Profile
Blog
Photos
Videos
Heyhey!!
Ei stund sidan sist, men dårelg internettdekning + masse ferieting å ta seg til. Men no ska me retta opp att alle feila fra i går....so her kjemme siste vekas hendingar.
LAS VEGAS!!
Det første ein kan sei om LV midt på sommaren er att det er HEITT!! Skygge er berre ein vits og vinden er like varm som sola! 43 vaarmegrader i skyggen!! Så kort tid etter adkomst til vårt casino-hotell Ballys heiv me oss i svømmebassenget å va meir i vatn enn på land! Me budde midt på The Strip-ei lang gata med masse hotell og casino. Noko anna av byen såg me ikkje, trur heller ikkje det er vanleg å bevega seg så langt utanfor den gata. Andre kvelden var me på Jubilee showet som var på hotellet vårt. Einaste i sitt slag i LV, og det er verdt å få med seg om ein er på desse trakter :) Stikkord: masse topplause dansarar! Litt muscial aktig show, med synging, dansing osv. Men det var kaldt, sikkert fordi dei topplause dansarane skulle ha stive brystvorter til ein kvar tid (for det hadde dei) ;)
Etter to døgn på Ballys hotell flytta me til Cesaers Palace! Det var som å vera i Roma på nytt! Ingenting mangla....til og med spansketrappi og colosseum hadde dei fått med! Me var dei ei natt og det var verdt kvar ei krona, for ein galskap! Hotellet hadde eiga handlegata der alle dei viktigaste designarane har fått sin plass!
Kort oppsummert er LV slik ein ser det på TV-masse flotte hotell, spelegalskap (me spelte forresten ikkje så mykje som ein cent!!) og eit mylder av ulike folk!
YOSEMITE NASJONALPARK!
Neste destinasjon var litt meir jordnært! Me kjøyrde i ca 7 timar, kjøyrde blant anna forbi area 51 (ufo-hovudstad). Etter lange timar på vegen kom me inn i nasjonalparken. Kjøyrde opp,opp,opp og befann oss plutseleg omringa av fjelltoppar med snø! Rundt solnedgang byrja det å bli kritisk med bensin, midt i skogen! Heldigvis dukka det ein besinstasjon opp av intet men då funka ikkje visa-kortet på automaten og bensinstasjonen var stengt! Heldigvis var ho som dreiv b.stasjonen fortsatt der så ho opna for oss! Litt lettare til sinns kjøyrde me dei siste mila gjennom skogen før me ankom ein halvøde plass der den einaste intensjonen var søvn! Alt var stengt så det vart sjokolade og potetgull til kvelds!
Neste dag kjøyrde me til der me skulle sova inne i nasjonalparken. Me skulle betala svindyre 150 dollar for overnatting utan do på rommet! Men då me kom dit hadde dei hatt problem med nokon å romma så dei måtte flytta oss 7 km lenger opp i dalen. Ikkje heilt happy med det, men me gjekk med på da. Då me såg erstatningen var alle sure miner gløymt! Kom på luksushotell som naturlegvis hadde do! Og om kvelden åt me fantastisk god middag framfor peisen! Herleg opphald! Neste dag kjøtrde me til Glacier Point og såg den fantastiske utsikta over Half Dome. Men det mest spektakulære var når me skulle ut igjen derifrå, då såg me BJØRN! Den gjekk å tusla rundt i skogen og lot seg gladleg fotografera :) Så ein treng altso ikkje vera i Bodø om dagen for å sjå bjørn! Dessutan såg me også ein heil del trebjødn!
Etter herleg rekreasjon i naturen sette me dodgen i drive og kjøyrde til :
SAN FRANCISCO
Meget gangbar by. Me budde i finannsdistriktet og kunne gå til dei fleste plassane derifrå. Kosleg å rusla rundt i bratte gater! Planen var å reisa til Alcatraz, men det var diverre utselt i mange dagar :( Sjekka ut Fishermans Wharf..ein plass med masse rart der me blant anna møtte Forest Gump (sjå bilete). var også inne på ein godtebutikk som innheldt tønne på tønne med karamellar! Det kjennest i kjevane etter det gjekk litt over styr der inne ;) ellers fekk me endeleg dekka litt av shopping behovet, det er alltid bra :) Medan alle andre plassar me har vore har det vore meget heitt var det faktisk gensar-vær i SF. Det var sol men ein del vind! Me tok også dei obligatoriske bilda framfor Golden Gate! Etter to dagar her plotta me inn Highway 1 på GPS`n og kjøyrde nedover kysten. Stine e diverre byrja å bli litt upåliteleg, men me skal skjiljast frå ho i måro uansett....
Midt i solnedgangen fann me eit kosleg lite hotell som me sjekka inn på. Neste morning reiste me tidleg mot neste mål der me befinn oss no:
SANTA BARBARA
Ein litt overprisa men veldig rein,kosleg liten strandby. Her sjekka me inn på Presidio motell...det billigaste me fann men absolutt fint! Her var det gratis sykkelutleige so me har råna rundt på Santa Barbaras gater på sykkel i dag! Kjempekjekkt! har også fått antyning til raudfarge etter nokre timar på stranda ;) Etter ein meget god middag på ein italiensk restaurant har me no intatt soldekket på motellet før me skal legga oss! I måro kjøyrer me dei siste to timane til Los Angeles der me diverre må levera tilbake bilen etter 14 dagar på vegen!
No har gjespinga tatt heilt overhand her! So long folks!
Klem i fleng- ck og oddis
- comments