Profile
Blog
Photos
Videos
Hallo :)
Eg har lagt ut litt bilder, noken dobbelt opp til og med. :)
Endelig tok eg meg sammen til aa skrive igjen. Sist eg skreiv, for tre (!) veker sidan, var eg akkurat komt til Bangkok. Oppholdet mitt der blei til en stor fest, og ikkje so mykje anna. Og det var kjekt! Som sagt saa var India paa mange maatar krevande aa reise i, saa det var herlig aa komme til Bangkok og ei gate med kun andre reisande som berre vil ha good times. Billig oel og nydelig thai-curry baade til lunsj og middag var perfekt. Ellers tok eg tiltrengt manikyr og pedikyr - rein nytelse. Eg har aldri vore so skitten som daa eg var i India, saa det var noken rimelig svarte bein thai-dama fikk slengt oppaa fanget. Ekkelt, men sant. Og forresten var det og ei grei forandring aa ikkje konstant ha svarte negler lenger paa henda.
Det er fire aar sidan eg sist var i Thailand, og det var mange ting som kom tilbake til meg som eg hadde gloemt. Eg hadde for eksempel gloemt alt om manglande engelsktalande ferdigheter. Eg vart godt van og bortskjemt i India, der dei aller fleste forstod meg og omvendt. Daa mykje anna blei meir vestlig og ga meir meining naar eg kom til Thailand, klarte eg ikkje heilt aa takle at dei ikkje forstod saa lite som dei mest grunnleggande orda paa engelsk. Det gir jo sjoelvsagt meining at dei skal snakke bedre engelsk i India enn i Thailand, men likevel - korleis er det mulig i Khao San Rd aa ikkje plukke opp eit par engelske gloser naar du jobbar der kvar einaste dag blant tusenvis av reisande. Hm. Uansett, vi budde og spiste og drakk i Khao San Rd, og eg saag ikkje noko meir av Bangkok enn det den gongen her. Vi reiste nemlig veldig fort vidare til Kho Pha Ngang for aa rekke fullmaanefest. Full Moon Party paa denne oeya er, som dei fleste kanskje veit, ein velkjent strandfest som samlar rundt 20 000 festglade kvar einaste maaned. Vi dansa rundt med sjoelvlysande fargar malt paa kroppen og med buckets (sprit og redbull) i handa. Og det var goey!
Allerede neste dag reiste eg fra Trine og Andrea mot Krabi paa vestkysten av Thailand. Eg hadde hoert masse bra om Ton Sai ved Railey beach, og det blei derfor maalet. Etter 20 timar med nattbaat, buss, venting og longtail-baat stod eg med 15 kg sekken min (reiser ikkje akkurat lett) i steikande sol og 35 grader paa Railey beach. Sliten spurte eg rundt etter veien til Ton Sai, og fant ut at eg hadde valget mellom aa ta enda en overprisa longtail-baat eller eg kunne gaa "the monkey trail". Baatreisa ville tatt meg fem minutt, men ville kosta 40 NOK som er svaert mykje pengar for ein ryggsekkreisande. Hehe. Ikkje soeren om eg skulle betale so mykje. Saa daa blei det klatretur med tung sekk paa ryggen - og eg klarte det og moette mange smilande ansikt fra klippeveggane paa veien. Ton Sai er nemlig mest kjent for fantastiske klatreforhold. Plassen bestaar av ei lita strand, butikkar med klatreutstyr og mat, barar og billige bungalow-resorts. Eg busatte meg i en bungalow i skogen paa Andaman Natural Resort med artige naboar og koselige folk over alt. Ton Sai er altsaa ein liten plass med omtrent kun reisande, saa etter veldig kort tid kjenner ein 'alle'. I utgangspunktet tre planlagte dagar blei derfor til ei veke, og eg hadde det supert. Det var saa deilig aa kunne pakke ut av ryggsekken og faktisk bli paa ein plass lenger enn to netter. Eg hadde blant anna ein heil dag paa baat til Phi Phi for aa dykke. Vi var rundt ti stykker paa baaten, med deilig mat og drikke og god stemning. Og saa fekk eg to herlige dykk - saag skilpadde for foerste gong, saa det var kjekt. :) Ein annan opplevelse som var fantastisk god var dagen eg hadde paa steinveggane! Med kjempetrivelig instruktoer og med tre andre nybegynnarar i gruppa vart det veldig bra. Og det beste - aa naa ankeret paa toppen av kvar rute etter aa ha kjempa med eit vanskelig parti! Er jo ikkje so mykje en faar laere paa kun ein dag med klatring, men det var berre saa digg aa proeve og sann ein god dag. Den utsikta fra 20 meter opp og. Etter denne dagen hang eg ut med klatreinstruktoerane over eit par oel om ettermiddagane med gitarspeling og hygge. Ellers brukte eg dagane paa aa ete herlig mat paa ein billig og nydelig restaurant for dei lokale, foer vi gjekk vidare paa dei koselige barane der du sitter paa oppbygde plataa med puter i ryggen og ser paa flammeshow og folk paa slakkline (eventuelt flammeshow PAA slakkline). Bra.
Etter ei veke i Krabi fant eg ut at eg maatte reise vidare. Eg brukte ein heil dag paa aa finne ut av om eg ville vere i Thailand eller reise vidare til Malaysia. Daa eg kun hadde to veker igjen av tida i Asia, og igjen at eg har sett mykje av Thailand tidligare, saa endte eg med aa beslutte at eg ville oppleve Malaysia. Det var lettast og billigast aa reise til Penang nord paa vestkysten av Malaysia. Eg visste ikkje heilt kva eg ville der, men det var eit naturlig reisemaal og slik blei det derfor. Daarlig planlegging skulle det vise seg aa vere. Plassen er mest kjent for god mat og mange tempel (Georgetown paa Penang er UNESCO world heritage by paa grunn av bygningane). Eg moette bra folk og blei derfor i tre doegn, men utenom det synes eg ikkje plassen var noko saerlig. Vi gjekk laang skogtur, eller jungletrek, ein dag da, og det var bra. Det mest nye med Malaysia i forhold til Thailand er at befolkninga bestaar av ei blanding av kinesarar, inderar, malayserar og andre - eg trur for eksempel at mellom 20 og 30 % er kinesarar. Og det paavirkar jo sjoelvsagt til at Chinatown, og ogsaa Little India, i alle byar er svaert utbygd og vi proevde masse forskjellig mat. Noko bra og noko ikkje like bra. :) Mitt hoegdepunkt i Penang maa vere at en finsk fyr eg budde paa rom med gav meg klarsignal for aa spise IS! Eg hadde ikkje smakt ein einaste is paa turen foer dette, saa det var himmelsk. Deretter spiste vi is tre gongar for dag. Minst. Penang er ogsaa den varmaste og mest fuktige byen eg har vore i so langt, saa derfor gjorde det ekstra godt.
Etter Penang reiste eg til hoeglandet i Malaysia, Cameron Highlands. Der var det kaldt (18 grader) :) Eg fekk sjaa nydelig natur - og det beste var te-plantasjane. Store omraader med te-plantar saag fantstisk flott ut. Etter ei natt i kulden reiste eg tidlig om morgonen med buss til Kuala Lumpur. Eg skulle egentlig vidare til nasjonalparken Taman Negara, men daa det kun var to dagar til eg skulle moete Trine og Andrea i Kuala Lumpur hadde eg ikkje tid. Malaysia-opplevelsen blei derfor ikkje heilt saa bra som den kunne ha vore. Eg veit Malaysia har vakre oyer og ikkje minst Borneo med tjukk jungel osv., men paa grunn av nettopp tidsmangel og pengemangel blei ikkje det denne gong.
Eg hadde likevel ikkje pengemangel naar eg stod paa nydelige nydelige shoppingsenter i KL. Etter aa ha lagt i parken bak Petronas Towers og skulle finne veien ut derfra, gjekk eg ned i ein undergang og skjoente ikkje heilt kor eg var. Eg kjoepte ein is og saa saag eg plutselig opp paa TOPSHOP. Etter aa ikkje ha vore paa kleshopping paa 2 maanedar hadde eg ein lykkerus uten like ved aa gaa rundt og sjaa paa alt det fine, og proeve store mengder, og ikkje minst aa fornoegd baere posane ut derfra etter nokre gode timar. :) Naar eg kom ut paa gata forstod eg at eg hadde handla paa shoppingsenteret I Petronas Towers. Og slik fortsatte dagane etter at Trine og Andrea kom til byen. Vi gloemte alt om at vi egentlig hadde eit budsjett paa 150 kr dagen, og levde heller i ei boble der vi var paa storby-weekend i KL. Vi fekk eit slag i trynet naar vi seinare skulle sjaa over kor mykje pengar vi hadde igjen til 2 maanedar i Australia og New Zealand. Men det gjorde ingenting - vi var lykkelige jenter med nye antrekk! :) Aesj.
Etter eit par dagar i KL for vi vidare med nattbuss til Singapore. Enda ei natt med null soevn fordi vi maatte staa opp paa grenseovergangen, noko vi slett ikkje hadde tenkt over foer vi bestilte turen. Hadde eg rekna litt paa kor mange timar soevn eg har hatt i gjennomsnitt nettene paa reisa, hadde mamma blitt veldig skuffa. Godt at mitt alminnelige behov for 8 timars nattesoevn ikkje gjelde paa tur. Eg er jo og saa redd for aa gaa glipp av noko, eller aa ikkje faa nukk ut av dagane, saa aa sove paa dagen er uaktuelt. Daa er det bedre aa gaa halvredusert rundt paa sightseeing (?). :)
Anyways, Singapore. Andrea og Trine moette to jenter fra Singapore daa dei feira nyttaar i Bangkok for to maanedar sidan. Desse jentene, som var paa min alder, ordna og styrte for oss i to heile dagar. Kjoerte oss hit og dit, viste oss dei beste klubbane og introduserte oss for menn med tjukke lommeboeker. Vi kom derfor inn paa plassar der vi normalt ikkje ville komt inn med hawaianas paa beina. Det var komiske kveldar med high class og hoeg kjoettmarked-faktor. Ellers saa tok jentene oss med for aa ete eit skikkelig singaporsk maaltid (dei betalte forresten for ALT alltid). Og saa hadde dei ein venn, ogsaa kinesisk opphav - som heitte Bjoern Henrik Jakobsen. Ein norsk fiskarmann har tydeligvis vore paa jobb langt heime ifraa, og valgte aa gi soennen eit av dei mest norske navna ein kan ha. :) Dei kjoerte oss etter eit par dagar til flyplassen i Singapore - og vi var paa vei til Australia. :D Vi hadde alle tre sett fram til dette reisemaalet, og stemninga var derfor god!
Alt i alt bestod oppholdet mitt i soeroest-Asia av mykje byliv, med unntak av Ton Sai. Eg hadde kun tre veker fra Bangkok til Singapore, som gjorde at eg kun hadde i underkant av to veker i Malaysia, noko som sjoelvsagt er alt for lite tid for aa faa det beste ut av landet. Eg hadde gode tider i KL, men det var berre ein storby som vi kjenner dei heime, omtrent. Ellers saa var kinesisk nyttaar eit tema under heile opphaldet mitt i Malaysia. Nyttaaret blir nemlig feira i to til tre veker og blir gjort veldig mykje ut av. Til tider var derfor nesten alt stengt paa grunn av hoegtida. Vi hadde haapa paa ei storslagen feiring paa sjoelve nyttaarskvelden, men det skulle vise seg at akkurat denne kvelden er obligatorisk familiestund. Men vi fekk hoere mykje skrangling paa lokk og sjaa mange dragedansar i dei foelgande dagane, saa det blei bra. I tillegg var det ein stor parade for aa feire nyttaaret den dagen vi ankom Sydney, saa nyttaarsfeiring har vi faatt i massevis. :)
Eg er no i Byron Bay rett soer for Brisbane. Eg har hatt ei fantastisk veke i Sydney og etter det i campervan rundt omkring. :) Vi skal leve campinglivet i fem dagar til, foer vi skal bu hos kjente heime ifra i Surfers Paradise i eit par dagar. Har kun bra ting i vente :)
God klem fra glad Therese
- comments
Maria Therese det er så kult å lese! Eg gledar meg til vidare reiselektyre. :) Klem frå kalde vinter norge:)
Mailinn Utrulig kjekt e det og lese, og drømme seg vekk:D mange klemma fra oss
Papz Supert :-)