Profile
Blog
Photos
Videos
Rio De Janeiro
Flyet mitt landa i Rio midt på natta. Då eg nerma meg utgongen vart eg møtt av fleire pågåande taxi-sjåførar som ville køyre meg for ein umåteleg høg pris ,som dei meinte alle tok. Eg har vore på so mange flyplassar no, at eg lukta lunta longe vegen og sa at eg vill gå og kjøpe meg litt vatn. Den eine sjåføren meinte då at eg måtte love han å kome tilbake, noko som eg avviste høfleg. Eg har oppdaga sopass at dei som er offentleg registrerte taxi-sjåførar for flyplassane, ikkje er så pågåande og at dei sjeldan har fastsatt takst. Eg snakka med nokon brasilianske reisande og dei fortalde meg at eg måtte gå etter dei gule taxiane som var eit stykke unna. Eg fann fort fram til dei, og var på veg til hotellet (for ein mindre sum enn den andre sjåføren hadde satt).
Klokka nærma seg 06 om morgonen, men gatene var allereie fulle og det var trafikk-kork overalt. Eg vart ein smule stressa av å sjå på tala på takstometeren som steig der vi sat i kø, men ikkje så mykje som då det kom ei ambulanse med sirene og blålys på. Det var nesten ingen som bana veg for dei, og det var ingen stadar å køyre forbi så det gikk mest like treigt for ambulansa som for oss andre. Eg sat og kjende på frustrasjonen over dette, så tenk korleis det må ha kjent for ambulansearbeidarane som hadde eit menneskjeliv i deira hender!
Då eg banka på døra til rommet, gikk det ei stund før Torunn og Astrid vakna til live. Dei hadde kome kvelden før, og det var kjekt å sjå kjende fjes. Eg hadde ikkje sove så mykje på flyet, så eg sov nokre timar før vi stod opp og et vår fyrste brasilianske frukost, som bestod av kake, kake og atter kake! For oss nordmenn som er vand med grov skiver og mjølk til frukost, så var det ei sær oppleving, men når sant skal seiast så var det no litt godt med eit kakestykke til frukost. «When in Rome».
Heilt utan vår viten når vi bestilte billettane, hadde vi hamna midt i feiringa av det kjende karnevalet i Rio. Dette var noko som vi aldri heilt klarte å bestemme oss for om vi var glad for eller ikkje. Gatene var fullsatt av festglade menneskje som var sminka og kledd ut i alle slag kreative kostymer. Vi såg halvnakne menneskjer(hud er saktens ikkje noko dei er redde for å vise i Brasil), óg til og med «paven» hadde tatt seg ein tur! Alkoholen flaut fritt (alder var ikkje noko spørsmål, då eg såg ein gut som ikkje kan ha vert meir enn 13 som drakk) og gatene såg mest ut som om det hadde vore dommedag, då det var søppel strødd ut over alt. I tillegg var dei fleste butikkane stengte og fleire områder var sperra av for ferdsel. Alt dette gjorde at vi følte at vi ikkje fikk sjå Rio i sin fulle prakt. På den positive sida, så trur eg at det faktum at det var karneval gjorde det mykje tryggare for oss som turistar å vandre rundt då det var menneskjer og politi å sjå til alle døgnets tider. Pluss at det er jo ganske kult å ha opplevd karneval i Rio!
Vi gikk rundt og såg litt på paradene, og gjorde litt sightseeing samtidig. Den neste dagen reiste vi med buss opp til foten av fjellet der Jesus-statuen er. Vi kjøpte oss billett med gondolen som skulle ta oss opp fjellsida, og etter ei lengre ventetid, var vi på veg opp til den berømte statuen. Berre nokre dagar tidlegare hadde det vore lynnedslag, som hadde slått ned i den eine fingeren, så statuen var diverre dekka av stillas, men vi fikk tatt nokre fine bileter. Oppe frå toppen kunne vi sjå utover Rio i 360 grader, og det var ei flott utsikt. Medan vi venta på å ta gondolen opp, hadde vi gått eit stykke for å finne ein minibank. Då vi endeleg fann ein, fraus den sjølvsagt medan kortet mitt stod i, og byrja å restarte seg. Fun Fact: Minibanken var styrt av Windows!
Deretter tok vi bussen vidare til ein fjelltopp kalla «Sugar Loaf», og Astrid tok dei tre gondolane opp medan eg og Torunn venta nede. Når vi alle var samla igjen tok vi oss ein tur på restauranten som låg rett ved, og forsynte oss av koldtbordet. Dette vart ei av dei fyrste halvvegs gode måltida vi hadde i Brasil, då maten ikkje var noko som imponerte noko veldig på turen.
På kvelden tok vi turen til Samba Drome'n og pruta til oss billige billettar frå ein kjekk brasilianar utanfor. Han spelte «spelet» og var god på få oss til å tenkje at vi «vrei om armen på han» når vi pruta prisen ned og at det var «special price» for oss, sjølv om eg er sikker på at vi kunne ha fått billettane mykje billigare. Vi enda opp på arena 13 for ein real pris av ca.100 kr. kvar. Etter å ha handla pølse med brød og brus frå ein av dei mange bodene i gatene, fann vi vegen fram til plassane våre. Vi var mest med utgongen til dromen, men vi hadde ei grei utsikt over paraden som dansa rytmisk av garde til den fengjande portugisiske musikken. Då dei spelte den same låta om igjen OG OM IGJEN, byrja vi etter kvart å synge med av full hals.
Deltakarane som er med i paraden, brukar fleire månader på å forberede seg, og det var imponerande å sjå kor mykje arbeid som var lagt ned i flåtene. Vi såg flåter med enorme babyar; star trek-tema; rubiks kube; Chucky frå den gamle grøssarfilmen, og den eine flåta var forma som ei speledåse der to dansarar var festa i enden av ei long stong som dei svaia rundt på høgt over bakken. Dansarane som gikk forbi var utstyrt i vakre og fargerike kostymer og dei dansa og song energisk heilt til endes. Det var fullsatte benkar, og vi hadde vert så «heldige» at vi fikk ei godt berusa brasiliansk kvinne bak oss som stadig dusja oss med øl, og som absolutt skulle vere med i alle bileta. På vegen heim, fann vi dei ulike kostymene spredd utover langs vegen. Det var fritt fram for å plukke og prøv på, så for eit lite øyeblikk var vi like flotte som den flottaste karneval deltakar!
Isla Grande
Vi møtte opp på busstasjonen tidleg om morgonen, og klarte etterkvart å skaffe oss billettar til havnebyen Angra Dos Reis, der ei ferje skulle ta oss over til øya Isla Grande. Det gikk berre ei ferje om dagen så vi passa på å vere ute i god tid, og fikk oss dermed plass heilt framme på ferja. Der vi fikk timane til å passere ved å spele kort. Ferja fylte seg fort opp med andre ferierande, og på slutten av turen hadde to karar frå Argentina blitt med på eit slag «hjerter». Til vår sakte vaksande forarging, var det Torunn som vann gong på gong!
Hotellet vi budde på var fargerikt mala i gult og rosa, og rett ved rommet vårt hang det ei hengekøye der ein kunne ligge og nyte synet av kolibibriane som flaug rundt. Det er ei lita øy og det meste var i gåavstand frå hotellet vårt. I håp om eit godt måltid, satte vi oss ned på ein av restaurantane og bestilte mat, men vi vart diverre ikkje så veldig imponert (noko som vi var byrja å bli vant til). Deretter gikk vi på baren rett over gata. Det tok ikkje longe tida før ein gjeng med brasilianarar kom og satte seg ned. Den mest utadvendte av karane var ein oljebruna svenske, som prata i eit sett om alt og ingenting. Dei andre snakka ikkje så mykje engelsk, så det vart ikkje noko særleg konversasjon mellom oss. Vi vart med dei på ein nattklubb, men det var ikkje så mykje liv der så vi vandra etterkvart heim.
Dei neste dagane vart brukt på stranda- både på ei som var nokre få kilometer unna oss, og ei anna som var ein lengre gåtur unna. Planen var å gå til ei strand som skulle vere heilt fantastisk vakker, men då heten tok oss, slo vi oss ned og naut sola på ei anna. Det viste seg seinare at den andre stranda var «rett rundt hjørnet». På vegen tilbake, sat vi på med ein båt. Det var ikkje berre sol medan vi var her, så det vart ein god del kortspeling på gråversdagane.
Paraty
Etter fire dagar på øya tok vi ferja tilbake for å reise vidare sørøst mot Paraty. Dette var ein koseleg liten havnelandsby, med brusteinlagde gater og små sjarmerande, fargerike mursteinshus. På kvelden gikk vi ut på ein restaurant og naut ein god middag og prisvinnande drinkar, til live musikk, og neste morgon vandra vi litt i gatene før vi tok buss vidare til vår neste destinasjon.
Foz do Iguassu
Foz do Iguacu tyder elvemunning på portugisisk, og ligger ved grensa til Argentina.
Frå her hadde vi bestilt ein dagstur ut til Iguassu Falls. Ig tyder vatn, og uassu tyder stor. Legenda seier at det for lenge sia ekisterte ein ein gud som ville gifte seg med ei vakker kvinne kalla Naipi. Ho flykte med hennar elskar Tarobá i ein kano. Guden skilde elva i to i sinne, og skapte dermed fossefallet og dømde dermed elskarane til eit evig fall!
Det var eit utruleg mektig syn, der vatnet fossa ned og brusa rundt oss. Vi vart òg med på ein båttur som tok oss inn i fossen. Det var ei utruleg morosam og VÅT oppleving. Det var umogleg å late opp auga, og det kjendes ut som store, kraftige bølger som stadig vaska over oss!
På kvelden pynta vi oss og gikk ut på jakt etter ein dugande restaurant . Sjølv om vi hadde blitt skuffa gong på gong på turen, så hadde vi stadig eit lite håp om å få i oss eit godt måltid. Vi hadde forhøyrt oss på hotellet, og fann om litt fram til ein restaurant som resepsjonisten hadde anbefalt oss. Og gjett om vi vart fornøgde! Dette var ein flott restaurant, med koldtbord og servertørar som gikk rundt og serverte ulike kjøttstykker frå grillspyd. Foran oss på bordet hadde vi eit bilete av storfe, der namnet på dei ulike delane var beskrivne. Maten var utsøkt, og endeleg hadde vi smakt på god, autentisk brasiliansk mat!
Morgonen etter vart vi plukka opp av ein ny guide som skulle ta oss med over grensa til Argentina. Heldigvis snakka denne guiden meir engelsk, slik at vi kunne føre ein samtale og stille spørsmål. Då vi kom fram vart vi fyrst tatt med til eit fossegap kalla «Devil's mouth». Kreftene som herja her var hakket meir imponerande enn dagen før, og det var skummelt korleis fossegapet mest lokka på deg. Guiden vår kunne fortelje at fleire menneskjer hadde falt uti her, eller tatt sjølvmord. Frå den argentinske sida kunne vi sjå over på fossane som vi hadde besøkt dagen før.
Før vi reiste heim var vi innom fugleparken, der vi såg alle slags fargerike og rare fuglar som vi aldri hadde sett før. Vi var godt trøyte og våte når vi kom tilbake på hotellet ut på ettermiddagen, og etter ein god dusj og litt avslapping, fann vi fram til ein restaurant som køyrte det same opplegget som den vi var på kvelden før. No var det nesten slik at vi var byrja å bli bortskjemd med all den gode maten vi hadde ete dei siste dagane!
Tilbake til Rio
Dagen var komt for avreise og vi var oppe tidleg for å ta flyet tilbake til Rio de Janeiro. Flyet var nokre timar forskinka, så vi fikk tida til å gå ved å spele kort. Torunn låg fortsatt i teten!
For dei siste dagane i Rio hadde vi prøvd å få eit hotell som var litt nermare sentrum enn det vi hadde sist. Då var vi langt opp i fjellveggen, og gåturen tok det litt ut av oss. Hotellet viste seg å vere under restaurering, og eg trur vi difor hadde blitt oppgradert frå rommet vi eigentleg hadde bestilt. Då vi kom inn på rommet, vart vi mektig imponert då det var eit enormt hotellrom med ein entré, badstue og boblebad. Både veggen inn til badet og taket, og sidene på dobbelsenga, var dekka av spegel, og i det eine hjørnet var det falske plantar innramma bak glas. Det gikk ikkje lenge før gleda gikk over til lettare skepsis då vi fann kondomar og eit informasjonshefte om seksuelt overførbare sjukdommar på nattbordet. Teoriane var mange om kva type gjestar som ferdast på dette hotellet.
Vi merka på fleire måtar at det ikkje var karneval lenger. For det fyrste så var alt søppelet og sperringar fjerna, som gjorde byen tre fram i si fulle prakt. Vi merka det òg ved at vi fikk mykje meir merksemd når vi gikk i gatene, gjennom tilsnakk og smasking, og vi kunne til tider kjenne korleis nokre fulgte oss med augo. Det var litt ubehagelig, men vi følte oss aldri utrygge.
Den nest siste dagen vår i Rio tok vi bussen til eit kjøpesenter der vi vandra rundt i nokre timar, før vi tok bussen tilbake til hotellet. Her kosa vi oss med smågodt og ein (dårleg) grøssar på Netflix.
Den siste dagen i Brasil var komen. Dette vart òg den siste dagen på mi verdsreise, noko som var vemodig, men óg godt på same tid. Før vi reiste til flyplassen, tok vi bussen til den kjende Copacabana stranda og naut nokre svette timar her, før vi et eit godt måltid på ein av dei mange restaurantane langs strandlina. Deretter var det på tide å vende nasa heimover til kjende trakter. Då Torunn og Astrid hadde bestilt billett heim med eit anna fly enn meg, sa vi farvel på flyplassen og så venta eg dei siste timane før eg òg satte meg på flyet, i retning Norge. Flyturen heim var tilbrakt i «luksus» då eg hadde blitt oppgradert til 2.klasse grunna fullt fly lenger bak, og avslutta dermed vi 5 måneders lange reise med stil!
- comments