Profile
Blog
Photos
Videos
Lima
Etter fleire års snakk med svigerinna mi Melissa om å reise til Peru, så var eg endeleg der! Eg ankom Lima kl.02 om natta og tok raskt taxi til hostellet eg skulle bu på. Eg hadde bestilt det som virka som eit fint einmannsrom på nettet, men man kan ikkje alltid stole på det ein finner på den verdsvide vebben! Etasjen eg budde på hadde ikkje wi-fi, og det maula av maur på nattbordet og i senga. Etter å ha gjennomsøkt senga nøye for smådyr kunne eg endeleg legge meg. Det tok derimot ei stund før eg kunne sovne då eg funderte opp ein veldig streng repremande som eg ville gi neste morning. Etter lysests frambrudd virka derimot ikkje verdens problemer så store, så eg lot det være. Eg skal derimot skrive ein veldig frustrert anmeldelse på nettet!
Etter å ha planlagt dei neste dagane i Peru bar det avgårde for å utforske Miraflores, som er området eg budde i. Etter berre nokre minutters gonge fikk eg ein flott utsikt over stillehavet og eg satte meg ned på ein kafè og tok meg ein smoothie medan eg naut sola og utsikten. Deretter vandra eg den kilometer lange promenaden som gikk langs kystlina.
Cusco
Tidleg neste morgon tok eg fly vidare til Cusco, som er ein by i Huatanay-dalen i Andes i det søraustlege Peru. Byen ligger om lag 3400 moh, og er forma som ein puma, der Cusco er navlen.
Eg budde på hostellet Ecopackers medan eg var her, og på reisebyrået der bestilte eg ein todagers tur til Macchu Picchu i Aguas Calientes. Karen som jobba på reisebyrået var veldig hyggelig, og kunne anbefale ein restaurant som ein ven av han eigde. Eg fann vegen dit, og fikk særskild god behandling når eg nemnde kven som hadde sendt meg. Eg bestilte alpakka, men eg syns ikkje det skilte seg ut frå anna kvitt kjøtt som eg har smakt.
Etter ein guida tur av byen, lærte eg at Cusco er ein by med mykje historie. Det var hovudsetet for Inkaenes rike og hovudetet for den spanske revolusjon. I sentrum var det oppretta ein statue av Inka-leiaren Manco Inca Yupanqui som prøvde å gjenerobre Cusco frå spanjolane i 1536. Kuppet var mislukka, og spanjolane drap alle i Manco sin familie, før dei fanga han og drog han rundt etter hendene etter ein hest. Deretter halshugga dei han. Eg fikk sjå litt dramatikk sjølv medan eg var der. Eg var på veg heim, og kom over ein flokk med mennesker som hadde samla seg rundt to menn som haldt ein sparkande og blodig mann i bakken. I byrjinga var det vanskelig å vite om det var blind vald eller sjølvforsvar, men etterkvart møtte politet opp og tok med seg den valdelege mannen, så eg antok at han sikkert hadde stjelt noko frå ein av menna. Dei andre tilskodarane filma og tok bileter frå byrjing til slutt.
Det var kaldt oppe i fjella, og eg hadde ikkje mykje klede for eit slikt klima. Eg vart difor svært glad når eg fann ut at dei hadde varmt vatn i dusjane, og gode, varme tepper i sengene. Eg sov godt den natta!
The Sacred Valley
På veg til Aguas Calientes, gjorde vi fleire stopp i det som kallast The Sacred Valley, eller den Heilage Dalen. Dette er eit av dei viktigaste områda for vekst av mais i Peru.
I Willka Pukara kunne vi kjøpe diverse handarbeid og souvenirar. Eg kjøpte meg ei hue i alpakkaull for å halde varmen. Deretter reiste vi til Inka-ruinene i Pisac. I fjellveggen her har dei funne fleire graver, der inkaene gravla sine døde i utgravde huler. Saman med skjeletta var det funne ulike tekstiler og diverse krukker og smykker, som var gaver ein skulle ta med seg til den andre sida. Langs fjellveggen har inkaene bygd fleire nivå med terasser, som dei fortsatt brukar den dag i dag til å vekse mat. Det er óg på grunn av desse terassene at Pisac har fått namnet sitt, då dei representerer vingene til rapphøna- eller pisaca, som er vanlege i dette området.
Siste stopp før vi reiste vidare til Aguas Calientes, var byen Ollantaytambo. Denne byen ligger halvvegs mellom Cusco og Machu Picchu og var eit seremonielt senter bygd av Inka-keisaren Pachacuti.
Aguas Calientes
Machu Picchu tyder gamalt fjell, og grunna den aldri vart oppdaga av spanjolane under beleiringa, er den fortsatt relativt intakt den dag i dag. Byen vart bygd i 1460 av Sapa Inkaen Pachacuti og ein tenkjer seg at formålet var enten at det skulle virke som eit hemmeleg seremonielt senter eller som ein lærestad? Fjellet ligg
Eg var oppe klokka 04 om morningen, et frukost og klokka 05 var klar for å gå den 6 km. longe vegen opp til Macchu Picchu. Det er mogleg å ta ein buss heile vegen opp, men eg valgte å gå. Det var fortsatt bekmørkt ute, så det var litt skummelt der eg gikk heilt åleine langs den mørklagde grusvegen. For ei lita kort stund fikk eg følge av ei hund(som eg var usikker på om var selskapssjuk, eller om han ville ete meg!), og av og til kom det eit og anna menneskje ut frå mørkret. Dei var på veg ned frå fjellet. Etter å ha gått igjennom ein kontrollpost, kunne eg byrje på turen opp fjellsida. Aguas Calientes ligg 2040 moh. og det tok meg akkurat 1,5 timar å gå opp til toppen, med ei stigning på 390 m. Då eg gikk ut døra "heimanfrå" byrja det å høljeregne, så når eg nådde toppen var den vanntette jakka mi klissblaut. Kl.06.30 byrja ein guida tur av Machu Picchu. Det var interessant å høyre på, men stemninga på gruppa var litt dempa, grunna vi alle var kalde og våte. Nokre timar seinare titta sola endeleg fram, og det var akkurat i tide til at eg skulle bestige Wayna Picchu. Det tyder "ungt fjell" og ligger 2,720 moh., eller 360 m. over Machu Picchu. Dei lokale meinere det var der høgstepresten og jomfruene haldt seg. Det var ein frisk tur opp, men eg klarte meg fint og utsikten frå toppen var verdt det!
Eg valgte å gå heile vegen ned igjen óg, så når eg endeleg kom fram til hostellet mitt, var det utruleg godt med ein god og varm dusj og ein deilig hamburger, etter å ha vore på føtene frå kl.04 om morningen til kl.16 på ettermiddagen. Seinare den same dagen var eg på tog og buss på veg tilbake til hostellet i Cusco. På toget kom eg i snakk med ein gut frå Colombia. Han snakka svært lite engelsk, så det vart ein morosam og stakkato "samtale" på halvvegs engelsk/halvvegs spansk.
Tilbake i Cusco
Den siste dagen min i Cusco valgte eg å utforske ruinane i det omliggande området. Eg tok ei drosje eit stykke unna, og frå der byrja eg å gå den longe vegen tilbake til Cusco igjen. Her kom eg over fleire ruiner og lansbyer.
Etter 2 timar kom eg endeleg tilbake til hostellet og slapp akkurat unna regnet!
Lake Titicaca
Nattbussen frå Cusco til Puno var ei litt skummel oppleving. Det var ein dobbeldekker, og eg hadde fått sete heilt framme. Dette betydde at eg fikk vere vitne til ganske farleg køyring av bussjåførane. Gong på gong køyrde dei forbi kvarandre, på smale, kronglete vegar og med møtande trafikk! Eg klarde til slutt å sovne, og kryssa fingrane for at vi kom fram i godt behald.
Bussen ankom Puno tidleg om morningen, og der vart eg møtt av ein representant frå reisebyrået, som skulle ta oss med til startpunktet for turen vår på Lake Titicaca. Vi vart køyrd til eit hus der vi fikk kvilt oss, og ete frukost. Deretter vart vi køyrd ned til havna der vi møtte resten av gruppa og gikk ombord i ein båt. Før vi starta vart vi underhaldt av ein kar på gitar og panfløyte.
Lake Titicaca ligger 4000 moh. og eg kunne virkelig merke kor nærme vi var skyene, der vi køyrde avgarde i båten.
5 km. frå havna fikk vi besøke Uros-folket, som bur på øyer laga av eit særskild type siv, kalla totora. Sjølve øya er festa med tau til pinner, som dei køyrer ned i botnen av innsjøen. Sivet på botnen av øya råtnar stadig vekk, og ca.kvar 3.månad, må dei fylle på med nytt siv på toppen. Ei øy varer i ca.30 år. På øyene bur det fleire familiar i stråhytter, og ein kan få kjøpt fargerikt og fint handarbeid, som er laga av siv.
Amantaní
Då vi ankom Amantí, vart vi delt inn i grupper og fikk kvar vår home stay-familie, som vi skulle bu med medan vi var der. Eg vart gruppert med eit hyggelig par frå Tyskland, og familien vi budde med hadde tre born; ei dotter og to sønner. Etter at vi hadde fått blitt litt kjend med familien, møttes alle saman og vi gikk tur opp til Pachamama som er eit av dei høgste punkta på øya, og såg solnedgongen. På kvelden fikk vi kle oss i dei fargerige tradisjonsdraktene deira, og deltok i tradisjonell dans i samfunnshuset deira. Livet på øya virka veldig fredelig og enkelt, og det var eit minne for livet!
På vegen tilbake til Puno besøkte vi Taquile Island som ligger 4050 moh. på sitt høgste punkt. Fordi folket her ville bevare litt av privatlivet til tross for turismen, var det ikkje lov å ta bileter av menneskja på nært hald utan tillatelse. Dette var det nokre av borna som hadde fått med seg, som gjerne ville at du skullet a bilete av dei for så å be om penger. Menneskja her er kjend for handarbeidet sitt, og det var ein butikk i senteret der vi kunne kjøpe ulike klede og tekstilar. Medan vi et middag, med utsikt over innsjøen, kunne guiden vår fortelje om den strenge kleskoden dei har på øya.
Trujillo
Etter fleire dagar i Cusco var det på tide å fly til Trujillo og møte igjen Isabella, Valentino, Melissa og hennar familie. Det var utruleg godt å sjå dei igjen! Særskild Isabella og Valentino, som prata i ett om alt og ingenting. Dei hadde leigd ei leiligheit ved stranda i Huanchaco, og på kvelden gikk vi ut og et middag saman med Luz, Jackie og Juan Carlos. Den neste dagen reiste vi heim til Luz og eg møtte Frank og kona og borna hans, og bestefaren til Melissa som òg var på besøk frå nord. Dei dagane vi hadde saman spela vi kort, var på stranda, tok nokre turar innom sentrum. Ein av kveldane var vi i bursdagsselskap til ei av tremenningane til Melissa som fylte 12. Det er interessant å observere kulturforskjellar, og det var ei litt annleis bursdagsfeiring enn i Norge. Alle gjestene sat på stolar langs veggen og venta, medan vertane gikk rundt og serverte ulike fingerrettar og drinkar. Eg var ikkje klar over at dette var skikken, så når vi kom tok eg med meg Valentino og Isabella fram til bursdagsbordet og lot dei forsyne seg av kakene og godteriet som var der. Ops!
Nokre kilomter utanfor Trujillo er det gjort arkeologiske funn, så eg, Melissa, Isabella og Vanessa reiste dit og fikk omvisning.
Flyet mitt tilbake til Lima vart utsatt nokre timar så eg og Melissa fikk nokre timar saman på flyplassen. Då det var tid for avreise var eg så heldig at eg fikk sete på 1.klasse, då flyet var fullbooka. Medan vi sat og venta på take-off såg eg ein kar som stod ved døra og krangla med dei ansatte. Eg gjenkjente han som ein av passasjerane som eg hadde sett tidlegare, medan vi venta på å få gå ombord. Mannen blir raudare og raudare og etter kvart blir sikkerheitsvaktene tilkalla. Brått ser eg mannen hive seg over gjerdet i rein desperasjon, og etter han følgjer fleire av vaktene han har krangla med. Saman klarar dei å få han over på den andre sida av gjerdet igjen. Stigen til døra på flyet var fjerna, så kva det var han tenkte han skulle utrette ved å springe mot flyet er det ingen som veit. Vi tok av, den stakkars karen blei igjen på bakken.
- comments