Profile
Blog
Photos
Videos
AUCKLAND 02.05.10
Vi landa i Auckland på kvelden, så tok vi shuttlebus til hostellet «Fat Camel Nomads» i sentrum av byen. På bussen møtte vi Kent fra Stavanger, og han endte opp på samme dorm som oss. Etter vi hadde fått lessa av oss all bagasjen gjekk vi ut og åt ein god middag :)
Neste dag gjekk vi rundt i byen å kika oss rundt. Vi tok turen innom Skytower, der fekk vi sett heile byen. Der var også folk som hoppa i strikk frå toppen av tårnet og ned. Eg - Frøydis og Kent prøvde «skycube», der vi sat i ei kule som vart skoten opp i lufta. Det var kjempemoro! Resten av dagen gjekk med til shopping o.l.
Tredje dagen i Auckland deltok vi på ein gratis guida busstur rundt i byen. Då vi kom tilbake leigde vi ein camper van til resten av opphaldet på New Zealand.Dag fire var vi klar for roadtrip! Men først måtte vi få oversett førarkortet frå norsk til engelsk, så var vi heilt klar :) Vi brukte eigentleg heile dagen på å køyre ned til Rotorua. Vi parkerte bilen på ein bondegard for natta, følte det var trygt og greit.
Dagen etter stod det ein flokk kyr å stirra på oss, hehe. Frukost i bilen, før vi køyrte ned til «Hells Angels», som var spa og gjørmebad. Der var det berre å smøre seg inn i gjørme, og synge sangen «i bingen sitter en gris»... Etterpå gjørmebadet var det tid for spa av varme underjordiske kjelder.. Meget innbydande!Då vi var ferdige med spabehandlinga, var det tid for rafting. Høgste fossefallet var på 7 meter, litt argare enn i Valldal :) Elva var kjempeflott å rafte på, med nydelige omgivnadar.
Etter raftinga køyrte vi direkte til Taipo. Denne gongen parkerte vi bilen på eit anleggsområde, og sjølvsagt vart vi vekka av ein lastebil som skulle hente sand. Jaja, frukost i bilen før vi køyrte til Tongariro National Park. Same plass dei filma «Mount Doom» frå filmen Ringenes Herre. Ein stor naturpark med vulkanar, fjell og flott natur. Vi fekk ikkje sett noko av delane, vi holdt oss i bilen grunna sjukdom og latskap :)
Neste stopp var Waitomo- kjend for sine holer. Ildfluger, holekunst o.l var noko av det ein kunne sjå. Liv Hilde og Ellen tok seg ein tur, eg stod over pga sjukdom. Deretter køyrde vi nordover til «Hot Water Beach». Det var allereie kveld då vi kom fram, så vi parkerte bilen for natta. Morgonen etter drog vi ned på stranda for å sjekke ut dei varme kjeldene som kom opp av bakken. Vatnet som kom opp låg på ca 60-65 grader, blanda med sjøvatnet vart det ein fin temperatur. Etterpå køyrte vi straka vegen til Auckland, der vi leverte tilbake bilen. Heldigvis slapp vi nokon problem med bilen, og køyringa på feil side gjekk bra!!! No er det sol og sommar som stend for tur, Samoa next.
- comments