Profile
Blog
Photos
Videos
LOS ANGELES
Absolutt ikkje ein av verdas finaste byar, men me har kost oss! den størstefeilen me har gjort så langt er at me leverte leigebilen same dag som me kom til LA. Det hadde absolutt vore ein stor fordel å hatt bil i denna byen! Avstandane er enorme og offentleg transport er skrale greier her. Me booka oss inn på Saharan hotell som ligg på Sunset Boulevard i Hollywood med gangavstand til walk of fame ( alle stjernene med navn på kjendisar inni). Me gjekk der første dagen og det er absolutt ikkje glamorøst på nokon måte. Ein går langs fortauet der stjernene er og endar opp ved Chinese theater (der oscar utdelinga er kvart år) der alle hand-og fotavtrykk til ulike kjendisar er. Me tok sjølvsagt dei obligatoriske bileta her og :)
Neste dag fekk me opplevd korleis det er å te buss her. Og det tok tid, lang tid! Fra Hollywood og ned til Santa Monica beach brukte me ca 2 timar med venting!! Resten av den dagen brukte me på Santa Monica og Venice. Gjekk strandpromenaden frå SM til V, og enda opp i sirkuset som er på Venice! her har ein alle mulege folk samla på ein plass, masse rart! Kjende på tempraturen i Stillehavet på vegen tilbake, men me synst da var for kaldt! Så var det buss tilbake om kvelden! I tilegg fekk me vaska litt klede på vaskeriet som var naboen til hotellet. Da var nødvendig!!! :)
I går var me heile dagen i Universal Studios frå kl 10 til 18! Fekk sjå ulike film/tv sett osv. Dei dreiv med innspeling av CSI, Frustrerte fruer og Ghost Whisperer den dagen og me kjøyrde forbi alle sammen men såg diverre ingen kjendisar :( Forutan om det var det masse ting og show ein kunne sjå. Kjekk men meget varm dag!
seint i går kveld bestillte me flybillettar til Washinton DC so no sit me på LAX og ventar på å gå ombord. Er framme seint i kveld. der skal me vera i helga før me reiser tilbake til New York dei siste dagane! Går alt for fort denna ferien, men me nyt kvart sekund og det skal me gjera denna veka og!!!
Håpa alt står fint til med alle samen heima!!! Ck og Oddis :)
- comments