Profile
Blog
Photos
Videos
SEDONA- red rocks country!
Me forlot San Diego tidleg om morgonen mot destinasjon Sedona! Dette tok heile 9 timar..8 timar i berre kjøyring! Da var lenge på vegen...men det me ankom var vel verdt turen! Innkjøyringa til Sedona var ein utruleg naturopplevelse! Røde fjell på alle kantar! Er vanskeleg å beskriva, men bileta seier litt. Innlosjerte oss på eit veldig kosleg hotell. Bada i basseng og slappa av i boblebad :) Etter sola var gått ned rusla med i downtown Sedona-som består av ei gata med masse koslege små hus og butikkar. Deretter åt me på restauranten som me fekk anbefalt av dei på hotellet vårt. Den var rett å slett fantastisk på alle måtar. Utruleg fint og heimekosleg lokale, kjempe service og maten var uforgløymeleg! Visst nåken har tenkt å ta turen til Sedona vil me anbefala denna på da varmaste!
PS: bilturen har heldigvis gått veldig greitt takka våre gode venner i radioresepsjonen:bjartis,steinis og toris :) Hysterisk morsom underholdning!
Etter ei god natt søvn, og nok ein middelmådig amerikansk frukost tok me på oss tursko og var klar for å utforska dei røde fjella! Gjekk ein liten tur i ekstrem varme og fekk nokre fine bilete av Chathedral Rock. Men me fekk nok av varmen og heiv oss i elva som renn igjennom Sedona. Herleg å bada, sjølv om vatnet var veldig brunt på farge! Vatnet er vanlegvis klårt, men det hadde regna dagen før så derfor var den blitt brun.
Det er faktisk 4 juli, og når me kjøyrde frå Sedona til neste destinasjon som er Flagstaff verka det som alle i området var ute på piknik...det er vel den vanlegaste aktiviteten på nasjonaldagen deira. Me kjøyrde til Flagstaff fordi me ikkje fann ledig overnatting nærare Grand Canyon. Frå Flagstaff til GC tek det ca 1,5 time. Noko som me har tenkt å kjøyra i natt for å få med oss soloppgangen! So no er det rett i seng (kl.er 21.30), for så å stå opp kl 2.30. I følge værmeldingar skal soloppgangen vera rund kl 05.00.
Go natt folkens!! Klem frå US
- comments