Profile
Blog
Photos
Videos
Heihei!
Her kjem endelig eit nytt blogginnlegg! For dei som trudde det skulle komme oftare naar Ellen kom, dokke tok feil...
Natt til 24. mars landa Ellen endeleg paa Bali. Der venta Froeydis og Liv Hilde, endeleg var reisefolget komplett! Det vart ei lang natt for Ellen og Froydis, sidan Ellen (med jetlag) maatte ha noken aa prate med. Liv Hilde sov, troett var ho. Dei foerste dagane paa Bali vart det mest soling. Det var deileg temperatur i vatnet! Liv Hilde provde seg paa surfing, rett flink var ho!
26. mars leigde vi oss ein sjaafor som koeyrde oss litt rundt paa Bali. Foerst koeyrde han oss til eit fossefall. Fint og flott var fossefallet, men vi har sett finare i heimtraktene. Etter vi hadde sett oss ferdig reiste vi til monkey forest i Ubud. Det er ein jungel med mange apar i alle fasongar og storrelsar. Midt inni jungelen er det eit tempel med apar. Vidare var vi koeyrd nord for Ubud til ein risaaker. Her var det fin utsikt over gronne og frodige risaakrar.
27. mars reiste vidare til Gili Trawangan. Det er ei oy uttafor Lombok. Her er det ingen bilar eller motorsykklar, berre hest og kjerre. Ingen var foerebudd paa den kinareisa! Foerst var det buss i 1,5t, ferge i 5t, deretter buss i 1,5t paa den mest kronglette vegen nokon gong. Til slutt longboat i 30 min. Endeleg var vi framme og tok inn paa et ganske ekkelt gjestehus. Men kva kan ein forvente for under 40 kr for tre personar? Her var det saltvatn i dusjen, ingen vask, og tre svaere ekkle edderkoppar i taket. Vi kom fram ganske seint, saa det einaste vi gjorde var aa ete mat foer vi gjekk aa la oss. Dag to paa Gili sjekka vi inn paa eit fint hotell. Litt luksus maa ein jo ha! Denne dagen brukte vi til aa slappe av med bassenget. Paa kveldstid for vi ut og aat og Ellen og Liv Hilde saag film i ein kinosal paa stranda. Ein av dagane leigde vi oss sykkel og sykla heile vegen rundt oeya. Dette brukte vi ca 45min paa. Dagen etter tok vi samme ruta og brukte samme tida paa aa jogge. Gili var ei lita soet oy, men fem dagar var meir enn nok.
1. april reiste vi tilbake til Bali. Den siste dagen i Asia tilbrakte vi paa stranda og kvelden 2. april gjekk ferda til Australia! Etter ein og ein halv maande i Asia var vertfall Liv Hilde og Froydis lei av alt maset og oppfoerselen til nokre av dei lokale. No skal det bli deileg med noko nytt!
Stor klem Liv Hilde, Ellen og Froeydis!
- comments
Marie Kjekt å høyre frå dykk. Men det er no berre på Facebook ein har sjansen til å keep up with you. Så skal eg få sjå nokre av dei fine bilda dykkar, så veit eg kva eg må gjere! Ha det fint alle 3.
Frøydis Heisann :) Skal legge ut litt bilete her på bloggen også.. Har vore ganske sløv, men dataen og blogg er ikkje alltid første prioritet :)