Profile
Blog
Photos
Videos
Eg har vert 5 månader på reisefot og besøkt 4 kontinent og reist gjennom 15 land. På flyplassen i Rio var eg godt klar for å reise heim, og eg var så heldig at eg vart oppgradert til 2.klasse på flyturen frå Rio til London. Ei passande avslutning på ei fantastisk reise. Etter over 24 timar med fly og mellomlanding, landa eg endeleg på Bringeland flyplass i Førde. Det var rart å tenkje på at dagen før låg eg på Copacabana strand i Rio, i 30 + grader, og no sprong eg til bilen gjennom snøkaven i minusgrader! Heime venta det julegåver, julebrus og julemarsipan som mamma hadde spart til meg frå jul, men best av alt: Senga mi! Den stod som ei heilag gral og ropa på meg! Frå september i 2013 til mars i 2014 har eg maks sove i den same senga 4 netter på rad, og ingen av dei kunne måle seg med korleis mi seng føltes akkurat i det augneblikket!
På mi verdsvide reise har eg sett 4 av dei 5 store i sitt eige habitat, flydd i småfly over Okavanga Delta i Botswana, sove blant Afrikas vill-liv, blitt fridd til ved å tilby meg villsvin, gått på tur meg og klappa ville løver, blitt bitt tusen og ein MILLION gongar, (halvvegs) overkome mi frykt for utenom-toalettlige besøk, framført Bohemian Rhapsody for ein gjeng meir eller mindre sjokka afrikanarar, besøkt ein stamme i Zimbabwe og møtt den fryktlause stammeleiaren som hadde bekjempa ein leopard med berre nevene, stått tre meter unna ville neshorn og vore ei hårsbredd frå å bli biten av den svarta mamba (det må vere lov å overdrive litt :P)!
Eg har festa med ein leiesoldat (i følge han), målt musklar mot ein liten mann på knappe meteren, reist med båt i Halong Bay, feira nyttårsafta i San Diego, vore på konsert i Las Vegas med Celine Dion (!!), snorkla i verdas nest største rev i Belize, ete marsvin i Cusco, bestiget både Machu Picchu og Wayna Picchu til fots, deltatt på karnevalet i Rio De Janerio, og mykje, mykje anna!
Ei oppleving for livet, som eg aldri ville vært foruten!
- comments