Profile
Blog
Photos
Videos
GUATEMALA:
Klokka 6 om morningen reiste eg frå P.R, mellomlanda i Panama og landa i Guatemala City på ettermiddagen. Frå der tok eg shuttle buss til den lille byen Antigua. Her møtte eg gruppa på 10; det det er meg; to jenter frå Australia; eit par frå Canada og eit frå Tyskland; ein kar frå Canada og to vaksne damer frå USA og Sveits. Turleiaren vår er frå Mexico. Antigua er ein sjarmerande by plassert mellom fjella, med smale, brubelagde gater og flotte kyrkjer og gamle ruiner. Sjølv etter monge månader i sola er eg fortsatt karekteristisk kvit og dette er tydelegvis veldig fascinerande då stirringa er åpenbar. På kvelden gikk vu ut og åt middag og blei kjend. Restauranten hadde "talentkveld" og fleire i restauranten gikk fram og song og framførde eigne låter. Tidleg neste morning reiste vi med privatbuss til Rio Dulce. Etter fleire timar på vegen ankom vi Rio Dulce og frå der tok vi båt ut til hitellet vårt som var idyllisk plassert på vatnet. Tidleg neste morning (som betyr klokka 6) stod somme av oss opp og ferda ut på kajakktur på vatnet. Medan vi segla til soloppgongen kunne vi høyre apene rundt oss og etterkvart åpna himmelen alle sluser og regnet pøsa ned! Det var ein flott tur! På ettermiddagen ankom vi Flores som er ei koseleg halvøy som man kan gå rundt på 25 minutter. Etter middag tok ec og paret ein liten tur og trakk fort mot musikken som kom frå ein pub kalla Bill's Place. Musikken viste seg å vere ein livleg kar med mikrofon som vandra mellom folka og song spenstige spanske låter og serenader til damene. Vi hadde ein ekte Guatemalsk oppleving! Tidleg neste morning stod vi opp og bada i vatnet rett utenfor hotellet vårt, og naut nokre late timar før vi retta nasa mot San Ignacio i Belize.
BELIZE
Her fikk vi utforske ei grotte kalla ATM som vart brukt av Mayaene når dei ville utføre seremoniar og offer til underverda. Desto verre det gikk med verda, desto lengre inn i grotta måtte dei gå for å komme nermare underverda. For å komme til grotta gikk vi ein 45 minutters tur gjennom jungelen og turleiaren vår kunne fortelje oss alt om plantane og vekstene rundt oss. Ein av plantene vart kalla eit "gi og ta" tre, då barken bestod av nåler, medan sevja under barken hadde ein bedøvande effekt som var perfekt dersom du skulle vere uheldig og skli og gripe om ein av desse trea. Grotta er full av vatn frå regnsesongen så vi måtte vade eller legge oss på svøm fleire stadar for å komme oss fram og somme stader var sprekkane så smale at det kun var hovudet som gikk gjennom. Fleire stadar kunne vi sjå restar av krukker som sjamanane brukte for å lage miksturer i. Etterkvart som tilstanden i verda forverra seg byrja mayaene å ty til meir seriøse offer; menneskeoffer- og desto meir smertefull døden var desto større var offeret. Difor kunne vi byrje å sjå rester etter skjellett djupt inne i grotta. Det mest fascinerande funnet var eit fult skjellett som var funne etter ei 16 år gamal jente, som vart drepen ved eit slag med ein steinhammar mot kjeven og nakken. Ein anna stad i grotta kunne ein sjå rester av meteorittsteinar som dei meiner er frå dinosaurenes tid då meteoritten traff. Det var ei ganske fascinerande og utruleg oppleving! På veg til Caye Culker neste dag stoppa vi for ein siste aktkvitet i San Ignacio; å flyte på svære flyteringar ned elva og gjennom grotter. Halvegs gjennom grotta stoppa vi og hoppa frå grottekanten ned i eit krystallklart vatn. Det var skramande å stå på toppen, men det var verdt det! Den ettermiddagen ankom vi øya Caye Caulker med båt frå Belize City og vi forelska oss heilt i øya frå fyrste agneblink! Etter ei rask orientering vandra vi til ein bar ved vatnet kalla the split og såg solnedgongen. Tidleg neste morning reiste vi alle med seglbåt ut til revet for å snorkle. Belize Barrier Reef er verdas nest største rev etter the Great Barrier Reef i Australia. Høgdepunktet på turen var når vi såg skilpadder på nært hald. På vegen tilbake fikk vi servert rompunsj og ceviche. Livet var perfekt og eg kunne ha vert på den båten for alltid! Den siste kvelden vår på øya åt vi middag på ein restaurant kalla Wish Willy's. Her fikk vi servert grillribbe, kylling, hummer og fersk fisk rett frå grillen. Det var verkeleg smakfult! Ved soloppgong neste morning var det avgårde med båt til fastlandet for å byrje reisa inn i Mexico.
MEXICO
Dette var einav dei lengste reisedagane vi har hatt, då vi tok 1 time med båt, 3 timar i privat buss og deretter 5 timar med offentleg buss. Utenom dette hadde vi grenseovergongane, men alt gikk heilt smertefritt (det var noko heilt anna enn grenseovergongen frå Kambodsja til Vietnam!) og ved dagens ende kunne Alex fortelje at han har alfri gjennomført denne reisedage n på turen så raskt før. På kvelden i Playa Del Carmen et vi middag på ein plass kalla taquerios. Medan vi et var det fleire titals som stilte seg i kø fornå få bord, som var eit vite om kor nydeleg maten var! Ikkje berre det, men deira strawberry daqueri var delicioso! Deretter for vi på byn og dansa (halve) natta vekk! :-D Dagen etter naut eg late dagar med ceviche på stranda og vindushopping.
- comments