Profile
Blog
Photos
Videos
Vi landa på Samoa kl 00.40, og vi kom fram til Taufua Beach Fales, plassen vi skulle bo, kl 03.15. Første natta sov vi i ein open fale med myggnett. Dagen etter bytta vi til ein lukka fale, for å få litt meir privatliv. Ein fale er meir som ein bungalow, og vi kunne altså velge mellom open eller lukka. Innvendig var det kun 3 madrasser på golvet + myggnett.
Sidan vi kom midt på natta fekk vi ikkje sett korleis plassen såg ut, men synet som møtte oss morgonen var ganske så flott. Hav så langt vi kunne sjå, sol, krystallklart vatn og kvit mjuk sand. Akkurat der vi budde var det tsunamien frå 29.09.09 traff, så heile anlegget var nyopna. Familien som eig Taufua Beach Fales var kjempevennlege, og gjorde alt dei kunne for at vi skulle ha det bra :) Frukost og middag var inkl i prisen, så kvar dag sat alle gjestane rundt langbord som ein stor familie. Veldig lett å bli kjend med folk på denne måten.
Kent som vi møtte på New Zealand var også her, så vi delte fale med han.. «Jo flere vi er sammen, jo billigere blir det!!»
Første dagen låg vi for det meste på stranda å kosa oss, spelte volleyball. På kveldstid var det gjerne bål, kassegitar og allsang på stranda. Kjempekoselig!
Ein dag tok Mika (ein som jobba der) oss med på «Island Tour». Vi var ei gruppe på ca 10 stk. Første stopp var hos ein lokal familie, der fekk vi sjå kva dei sådde og korleis dei laga kokoskrem o.l. Mika klatra opp i eit palmetre og henta kokosnøtter til oss. Namnam.
Neste stopp var to grotter som vi svømte inni. Nokre av oss svømte gjennom ein undervanstunnel, og kom fram til ei anna grotte. Då vi var ferdig å bade åt vi lunsj som den lokale familien hadde laga. Ølstopp etterpå :)
Så var det vasskliene som stod for tur, kjempemoro! Ny ølstopp og bading på eit hotel etterpå, før vi stoppa ved to fossefall, og ei klippe der dei tøffaste hoppa utfor. Så var det biltur tilbake til faleane våra.
På kveldstid fulgte vi Mika til Apia og overnatta i huset hass. Neste dag skulle han nemleg klatre opp eit palmetre med «Commonwealt» pinnen. Sidan vi var med han vart vi eskortert av politiet til treet han skulle klatre i. Ein biltur på 15 min med full sirene foran oss.. hihihi
Etter palmeklatringa vart vi invitert til Milenia Hotel for litt å drikke. Der vart vi også invitert til middag attmed statsministeren av Samoa. Dessverre så måtte vi takke nei. Vi hadde rett og slett ikkje fine nok klede. Det er hardt å vere backpacker! :)
Fredagen drog heile gjengen til Apia. Der åt vi pizza på «Why Not», før vi drog vidare til partybåten «Rock Da Boat». Båten romma ca 100 stk, og der var bar og eigen Dj. Etter båten drog vi til Abriel på nachspel. Perfekt kveld, med dei beste vennane.
Kvar laurdag er det Samoan dance på beach faleane. Dansarane har på seg dansedrakter, syng og dansar til raske rytmer. Underhaldande!
Søndag 17. mai. Ja, kva skal vi seie om den feiringa? Intet tilstede? :) Vart nok ikkje noko 17. mai feiring, dagen gjekk vel vekk til, soling, bading, soling... sa ej bading? Og ja... Pakking til USA!!! :)
- comments