Profile
Blog
Photos
Videos
Ein skulle tru at ei verdsreise tok fleire månader å planlegge- i alle fall meir enn 1 månad, men eg er bevis på det motsatte. Eg har alltid hatt ein draum om å backpacke verda rundt, men eg skal innrømme at eg aldri hadde forventa at det skulle kome så brått på! Sjølve ideén kom rett før eksamenstid i Bergen, som seg hør og bør i ei slik dyster tid. Eg klarde ikkje å leggje tanken i frå meg, og med godkjend permisjon frå skulen og det verste overstått, nemleg å underrette intetanande familiemedlem, var hjula satt i gong og det var berre å byrje å planlegge. 4 månader seinare, etter hard jobbing og fleire kviafulle vaksiner, har tida endeleg kome!
Eg har vert i Oslo sidan tysdag, og eg har budd med nokre spanske vener; Leire, Eduardo og søte lille Nora, men å finne fram til dei viste seg å bli ei utfordring! Då eg ankom Oslo S etter ein lengre busstur, var eg i ei meir eller mindre disorientert tilstand, noko som då førte til ein ufrivillig sightseeing-tur mot Kjelsås. Eg var på rett buss, men enda sjølvsagt opp i feil retning! Den overdimensjonerte sekken var heller ikkje til hjelp! Ein kan spørje seg om dette lovar godt for resten av turen, men eg vel å skulde på reisetåka. Andre vil sikkert protestere.
I morgon(sjølv om eg no innser at klokka har passert midnatt)er det avreise til Johannesburg i Afrika, der eg skal treffe resten av gruppa som eg skal reise med dei neste 15 dagane. Sidespor: I følgje ein draum eg hadde reiser dei fleste i par, ei eldre dame reiser åleine og vi må ta chinups(takk til Margrethe for terminologi) når vi møter på hinder i vegen. La oss håpe eg ikkje er sanndraumd! Elles har eg heldigvis unnsluppe dei verste draumane ofte forårsaka av reisefeber.
Sekken er pakka, og så ein gong til.Eg har enda opp med å måtte ta ut den varme bomullsposen(då sekken rakk meg til over hovudet) og satsar på at Kari Traa held meg varm i form av heilnorskt ull-undertøy. Eg har óg pakka med meg eit halvt apotek, berre for å vere på den sikre sida. Medan eg uansett dreiv på, kunne eg sikkert ha tatt ut 1/3 av mine "Kva om...?", "Det er best å vere på den sikre sida.", og "Sjølvsagt må eg ha to av den!", men etter fleire år i speidaren har mottoet "alltid beredd" festa seg til netthinna. For å sjå det positive ved det: Eg kjem til å utvikle steikje god skuldermuskulatur!
Medan eg har vert i Oslo har eg møtt ein venninne av Leire som viste seg å arbeide i Qatar airways. Ho ringde nokre vener som skal vere på jobb, og med litt diskrét name dropping i skranken skal eg få litt V.I.P-behandling; ikkje ein så alt for verst start på turen.Qatar er visst eit 5-stjerners flyselskap, og flyet heiter "Dreamliner". Med eit slikt namn kan ikkje turen bli noko anna enn bra, så no kan sommarfuglane berre komme!
PS: Eg har sett overraskande mange middelaldrande menn på sparkesykkel her i Oslo!
- comments
Leire QUé tal?