Lalomanu, Samoa
Vi landa på Samoa kl 00.40, og vi kom fram til Taufua Beach Fales, plassen vi skulle bo, kl 03.15. Første natta sov vi i ein open fale med myggnett. Dagen etter bytta vi til ein lukka fale, for å få litt meir privatliv. Ein fale er meir som ein bungalow, og vi kunne altså velge mellom open eller lukka. Innvendig var det kun 3 madrasser på golvet + myggnett.
Sidan vi kom midt på natta fekk vi ikkje sett korleis plassen såg ut, men synet som møtte ...