Profile
Blog
Photos
Videos
Ho Chi Minh City (Saigon)
Bussturen frå Phnom Penh til Vietnams største by Saigon gikk stort sett smertefritt, men det var ei langdryg affære ved grenseovergongen. Guiden vår snakka lite engelsk og det var vanskelig å få svar når eg prøvde å spørje ut om kva som foregikk. Det enda dermed at eg sat i kø i det som kjendes som ei æve, medan alle rundt meg vart ropt fram til kontrolløren. På det tidspunktet då eg byrja å bli ein smule irritert og ikkje minst bekymra for om eg hadde blitt gløymd, høyrde eg namnet mitt og fikk gå gjennom kontrollen. Etter omtrentleg 2 timar på grensa var vi offisielt i Vietnam.
Det var alltid spanande kvar gong eg kom til eit nytt land og eg sat klistra til bussvindauget medan vi køyrde gjennom byens gater.
Eg vart satt av i nærleiken av hostellet og ved help av eit kart på mobilen fann eg fram til hostellet. Eg måtte stoppe og spørje etter retningen fleire gonger på vegen, men eg vart berre møtt av hyggelege og helpsame menneskjer. I tillegg var det fleire som advara meg mot å ha mobilen ute, så tjuveri var tydelegvis eit stort problem der. Vel innlosjert på rommet, vart eg kjend med ein kar frå England, og seinare på kvelden vart eg med han og hans to venninner ut på by'n. Det som var litt morosamt, var at eg hadde møtt ei av desse jentene(Tessa frå Nederland) tidlegare i Siem Reap. Verda er liten! Medan vi sat ved eit bord ute i gata og drakk øl, kunne vi sjå fleire born som gikk og solgte diverse varer. Det er trist å tenke på at dette er kvardagen deira.
Seinare på kvelden enda vi opp på ein utestad, der det var ei blanding av turistar og lokale. Etterkvart fikk eg til min forkrekkelse vite at dei fleste av dei lokale jentene der var prostituerte, og eg klarte ikkje å gjere anna enn å stirre olmt på desse menna som bada seg i merksemda frå desse stakkars jentene- sjølv om eg er sikker på at dei visste kva dei var! Då ei av dei vakraste jentene der forlot klubben med ein gamal, halvfeit, smårosa, skalla gubbe, hadde eg fått nok og tok kvelden.
Dagen etter pakka eg sekken og sjekka inn på eit nytt hostell nokre minutt unna. Der skulle eg treffe igjen Kemar, men han skulle ikkje komme før seinare på dagen, så eg tok meg ein shoppingtur på eit av dei flottare kjøpesentra i byen. Scooter og moped er mykje brukt i Vietnam og det var vanleg å ta moped-taxi. I byrjinga syns eg det var litt skummelt å sitte bakpå, men etterkvart som eg vart meir vand så syns eg berre det var utruleg moro! I tillegg gikk det litt sport i det å prute med sjåføren.
Det var utruleg moro å sjå Kemar igjen og eg hadde sakna han! Vi hadde ikkje vore saman mange minutta et var ikkje lenge før latterkrampa kom over meg igjen. Rommet vi hadde fått var rett ovenfor resepsjonen og dro vi til side gardinene avdekka vi ein glasvegg. Kemar var sikker på at hostellet var eit tidlegare bordell!
Dagen etter møtte vi igjen Sara og Riley og besøkte Vietnam museet. Bileta og dei diverse utsillingane dei hadde der er noko av det verste eg har sett, og det var rystande lesning å lese om kva skader USA utøvde mot menneskja under Vietnamkrigen. Det vart brukt eit kjemisk stoff kalla "Agent Orange", og vi kunne sjå fleire bileter av born som er fødd med vansiringar etter krigen, men det verste var dei utallige bileta av krigsofra og scener frå krigen. Det var svært vanskeleg å ikkje bli berørt!
Seinare på dagen reiste vi tilbake til kjøpesenteret eg hadde vert på tidlegare og vandra rundt, før eg og Kemar måtte reise for å ta bussen vidare. Då vi kom inn på overnatts-bussen som vi skulle ta, haldt vi på å le oss ihjel! Fyrst og fremst så vart vi nermast hive inn på bussen og beordra om å komme oss opp i seta i ei heidundrandes fart, då vi tydelegvis hadde ein timeplan å følge. Det var same prosedyre når nokon skulle av, og passasjerane vart nermast kasta av i fart! Bussen hadde tre rader bakover, som var inndelt i to høgder. Setet var laga slik at ein kunne legge beina inn i ei lomme og lene seg bakover for å sove. Lufta var klam frå alle menneskja som låg og sov og det neonrosa lyset hjalp ikkje på søvnen, men det var ei morosam oppleving!
Mui Ne
Etter fleire timar på buss ankom vi Mui Ne rett før midnatt, og vi var klare for å sjekke ut nattelivet. Etter ein rask omkledning var vi på veg til den eine nattklubben som var open. Etter å ha vandra i over 30 minutt i gater som var urovekkande øde og stille, kom vi til slutt fram til klubben som var plassert rett ved kystlina. Då vi kom var festen godt i gong. Vi kjøpte oss nokre drinkar og dansa litt, men for det meste studerte vi dei rundt oss, som var underhaldning nok i seg sjølv. (Russiske husmødre er tydelegvis veldig populære blant yngre menn!) Morningen etter gikk vi den same ruta i dagslys, før vi satte oss i solstolane utenfor hostellet og såg på dei kraftige bølgene som slo mot steinbruddet. Det var ikkje mykje folk der, og vi syns ikkje det virka som det var så mykje å gjere anna enn å surfe, så vi tok neste buss vidare nordover.
Nah Trang
På bussturen til Nah Trang kom vi i snakk med nokre eldre engelskmenn, som var godt kjent i byen, og som kunne vise oss vegen til hostellet. Som vanleg så tok det ikkje lange tida før Kemar vart kjend med dei vi delte rom med, og like etter var vi ute og åt middag med Sam og Raffaela frå Tasmania. Etter eit godt måltid, stakk vi på ein nattklubb der dei serverte gratis velkomstdrinkar. Her møtte vi Conan frå USA og Emma frå Skottland. Dei hadde blitt kjend nokre veker tidlegare og hadde reist saman sidan.
Dagen etter leigde vi scotarar for å utforske byen. Planen var at eg og Kemar skulle køyre saman, men etter litt prøvekøyring var det tydeleg at vi kom til å bli ei fare for oss sjølv og andre og fann dermed ut at det var best om vi berre var passasjerar! Saman med Sam, Raffaela, Conan og Emma såg vi tempelet Long Son Pagoda og den 24 m. høge Buddha-statuen der, og tempelet Po Nagar. Vi avslutta dagen på det populære spaet Thap Ba, der dei hadde badebasseng, trykkdusjar, boblebad og best av alt; gjørmebad! Vi samla oss alle seks i eit lite badekar som var plassert på ei høgde i det fri, og så byrja det å renne gjørme inn. Det var ei sær oppleving!
Dagen etter stakk vi på stranda og spelte volleyball, før vi tok farvel med Conan, Emma, Rafaela og Sam. Før eg og Kemar reiste vidare nordover, traff vi igjen Sara og Riley og tok ein siste tur på by'n.
Hoi An
Det byrja å bli kaldare og kaldare etterkvart som vi bevegde oss oppover, og det var litt surt og grått når vi ankom den populære skredderbyen Hoi An. Den fyrste dagen vår her utforska eg byens gater og dei utallige butikkane som tilbyr skreddersydde klede, sko og vesker. Seinare den dagen møtte vi igjen Conan og Emma og vart i tillegg kjend med brørne Ryan og Glen Roberts frå Adelaide. Saman bestemte vi oss for å utforske området rundt byen. Gatetrafikken virka litt rolegare her, og med gode lærarar med oss, leigde eg og Kemar oss kvar vår scooter, og det var noko av det kjekkaste eg har gjort på turen! Det var fantastisk moro, og det var ikkje noko reglar å ta hensyns til anna enn å bruke tuterter'n hyppig! Eit godt stykke utenfor bykjerna låg tempelruinene My Son blei bygd av Champas-folket som regjerte i Vietnam frå 200 år e.kr til 1700 år e.kr, og er ein UNESCO world heritage site. Etter ein utruleg kjekk dag på scooter, stakk vi ut på by'n. Det går ei elv gjennom den eine delen av byen, med bruer som knytter gatene saman. På elva flaut det fargerike lykter.
Medan vi sat og åt middag byrja den eine jenta å fortelle meg om familien hennar, og om kor tøft ho hadde det. I følge ho så måtte ho jobbe kvar dag, frå tidleg om morningen til seint på kvelden for å forsørge foreldra og systera som gikk på skule. Fyrst trudde eg berre ho ynkste å fortelle historia si, men så byrja ho å fortelle at ho solgte smykker.
Medan vi gikk i gata kom det bort nokre karar som jobba for å få folk til deira bar. Vi vart med ein av dei, men det virka ikkje interessant så vi valgte å gå igjen. Nokre øyeblikk seinare kom karen bort til oss og byrja å skjelle ut Kemar som han meinte hadde prøvd å få med seg folk frå baren. Vi fikk roa ned situasjonen og gikk vidare. Berre nokre minutt seinare var karen tilbake igjen, med to kompisar. Han var tydeleg aggresiv, og nokre av gutane i vår gruppe byrja å hisse seg opp. Akkurat då det virka som dei skulle brake saman, klarte vi å få roa situasjonen igjen, og vi såg heldigvis ikkje noko meir til dei. Det som skremde oss mest var det at ingne av dei lokale som var i nærleiken prøvde å hjelpe oss, så om noko hadde skjedd hadde vi nok vore forlatt til oss sjølve.
Den eine kvelden når vi var ute og gikk kom det plutselig køyrande titals lokale ungdommer i stor fart på scooter, Det virka som det var eit slags løp, som i filmen The Fast and the Furious. Plutselig sklei den eine scooteren, og jenta som sat på vart liggande i vegkanten. Vi sprang bort for å hjelpe, og Conan som har trening frå militæret tok fort affære. Vi prøvde å finne ut om det var eit sjukehus i nærleiken, eller om nokon av tilskodarane kunne ringe etter hjelp, men dei såg mest ut som ein saueflokk der dei stod. Dei berre stirra på og gjorde ingenting. Det virka som om jenta hadde brukket armen, og etterkvart kom det heldigvis politi på staden som tok ansvar.
Den siste kvelden vår gikk vi ut og åt på den indiske restauranten Ganesh. Det tok litt tid å finne fram, og vi mista nokre på vegen, men det var absolutt eit av dei beste måltida eg hadde hatt på turen, både før og etter Vietnam!
På julafta var ein heil gjeng samla på bar, og spelte kort og song julesongar.
Hanoi
Hanoi var definitiv ein av yndlingsbyane mine i Vietnam. Fyrst og fremt fordi eg følte at byen ikkje hadde blitt forma av turismen på same måte som dei byane vi hadde besøkt tidlegare. I tillegg så var det ein veldig vakker by, med koselege grøntarealer og flotte bygg. Vi budde på eit hostell kalla Hanoi Backpackers' Hostel. Her traff vi igjen Ryan og Glenn, som køyrde oss litt rundt på motorsykkelen. Deretter splitta alle saman lag og eg utforska byen vidare på eiga hand. Det var noko å sjå ryndt kvart gatehjørne, og eg gjorde litt shopping. Panneluggen minn hadde blitt litt urgjerelig , så når eg såg ein salong som virka bra, fann eg ut at det var på tide med eit klipp. Dei var tydeligvis ikkje vant til ikkje-asiatiske kundar, for alle stoppa opp med det dei gjorde når eg kom inn, og når dei endelig fann ut kven som skulle ta på seg den vanskelege(?) oppgåva, så var alle auge på meg. Det var mykje knising og fnising, medan frisøren styrte på og eg trur han syns det var litt vanskelig, men eg var fornøgd med resultatet. Et bestilte óg spa-behandling, og fikk pedikyr og massasje.
Saman med Kemar, Ryan og Glenn gikk vi og et middag på ein plass som virka poipulær til tross for at det ikkje var ein av dei mest reine plassane eg har ete på, og medan vi åt sprang det plutselig ei rotte mellom beina på oss! Til tross for dette var maten utruleg god, og vi kom igjen fleire gongar.
Det var ein todelt tur, der nokre kunne overnatte eit døgn, medan resten fortsatte til ei øde øy dagen etterpå. Grunna eg skulle reise vidare til USA, kunne eg ikkje vere med meir enn ein dag. Ombord i båten, segla vi mot Halong Bay. Vi var jenter ombord(inkludert reiseleiaren) og ca.15 gutar. For i kano mellom fjella med Rob frå England. Når vi kom tilbake var det fleire som hoppa i vatnet frå kanten av båten, men det var alt for kaldt for min del. Eg hadde gleda meg til ein varm dusj for å få varmen i meg igjen, men det vart ein kald dusj i staden for, under svinnande dråper med vatn. Etter eit godt måltid med fersk sjømat, starta turleiaren ein drikkeleik. Det utvikla seg etterkvart til ein pølsefest( etter ein drikkeleik kalla King's Cup (uten å gå nermare inn på detaljane her!), så stemninga vart litt rar og fleire gikk og la seg. Dagen etter var det fleire som sat igjen med ein bismak frå kvelden før, og som valgte å bli med vår gruppe som reiste tilbake til fastlandet.
Den siste kvelden min i Vietnam, tok eg ein kort tur ute på by'n og så gikk eg heim for å få meg litt søvn. På flyplassen dagen etterpå, kjente eg at eg absolutt ikkje var i form og dette vart den verste flyturen hittil!
- comments