Profile
Blog
Photos
Videos
I planleggingsfasen før eg reiste, spurde eg om råd frå Nelly som eg arbeida med i Bergen, som er frå Puerto Rico, om dette var eit reisemål ho kunne anbefale. Svaret låg vel mest i korta, og ho meinte at dette var absolutt ein plass eg burde besøke. Ikkje berre det; ho tilbydde seg raskt til å kontakte sin familie som eg kunne bu med medan eg var der. Dette såg eg som ei unik oppleving, så Puerto Rico vart med det eit gitt stopp på reisa.
Då eg ankom flyplassen i San Juan vart eg møtt av dottera hennar Andrea, som er på min alder. Ho tok meg med til huset til kjærasten Kuko, der vi budde nokre dagar. Huset hans låg ein liten køyretur unna stranda. Både Andrea og Kuko er vel vande på eit surfebrett, men bølgene var ganske store (i mine auge) så eg fann ut at det var best at eg holdt meg på land. Eg vart advart om at PR er farleg og at eg burde passe godt på tinga mine. Eg skal innrømme at eg ikkje tenkte noko stort over dette, då eg hadde blitt advart i mest alle landa eg hadde vert i hittil, utan at noko nokon gong hadde skjedd. Ein av desse dagane då vi var på stranda, hadde Andrea oppdaga nokre mistenksame gutar som hang rundt bilane oppe ved vegen, og då vi kom tilbake hadde dei knust bilruta til ei av venninnene hennar. Heldigvis hadde ho ikkje noko av verdi framme i bilen (alt var i bagasjerommet), men for meg vart det ein "wake-up call" om at det kanskje var lurt å ta råda til ettertrakning medan eg var her. Ein anna ting eg óg lærde medan eg var her, var at etter eit visst tidspunkt på døgnet hadde bilistane lov å køyre på raudt lys, då det var høg risiko for å bli rana om ein stoppa!
Nelly og familien hennar er frå jungelen i Morovis som ligger sør-vest for hovudstaden. Saman med Kuko, Andrea og venninna deir Natalie reiste vi på road trip til huset deira der. Det var ein kronglete veg og vi køyrde i timesvis med jungel på begge sider. Framme i Morovis besøkte vi bestemora hennar og Huset vi budde i har Nelly bygd saman med mannen hennar, og det var eit stort og flott mursteinshus med god utsikt over området rundt. Neste morgon tok vi turen til Culebra. Her bada vi i vatnet og prøvde oss på akrobatikk frå dei overhengande trea. Diverre trur eg ikkje at eg kan skryte så mykje av mine svalestup, som heller enda meir i mageplask enn noko anna! Deretter reiste vi inn til sentrum av byen. Her gikk vi i dei brolagte gatene som var fulle av menneskje, og et middag på ein restaurant som låg på ei brygge på vatnet. Drikken piña colada er puertoricansk så eg kunne ikkje anna enn å kjøpe meg ein drink frå ein av dei monge bodene langs vegen. Den var god, men alkoholfri, så eg trur nesten eg må prøve den "ekte" drinken ein gong.
Andrea måtte diverre tilbake på jobb etter 1 veke, så eg hadde fått bu med tanta hennar Nancy og chihauaen henner Princess midt i San Juan. Her sov eg på sofaen i ca. ei veke. Leiligheita hennar var rett ved ei fleire kilometer longe strand, så på dagane tok eg av og til ein tur langs standkanten. Puerto Rico har eit tropisk klima, så det var veldig usikkert ver. I det eine augeblikket var det strålande sol, og i det neste kunne det hølje ned, noko som diverre ofte skjedde medan eg var ute og gikk tur!
Eit stykke unna med buss ligger Old San Juan, der mesteparten av befolkninga budde i den spanske koloniale perioden. Her var alt i gåavstand, og eg fikk sjå eit fortet Fort San Felipe del Morro frå 16-hundretalet, og Fort San Cristóbal frå det 17.århundre. Hovuddelen i byen er svært sjarmerande, med sine smale brolage gater og fargerike bygg frå kolonialtida.
Nancy hadde bursdag medan eg var her, så eg kjøpte ho ei flaske raudvin som gåve som vi drakk nokre glas frå på kvelden, før vi stakk ut på eit av dei monge hotella og traff eit vennepar av ho. Ho eine viste seg å vere tanta til ein av gutane i bandet Aventura, noko som ho var svært stolt over og eg fikk sjå utallige bileter som ho hadde på mobilen. Der var eit live band som spela fengjande spansk musikk, og det var fleire som var ute på dansegolvet og dansa (det eg synst såg ut som) salsa. Dagen etter tok ho meg med til regnskogen El Yunque, som berre ligger eit lite stykke unna bysenteret. Her kunne vi køyre opp til fleire utsiktspunkt og vi stoppa ved fleire fossar og gikk óg ein liten gåtur på ein sti som gikk inn i skogen. Eit av hovudpunkta frå turen var når eg og ho reiste tilbake til Morovis, og var med broren hennar på hanekamp. Det var virkelig ei oppleving! I det vi kom inn i rommet (som var mest som eit slags samfunnshus), vart vi møtt av eit øyredøyvande orkester av kaklande haner og menna som eigde dei. Dei stod alle i ein tilsynelatade uorganisert og kaotisk pulje og samanlikna kamphanane sine for å måle kven som kunne kjempe mot kven. Langs alle veggane i rommet var det bur på bur, der dei oppholdt dyra medan dei venta på at alt skulle byrje. Medan vi venta fikk vi konstant spandert øl av menna som var der, og eg hadde (diverre) fanga merksemda til ein 16 år gamal gut, som prøvde å overbevise meg om at han var over 20. Kamprommet var forma som eit slags colusseum med kampscena i midten. Kampen foregikk på den måten at dei haldt rundt hanane og kakka nebba mot kvarandre får å skape aggresjon, før dei satte dei i kvart sitt bur. Når kampen starta heva dei bura og hanane fauk i kvarandre. Det var svært blodig og dei ga seg ikkje før den eine hadde overgitt seg (forhåpentligvis ikkje for skada). Nokre av eigarane drap hanane sine etter kampen om dei ikkje vann. Eg vart fortalt at hanane dei brukar er ein særskild rase som er laga for å slåss- at det ligger i genene deira. Det var som sagt ei ein gong i livet-oppleving og sjølv om det ikkje er noko eg støtter opp om, eller tykkjer noko vidare om, så er det uturleg interessant å ha vore vitne til.
Etter 12 dagar i Puerto Rico var eg svært klar og gira for å komme meg vidare og byrje på reisa frå Guatemala, gjennom Belize til Mexico saman med G-Adventures gruppa.
- comments