på eit eller anna...eller GAL!
Los Angeles
Under mitt opphald på hostell nr.2 traff eg Karim, frå Jordan. Han tilbydde meg å sitte på til Los Angeles, noko som eg takka ja til då eg ikkje likte tanken på å ankomme Englenes By heilt åleiene. LA er ikkje ein enkel by å utforske utan bil då det offentlege transportsystemet er ei plage å bruke dersom man ikkje er forberedt på å sitte fleire timar på buss for å kome seg nokon stad. Fyrst tok vi ein tur innom Downtown LA. Detter er ikkje eit område ein vil bruke for masse tid i, og i alle fall ikkje på kveldstid. Gjengkriminalietet, fattigdom og heimlause pregar byen, som blir ironisk nok blir kalla The City of Dreams grunna at Hollywood ligg her, som diverre òg er rota til utallige knuste draumar. Etter eit kort opphold her, reiste vi til Santa Monica Beach og vitja karusellane på Santa Monica Pier. Eg var så vågal at eg våga meg på den eine berg og- dalbana der, men det vart med den eine turen, då magasuget tok meg skikkelig i den andre runda. Dei grufulle bileta av meg på skjermen etterpå vitna om det!
Dagen etter måtte Karim reise tilbake til SD og etter at han hadde køyrt med til hostellet eg skulle bu på dei neste dagane, tok vi farvel. Nok ein gong var eg forlatt til meg sjølv. Som alle sikkert kan forstå, så er det ein markant kulturforskjell mellom Amerika og Asia, men det eg la meg i merke var at det var ein smule vanskligare å bli kjend med andre reisande enn på mi reise gjennom Sør Øst Asia. Eg kan tenkje meg at dette er grunna at i Asia vil ein vere ein "Traveler" og ikkje ein "Tourist", som gjer at man tilegnar seg den åpne sosiale kulturen som eksisterar der. Alle er vener med alle. Tilbake i Vesten blir ein litt meir tilbakehalden. Når det er sagt, så skal eg ikkje svartmale mitt opphald, då eg traff utruleg monge kjekke menneske som eg ønsker å halde kontakt med i ettertid, men det var ikkje nok å berre vere ein "felles reisande" for å komme i kontakt med andre.
Hostellet eg budde på arrangerte ulike aktivitetar og eg slengte meg meg på ein guida sightseeingtur rundt om dei mest ikoniske områda i LA. Den tyske guiden vår Mika viste oss ulike uteplassar der diverse kjendisar ferdast, og stadane der t.d Brad Pitt, Jennifer Aniston vart oopdaga og vi fikk sjå skulen som vart brukt i filmen Grease. På turen vår gjennom vår gjennom Beverly Hills såg vi huset til Michael Jackson, Elvis Presley, Hugh Heffner og Ellen Degeneres for å nemne nokre få. Til mi skuffelse var det diverre ingen kjendisar å sjå nokon stad! Medan vi køyrde delte han litt "sladder" med oss som han hadde fanga opp her og der. Vi avslutta turen med eit stopp i Venice Beach. Som ein tidlegar ihuga fan av Pacific Blue, så var det ekstra morosamt å sjå! Den neste kvelden arrangerte søsterhostellet ein karaoke kveld og eg var frampå og song "Hey There Delilah" med Parth frå India.
Las Vegas
Litt flaks må det vere lov å ha, og på slutten av opphakdet mitt i LA kom eg over ei melding frå ein kar som skulle køyre frå Los Angeles til Las Vegas og som ynskja seg selskap. Eg tok kontakt, og dagen etterpå var vi på veg til "Synderens By". Det var ein long køyretur og vi fikk god tid til å bli kjent med kvarandre. Han var frå New Zealand og kunne fortelje at han hadde sagt opp jobben og solgt alt han hadde for så å begi seg ut på ei lengre verdsreise. Ved turens ende yskjer han å slå seg ned og starte eit nytt liv, men kvar, kva og kortid har han ikkje bestemt seg for enndå. Både ein spanande og skremjande tanke! Dei seier eg er modig som har reist på denne turen, men å gi avkall på det livet ein kjenner krever verkeleg mot! All ære til han som gjer det.
Etter fleire timar i bil ankom vi Las Vegas på kveldstid og vart møtt av ein symfoni av lys og lyd. Las Vegas er verkeleg som eit leikeland for vaksne! Vi såg hotell forma som sirkus og slott, og eit anna hadde eit svært sjørøverskip i "bakhagen". Heile byen glitra av lys, fargar og lydar. Vi budde i The Statosphere som er den høgaste bygningen i Las Vegas med sine 350 meter. På toppen av tårnet er det ulike "karusellar" og ein har ei 360 graders utsikt over heile byen og vidare så langt auga kunne sjå.
Bergtatt av kveldens uendelege potensiale gikk vi ivrige mot hotellets kasino. Vi gikk inn full av pågongsmot og draumar om å vinne stort, og kom ut nokre timar seinare; nokre dollar fattigare og ein smule meir kynisk. Velkomen i rekka! Resten av kvelden (natta) festa vi vekk på hotellets nattklubb på toppen av tårnet. Ein smule redusert våkna vi neste morning og reiste på litt sightseeing. Byen er long frå like imponerande i dagslys, og mistar mykje av sin sjarm. Denne dagen fikk vi sett Hoover Dam, ein demning som ligg på gransa mellom Nevada og Arizona og som er oppkalla etter presidenten Herbert Hoover. Deretter tok vi oss vidare til The Red Rock Canyon National Conservation Area som består av raude fjellformasjonar og såg solnedgongen.
Seinare på kvelden var eg på Celine Dion konsert på Ceasar's Palace. Det var ei sterk og kjenslelade oppleving frå byrjing til slutt! Sjølv om ho er ei petite dame, har ho ein heilt fantastisk kraftfull stemme som fylte rommet. I tillegg til det, var iscenesetjinga noko av det beste eg har sett og var med på å gjere det til ei komplett oppleving! Avslutnings-nummeret toppa alt. Heva opp på ein rund plattform, song Celine Dion "My Heart Will Go On", medan vatnet fossa ned rundt ho og den vakre gallakjolen hennar flagra i vinden. Om eg var bergtatt?! Treng du spørje? Å seie at at var bergtatt ville vore århundrets "understatement"!!
Friske og utkvilte etter to netter på hotell, reiste vi vidare mot the Grand Canyon i Arizona. Det er over 400 km frå Las Vegas til Grand Canyon så vi valde å overnatte i Williams; ein liten plass som husar The Grand Canyon Railway. No var vi så høgt oppe at det var spor av snø på bakken og i tretoppane. så det var kaldt med andre ord! Grytidleg neste morning reiste vi mot Grand Canyon, og eg hadde min fyrste og SISTE frukost på McDonalds! Vel framme i Grand Canyon la vi oss ei turrute: South rim/ Angel Trail. På bussen på veg til foten av stien møtte vi eit par frå Australia, som vi tilbringte resten av dagen med. Det var eit imponerande og fryktinngytante syn å sjå dette enorme fjellområdet, og tenke på at det står som eit vitne om fleire millionar av års histore!
Vi tok turen tilbake den samen dagen og booka rom på same hotellet som Australienarane. Ut på kvelden gikk vi på Ceaser's Palace og åt ein himmelsk middag på the American Cheese Factory, før vi for ut på pub. Dagen etter tok vi farvel med Nevada og retta nasa mot LA igjen.
Tilbake i Los Angeles
Eg tenkte eigentleg å ta eit fly frå LAX på kvelden, men grunna hektiske dagar og dårleg tilgong på internett hadde eg ikkje fått planlagt noko vidare reise. Eg visste at eg ville komme meg til San Fransisco så fort som mogleg, og eg ville helst ikkje tilbringe fleire dagar i Los Angeles. Eg enda opp på flyplassen i håp om at det var eit fly eg kunne hoppe på, men det var ikkje noko ledig så eg fann vegen til informasjonsskranken for å legge ein ny plan. Eg hadde mest lyst å leige ein bil for å køyre oppover, men akkurat som då eg skulle til Las Vegas, så kvidde eg meg på dette. Difor byrja eg å sjå på bussbillettar, noko som eg fann, men då var problemet å finne ut korleis eg skulle komme meg til bussstasjonen. Dei to hyggelige damene som jobba der som frivillige, gjorde sitt beste for å hjelpe meg og dei advarte meg mot å ta buss til stasjonen då den ligger i eit farleg område (downtown LA). Samtidig visste eg at det kom til å koste meg dyrt å ta taxi dit. Akkurat då eg kjende at det var på det mørkaste, sa brått den eine kvinna at dersom eg hadde tid til å vente, så var ho ferdig på jobb om ein halvtime og kunne då køyre meg til busstasjonen. Eg var så trøytt og sliten på dette tidspunktet at eg vart heilt rørt av denne handsutrekninga! Tenk at nokon kan vere så generøse og snille! Ho fortalte meg at ho hadde ei datter, og at dersom ho havna i same situasjon ein gong så ville ho ha håpa at nokon hjalp ho på same måte. Det er no fortsatt USA vi er i, og med skepsisen lenge leve, så måtte eg gi frå meg namn og nummer til kollegaen hennar i tilfelle eg ikkje var så uskuldeg som eg såg ut til! Då vi kom fram til stasjonen (der det var fult av uteliggarar) hjalp ho meg med å få tak i billetten og gav meg i tillegg nokre flsaker med vatn som ho hadde liggande i bilen. Eg følte at ord ikkje var nok for å vise kor takknemleg eg var, og eg sa ifrå om at dersom ho eller nokon i familien nokon gong kom til Norge så måtte dei berre ta kontakt og så skulle eg gjere mitt beste for å gjere gjengjeld.
Bussen min gikk ikkje før om nokre timar (etter midnatt), Brått vakna mannen som låg på benken ved sidan av meg og hadde tydeleg forsove seg til bussen. Då han ikkje rakk den, og heller ikkje fikk refundert billetten, byrja han å kjefte og smelle, og eg kunne høyre at han mumla at han skulle "skyte dei alle sammen!". Mannen virka litt ustabil, så det var litt skremjande, men han kom heldigvis ikkje tilbake igjen. Litt seinare kom det inn ein familie med to små born. Foreldra såg ut som om dei hadde levd eit hardt liv, og frå utsjånaden til borna å dømme virka det som om det fortsatt var slik. Dei la seg til rette på golvet ved sidan av meg, ved å legge borna på eit pledd og så kobla mora inn ei stor, gamaldags datamaskin foran seg! Etterkvart ville den minste guten ha noko frå automaten, og eg overhøyrte at mora sa at dei ikkje hadde råd til å kjøpe noko. Heldiggivs hadde eg kjøpt med meg små rosinpakker for turen, som eg gav til guten. Han var tydeleg svolten for han slukte dei fort. Eg gav dei òg vatnet som eg hadde fått til å ha med meg på bussturen. Foreldra takka, og kunne fortelje meg at dei hadde vert på veg heim frå Hawaii då barnevernet hadde møtt opp på flyplassen for å ta borna. Dei hadde dermed måtte springe inn i jungelen og hadde vert der i fleire dagar før dei kom seg vidare til fastlandet. Det rysta meg å høyre historia, og eg skulle ynskje eg hadde meir mat å gi, men eg måtte etterkvart gå på bussen. Her vart eg sittande med ei artig gamal dame, og etter nokre slitsame timar sov eg tungt til vi var framme i San Fransisco.
San Fransisco
Eg ankom sunny San Fransisco akkurat idet byen var i ferd med å vakne opp, og likeins var det som om eg vakne litt til live igjen òg. Dei siste dagane på reisefot (og reisinga i USA generelt), hadde slite litt på energinivået og eg kjende at eg var sliten. Då eg ankom San Fransisco derimot så var det som om all gleda for å reise, nyfiken og entusiasmen over å vere i ein ny by og alle moglegheitane det hadde å by på, kom tilbake straumande tilbake etter ein oppfriskning på badet på busstasjonen, slik at det ytre matcha det indre, var eg på veg til hostellet som eg hadde booka rom hos. Det låg i eit område kalla Tenderloin, og det skulle vise seg å vere eit av dei meir shady nabolaga. Då eg gikk v bussen med kart i handa, såg eg sikkert litt fortapt ut, då ein eldre kar kom bort og spurde om eg trengte hjelp. Eg viste han adressa, og sendte han meg avgarde med ein advarsel om å "Gå fort!". Gå fort? "Er det langt", spurde eg naivt. "Nei, det er berre ikkje det beste nabolaget, så gå fort.", svarde han meg då. Eg la merke til at det var monge uteliggarar langs gatene, men heile den tida eg budde der så plaga dei aldri meg, anna enn litt tilsnakk av og til.
Det var herleg å vere i ein by der alt var innan gåavstand, og at det offentlege transportsystemet var godt organisert og enkelt å ta. Det var ei herleg avveksling frå Los Angeles. Noko av det fyrste eg gjorde var å gå ned til bysenteret og vandre rundt i butikkane der. Eg vart gåande nokre timar, og gjorde mitt for å gjere lommeboka lettare og sekken tyngre! Seinare på kvelden gikk eg på eit event som var annonsert på nettsida Couchsurfing, som var ein pub crawl med ei 'saks-papir-stein'-turnering som isbrytar. Eg kjende ingen, men eg sperra ute alle tankar om nervøsitet, og kom fort i snakk med ein gjeng frå England og vart seinare kjend med Moussa frå Frankrike, som budde og jobba i San Fransisco. Det vart ein kjekk kveld, til tross for at eg ikkje vann turneringa!
Den neste dagen tok eg bussen ut til det karektaristiske raude, landemerket Golden Gate Bridge. Der kunne ein lese på ulike plakatar om bygginga av denne mektige konstruksjonen, og medan eg vandra til enden og tilbake igjen hadde eg ei flott utsikt over byen og kunne sjå på båtane, og vindsurfarane og selane, som leika seg under meg.
I regi av hostellet som eg budde på, vart eg med på ei omvisning i China Town, leia av ein av dei monge hyggelege frivillige på hostellet. Vi avslutta omvisninga i ein te-butikk, der vi fikk eit "foredrag" om te av den karismatiske 70 år gamle butikkeigaren. Medan vi satt på rad langs eit bord, viste han oss korleis vi skulle behandle og forberede te på den rette måten, samtidig som vi fikk smake på dei ulike miksturane deira. Han insisterte på at vi kalla han "Uncle" og dersom han stilte oss spørsmål måtte vi alle svare "Yes, Uncle!", eller "No, Uncle!". Då han laga til ein te som skulle vere bra for libidoen, måtte alle karane reise seg og stolt og høgt gjenta etter han; "Uncle, I promise to perform in the bedroom!". Det vart ei lærerik, spanandes og ikkje minst artig oppleving. Nokre få av oss frå gruppa gikk saman etterpå og et lunsj på ein restaurant som var blitt anbefalt av guiden vår, og bestilte ulike kinesiske rettar som vi smaka på.
Fredagskvelden møtte eg ein kar frå Couchsurfing. Han ville vise meg eit utsiktspunkt kalla Twin Peaks, og vi køyrte opp på motorsykkelen hans. Frå her kunne vi sjå utover mykje av byen, som grunna det var blitt kveld var bada i hundrevis av lys. Eg takka etterkvart for omvisninga, og tok ein tidleg kveld på hostellet.
Ashbury distriktet. Det er kjend som området der hippiebeveginga fikk ei heftig oppblomstring under den såkalla Summer of Love i 1967, då studentar og unge menneskjer strømde til området. Grunna dene valdsame mediadekninga blei stadent sentrum for dei som blei kalla San Franciscos renessanse, då mengder av kunstnarar, musikarar, teikneserieteiknarar, forfattarar og andre etter kvart busatte seg i området og i omgivnadane rundt. På kvelden måtte eg Leyla og Emmi frå Sverige på hostellet deira og såg filmen "Kill Bill". Dagen etterpå møttes eg, Leyla, Emmi og Rochelle i parken Golden Gate Park og lærte oss lindy-hop av ei dansegruppe som arrangerar samankomstar kvar søndag. På mandagen skulle Leyla reise heim igjen til New Zealand, så vi møttes ein siste gong for lunsj og litt shopping. Det eg trudde var min siste dag, brukte eg på pakking og litt vandring i San Franciscos gater for ein siste gong.
Det var meininga at eg skulle reise vidare på onsdagen, men grunna snøstorm på Newark flyplass i New York, vart det utsatt til dagen etter. Eg fikk heldigvis booka ei siste natt på hostellet og var dermed avgarde til Puerto Rico på torsdagen, ein dag på etterskudd.
- comments