Profile
Blog
Photos
Videos
ROADTRIP-FØRSTE DESTINASJON: SAN DIEGO
Me forlot hotellet i NY 03.00 natt til tysdag, det var eit slit å komma seg opp men slett ikkje trist å forlata Royal Park! På flyplassen fekk me med oss nydleg soloppgang over NY, så bar da avgårde til Los Angeles. Der måtte me stilla klokka igjen så me ligg no 9 tima bak dikka i tid. På flyplassen i LA henta me leigebilen vår som me skal cruisa amerikanske vegar med dei neste 14 dagane. Den var sjølvsagt utstyrt med GPS, der me har Stine som vår gode norsktalande venn! Ho rekalkulerar vegen der me kjøyrer feil så det set me stor pris på :) Oddis ha so langt vore ein svært so habil sjåfør av vår raude Dodge!
Etter 2,5 timar kjøyretid sørover ankom me San Diego. Uttørsta og med innovermage(!) grunna lite inntak sidan dagen før svinga me inn på nermaste junkfood-sjappa og kjøpte oss burgarar. Me spurte ho som jobba der om ho visste om billige overnattingar i nærleiken. Ho ringte til ei veninna av seg som var manager på eit motell og som fiksa oss ein god pris. Istadenfor å betala 99 dollar for rom betalar me 69 dollar, da lika me :) Motellet e veldig fint og like i nærleiken av Sea World som igjen ligg litt utanfor byn! Etter ankomst svinsa me berre litt rundt i området. Ettersom dagen byrja svært so tidleg og me måtte i tilegg stilla klokka 3 timar tilbake vart resultat att me sovna kl 21!
Så i dag var me lys vakne og utkvilte kl 6! Etter eit par timar med tv, gjekk me til frukost ( som sjølvsagt innheldt alt for mykje søtt) for så å reisa til Sea World! Ein fornøyelsespark der hovudattraksjonen er spekkhogaren Shamu med fleire. Der har me hengt nokre timar i dag, sett to spekkgoggarshow og delfinshow. Spekkhoggarar er underteikna sine favorittdyr så det var utan tvil ei oppleving! Sjølv om det er litt betenkeleg att så store og flotte dyr som egentleg høyrer heime i store hav befinn seg i basseng som menneskleg underholdning. Men håpar dei likevel har det fint der dei er. Spektakulert å sjå var det ivertfall! Etter ein lang varm dag i Sea World er me no tilbake og slappar av og vurderar om me skal tilbake til SW kl 21.30 for å sjå kveldsshowet med spekkhoggarane og fyrverkeri.
Kjekkt å lesa gjesteboki, fortsett å legg igjen meldingar når de besøker bloggen vår :)
Håpa alle ha da finfint i sommarvarme Noreg!
- comments