Profile
Blog
Photos
Videos
Hei til alle!
Eg tenkte eg ville skrive eit fort innlegg om siste veka i India. Som eg skreiv sist saa reiste vi til Hampi, ein liten landsby som er mest kjent for sine ruinar av eit hindurike, samt for sitt flotte landskap. Eg likte meg veldig godt i denne avslappande byen. For aa gaa heilt inn i avslappande stille valgte vi ein formiddag aa ta nokre yogatimar. Vi blei fulgt til ein stille og kjoelig plass i ruinane, med ein liten dam foran oss som einaste utsikt. Vi hadde ettertrykkelig spurt etter ei fysisk form for yoga, ashtanga yoga, men fekk selvfoelgelig undervisning i alt anna enn det. Foerst blei vi i ein halv time undervist i filosofien bak yoga, og yogamesteren blei fort hissig naar vi ikkje klarte aa svare paa dei enklaste spoersmaala ang. grunnleggande fysikk - korleis ein faar ein partikkel til aa rotere osv. Det blei ei pinlig stund med utspoerring, og laeraren konkluderte til slutt med at "you don't have the capability to understand, so let's just get started...". Og det vi starta med, det var aa skulle sitte i 20 minutt (!!) og lage AOOOooooooommmmmm-lydar i kor. Akkurat den oevelsen var litt vanskelig aa gjere i fullt alvor til aa starte med, men etterkvart blei det faktisk veldig bra og dei to timane vart til ei god stund. Vi fekk streng beskjed om aa gjere oevelsane baade morgon og kveld i mangfoldige dagar, og saa kunne vi trappe ned etter det. Det blei med dei to timane for no. :)
Ellers saa er Hampi plassen for klatrelystne folk, som har buldra mykje i sitt liv. Eg gjekk ein dag til plassen der klatrarane budde og skilte meg med det samme ut ved at eg ikkje kom med ei stor madrassmatte paa ryggen og hadde null skraper paa kroppen. Det er jo ikkje noko kurs i buldring, og ein maatte ha eige utstyr medbrakt, saa eg fikk ikkje proevd ut ferdighetane mine. Men eg hang no ut opp i fjella i nokre timar og saag med store auge paa dei som kravla seg oppover dei enorme steinane og hoppa kontrollert ned paa madrassene sine etter aa ha naadd toppen. Eg klarte ikkje heilt aa sjaa for meg meg sjoelv gjere det samme, sjoelv om dei andre eg moette der meinte at eg ville komme tilbake om tre aar og gjere det. Lett. Uansett, eg hadde ein nydelig dag blant sju meter hoege steinar og rismarker og stillhet. Seinare samme dag blei eg og dei to andre vist inn til eit fossefall, og bada i deilig, friskt vatn foer vi naut solnedgangen. Og! Eg fikk vere tuktuk-sjaafoer, og det kledde meg. :)
Etter fire dagar i Hampi blei vi noedt til aa reise vidare mot Chennai. Vi hadde en formiddag i storbyen Bengaluru foer vi skulle fly vidare. Her hadde eg ein fantastisk flott formiddag. Det var soendag, saa byen vaakna seint - men likevel var det selvfoelgelig folk overalt. Foerst spiste eg frukost ilag med menna ved ei av dei mange mattrallene - fikk smakfull ris med forskjellige sausar. Eg stod der i ei gruppe pa tjue menn og fekk mange anerkjennande haudenikk til fra side til side (som inderar gjer heile tida, og er ein hoeflig gest) for at eg proevde ut den gode maten - og samtidig trur eg dei synes eg saag litt kloenete ut nar eg proevde aa hive risen inni munnen med fingrane. Eg grisa like mykje som alle dei andre, og fekk klar instruks om aa vaske ansikt og hender naar eg var ferdig. Etter dette gjekk eg vidare langs gata og slo meg ned med den naermaste chai-wallaen, og fikk et lite glass soet te og igjen masse oppmerksomhet. Eg gjekk rundt i fire timar utan aa moete ein einaste utlending - kun meg og India :)
Daa vi hadde fly ut av India fraa Chennai var vi jo noedt til aa reise dit. Ikkje reis dit viss du kan la vere. Berre ein ekkel by, med ingenting aa vise fram. Eg tilbrakte siste natta der aleine paa eit dritthotell, og maatte derfor dele seng med bedbugs. Eg mislikar sterkt bedbugs! Foerste gong eg oppdaga desse krypa var i Goa - og den natta satt eg som en gal person paa gulvet i ni timar med haudelykta tent, mens eg annakvart minutt inspiserte senga og hullet i veggen som eg var overbevist om at insektet budde i. Eg var i moerkets lange timar overbevist om at dyret satt og venta paa at eg skulle legge meg til aa sove, for saa aa komme ut og nyte et bedre maaltid. Det hjalp heller ikkje paa saken naar eg slo opp paa insektsbitt i reiseboka, og der staar skrive at dyra "comes out at night, to feed on you"!!. Det burde jo vere strengt forbudt aa skrive ei sann setning. Foelte meg likevel litt patetisk naar sola stod opp og eg fortsatt ikkje hadde sove. Dei to andre sov trygt i og med at eg stod vakt heile natta. Tenk kva som kunne skje viss eg ikkje hadde holdt vakt. Haha. Men det var i Goa. I Chennai klarte eg meg litt bedre - ba om aa faa eit reinare rom, drakk to Kingfisher og klarte i det minste aa ligge i senga heile natta. Pyse-Therese.
For eit par dagar sidan kom eg til Bangkok, og det var virkelig som aa komme tilbake til verden. Eg huskar kor kaotisk eg syntes Bangkok var daa eg var her for fire aar sidan, mens eg no oppfatta den som stille og behagelig. Eg merka ikkje ein einaste hump i veien fra flyplassen og inn til Khao San Rd! Ein trenge ein ferie etter aa ha reist i India - saa aa komme til fest i backpacker-gate var veldig bra no. :) Og saa var det selvfoelgelig utrulig artig aa moete Andrea og Trine!
Eg har jo "gjort" Thailand foer, saa derfor tenkte eg jo egentlig berre aa bruke Bangkok som eit utgangspunkt for aa reise vidare til andre land. Men eg endte med aa bli med jentene til fullmaanefest, for saa aa reise vidare til Krabi for klatrekurs og dykking. :) Kambodsja, Laos og Vietnam maa bli ein anna gong. Eg er ikkje sikker paa om eg har tatt riktig beslutning, men det blir eg jo aldri... :) Eg reiser uansett til Krabi i kveld, mens Andrea og Trine reiser til Koh Tao (som eg var paa for fire aar sidan).
Therese
- comments
Papz Fortsatt god tur Therese, dette kunne eg tenkt meg å vert med på :-) Spesielt bedbugsa......
Siri Eg skal no vertfall faa fram at eg IKKJE sov godt den natta eg heller Therese!:)
Lea Hej Therese. Det hele lyder så spændende og også skønne billeder.. Jeg har kun et ønske - lidt dansk ville være godt :-) Stort knus!!