Profile
Blog
Photos
Videos
No sit eg på flyplassen i Johannesburg og ventar på å få sjekke inn etter endte 15 dagar i Afrika. Det har vore ei hektisk, men utrulig kjekk og begivningsfull start på mi fem måneders reise, og det er heilt uverkeleg å tenke på at det kun utgjer ein liten brøkdel av det eg har i vente! I løpet av turen med G-Adventures har eg besøkt Sør-Afrika, Botswana, Zambia, Zimbabwe for så å ende reisa i Sør-Afrika igjen. No forstår du sikkert kvifor det har vore hektisk (fem land på 15 dagar), men det skal seiast at det har vore hektisk i den mest positive forstand.
Dag 1 starta i Johannesburg, der eg møtte gruppa på 22 og eg har hatt gleda av(stort sett) å få bli kjend med nokre herlege mennesker som eg håper å halde kontakt med i framtida.Turleiaren vår Maretta var super å ha med på tur og ho var heilt fantastisk flink til å lage mat! Sjåføren vår Errol var litt skummel i byrjinga, men han mjukna fort opp. Begge er frå Sør-Afrika. Karin frå Sveits var min telt kamerat i løpet av turen. Ho beskreiv meg som sin «tent maid» på slutten av reisa (skrivefeil på Facebook), men diverre var dette ein alt for passande beskriving av kva ho var for meg. Sjølv om eg vart bedre etterkvart som dagane gikk, så var ho alltid hakket raskare enn meg om morningane og var ofte i full gong med å ta ned teltet før eg eingong hadde rukke å snudd meg! Det skal ikkje leggast under ein stol at eg var(og har vert) utrulig surrete desse dagane! Eg trur det må ha vert ein reaksjon på alt det nye og at eg vart litt overhvelma i byrjinga. Eg eg fortsatt litt overhvelma! Vilhelmina frå Sverige den fyrste eg prata med i gruppa var , som hilste på meg då eg kom frå flyplassen. Det gikk ikkje longe tida før vi oppdaga at vi deler den same gleda for synging til alle tider og vår barnslege barnehagehumor. Diverre så reiste ho vidare opp mot Nairobi etter Livingstone. Chris frå England og Christine frå Skottland gjorde Storbritannia stolt då dei slo seg laus i barane mest kvar einaste kveld/natt. Glen frå Canada vart min «knight in shining armour» då han alltid var på plass, om det så var for å følge oss til skogsdoen omringa av vilt dyreliv, bære vatnflasker, fikse kamerareimer og leie an i skumle elveleier. Jennifer og Brody frå Australia var super koselige og saman opplevde vi Okavango Delta frå fly. Sist, men ikkje minst, har vi Herr. Hannibal frå Tsjekkia og Jon og Duana frå Canada som gjorde siste halvdelen av turen veldig munter!
Fyrste natta vår i telt tilbrakte vi i Rhino Sanctuary i Johannesburg. Det vart ei brå introduksjon til Afrika, då leirplassen låg mest midt i bushen, utan noko slags form for avgjerding mellom oss og dyrelivet. Toaletta, eller «ablutions» som dei blir kalla her, låg eit godt stykke unna, så dei blei gjort i puljer. Det kan trygt seiast at det var ei smånervøs stemning der vi gjekk i nattemørkret! Eg sov ikkje særleg godt denne natta, og stakkars Karin måtte oppleve mine nattlege utbrudd, då vi begge våkna av at eg ropte om hjelp! Det vart heldigvis berre med den eine gongen :-D
Vi tilbrakte veldig masse tid i trucken vår mellom kvar destinasjon. Timane vart fylt med synging(alle var ikkje like glad for dette), kortspeling, soving og timesvis studering av det skiftande landskapet.
Det vart óg ein god del «bush pee pee stops», som Maretta kalla dei. Dette var noko som eg verkeleg hadde kvidd meg til før eg for heimafrå, då eg ikkje har gått på do utendørs sidan barneskulen, men det gikk overraskande lett! No kan eg endeleg krysse det av lista! :-P
Den fyrste kvelden vår i Botswana vart eg med på ein flytur over Okavango Delta i eit lite firemannsfly og fikk sjå elefanter og sjiraffar for fyrste gong! Dagen derpå vart vi frakta opp ei elv, ut i nett det same området som eg hadde sett frå lufta kvelden før. Eg har aldri vert i eit meir meditativt framkomstmiddel i heile mitt liv, der vi seig fram mellom siv og vannliljer i kanoar kalla «mokoros», leia av kvinner og menn kalla «polers». Etter ein avkjølande dukkert i den same elva vi nett padla på, gikk vi på jakt etter dyreliv. Vi såg sjiraffar, bavianar, sebra og opplevde elefanter på berre nokre meters avstand! På kvelden framførte våre vertar nokre songar for oss, og så song vi to songar for dei. Fyrst ein sjølvskriven versjon av «Sweet Home Alabama», der kvar av landa skulle framheve noko som særkjenner dei. Vår gikk slik:
Sweet home okavango,
Where the sky is so blue.
Sweet home okavango,
We are happy to be with you.
Sweet home Scandinavia,
Abba, fjords and carlsberg.
Sweet home Scandinavia,
You freeze your ass, but you meet blond girls.
Deretter avslutta vi med ei svært entusiastisk, om enn ustemd, framføring av «Bohemian Rhapsody». Mottakinga var lunken :-P
Før vi for vidare til neste land, overnatta vi i ved- og tok eit elvecruise på, Chobe elva. Vi såg flodhester, impala som gikk fritt saman med elefantane, krokodiller og bøffel.
Den eine av nettene i Botswana overnatta vi på ein plass kalla Planet Beobab, der vi telta under meir enn 6000 år gamle tre. Tenk på alt dei har vert vitne til!
På grensa over til Zambia snakka eg med ein gateselgar. Han meinte at han var min «brother from another mother» og at han dermed ville gi meg ein god pris. Eg påpeika at, dersom eg er som ei syster, så burde han ikkje prøve å selge det til meg, men heller gi det til meg som ei gåve! Vi kom aldri heilt til einigheit i den saka. :-P I Zambia tilbrakte vi to dagar i Livingstone, og budde på ein camp kalla The Zambezi Waterfront. Under opphaldet deltok eg på «lion encounter», som innebar at vi fikk lov å gå tur med, og klappe 10 månader gamle løver. Vi fikk alle kvar vår pinne som vi skulle bruke til å peike strengt på løvene dersom dei gav oss «the naughty look». Heldigvis vart det aldri nødvendig og vi fikk oppleve nokre fantastiske timar med desse løvene! Medan vi var i Livingstone, tok eg meg ein liten tur inn til sentrum av byen, men det var litt slitsamt, for eg fikk ikkje ta to steg utan å bli tilnærma av dei lokale som ville selge eit eller anna. Samtidig tenkte eg at det skulle bli godt å få litt åleinetid vekk frå gruppa, men eg var blitt så vand til å ha folk rundt meg at eg vart litt einsam og skunda meg dermed fort tilbake til campen. Etter endte dagar i Livingstone delte gruppa seg i to og 13 nye vart med oss vidare gjennom Zimbabwe, til Livingstone.
Ved Victoria Falls i Zimbabwe fikk eg frieri då ein av selgarane spurte kva mi «bride price» var. Han kunne fortelle at i Afrika er det tradisjon at mannen må spørje bruras far om tillatelse til å gifte seg, og han vil så bestemme kor mykje han vil ha for å gifte vekk dottera. Eg spurde om kva som skjedde dersom faren nekta, og hans svar på det var «gjer ho gravid!». Han kunne ikkje betale det eg krevde, så det vart med det.
Noko av det villaste eg har vert med på var når vi vart med ein voktar på søking etter neshorn i ein av Zimbabwes nasjonalparkar. Etter ein svært hurtig gange på kryss og tvers mellom buskene stod vi ansikt til ansikt med to nashorn,med kun nokre få meter mellom oss! På eit tidspunkt såg den eine av dei rett på meg, men dei er sjølve definisjonen på steinansikt så det var umogleg å tolke kva sinnstemning dei var i.Då kjente eg verkeleg adrenalinet bruse i kroppen! Voktaren var lidenskapeleg opptatt av denne trua dyrearten og kunne vise oss skjelett etter neshorn som har vorte drept av snikskyttarar som er ute etter horna. Det eksisterar diverre ei sterk tru på at hornet inneheld legende krefter. Han tok oss óg med til ei urgamal hole og kunne fortelje om dens longe historie, og beskreiv for oss kva dei ulike veggmålingane representerte. Deretter besøkte vi ein stamme og fikk møte stammeleiaren deira; ein sprek 82-åring. Han fortalte oss om stammen, litt om deira kultur og om då han som 20-åring kom i basketak med ein leopard! Han hadde fleire arr som bevis, og skinnet frå dyret hang rundt livet som eit jakttrofè.
Den siste dagen i Zimbabwe besøkte vi ein «pre-primary» skule (mest som ein barnehage), og fikk eit lite innblikk i kva dei gjorde for å forberede borna på skulelivet. Dei var opp til 40 born i eit lite klasserom, og det mangla ikkje på volum! Kvart av dei eldste borna reiste seg og skreik ut vekedagane, årstidene og mottoet «Every Child Matters». Deretter reiste vi vidare mot Johannesburg. Etter eit mindre motorstopp, kom vi oss tilbake til startpunktet etter 12 timers køyring. Gjett om det var godt med seng igjen etter to veker med telt!
No er eg klar for 15 nye dagar i India!
Erfaringar eg har gjort meg på turen:
- Det er ikkje skummelt å gjere «bush pee,pee stops»!
- Ikkje pirk på myggstikk i ansiktet dersom du ikkje vil bli sjåandes ut som Quasimido frå Ringeren av Notre Dame! I denne samanheng har eg òg lært at tigerbalsam er umåtelige sterke greier- ikkje smør det på i store mengder!
- Ei direkte oversetjing av mjølkesyre gir uønska assosiasjonar!
- Krokodille smakar ikkje «krokodille»!
- comments