Profile
Blog
Photos
Videos
Aiaiai Caramba. Medan Eli Anne no er ute og spring ein tur, kan eg oppdatere litt om reisa. Det er gått frykteleg mange dagar sidan sist, så eg lyt spole noko. Acapulco var artig å oppleve. Storby på sørkysten av Mexico - kjend frå Donald Duck & Co. Duckapulco. Det var skikkeleg lågsesong då me var der, og me trudde nesten det var noko som føregjekk, for stranda var nærast folketom. Vel, den eine dagen me var der var jo jordskjelvet i Japan, men det høyrde me ikkje stort om anna enn at eg skrudde på CNN om morgonen etter eit par SMSar heimefrå. Me gjekk seinare på stranda heile dagen, og kan melde at inga flodbølgje noko gong kom fram til Acapulco..
Stranda var lang og bratt, og me bada mykje. Kvart 2. minutt kom ein eller annan seljar bort og ville selje all slags juggel. Status innkjøp: eit armband til Kristian, ei hårpynting til Eli Anne (ei flette surra inn i tråd med mange fargar), og ein smertefull massasje til Kristian. Faktisk smertefull i nokre dagar etterpå. Kven i alle dagar slår og knar rett på ryggmargen?? Men jenta var søt, då. Claudia, 20.
Sjølvsagt fekk me også med oss klippestuparane i Acapulco, også som kjend frå Donald Duck! Unge og gamle menn som stupte 15-20 meter ned i eit trangt sund der dei kun hadde eit par meter klåring frå skarpe, harde steinar. Stor jubel frå folkemengda, sjølvsagt - og eit blinkskot av Eli Anne saman med speedo-kledde stuparar etterpå. :)
Maten var sjølvsagt god også her, og på ein tysk restaurant i gamlebyen fekk eg servert heilsteikt Red Snapper - eit utsøkt måltid. Det har vorte mange rettar med Red Snapper etterpå også. Turistinformasjon i Mexico er ikkje lett å forstå seg på, men omsider fekk me tinga bussbillettar for Puerto Escondido 8 timar lenger ned på sørkysten av Mexico. Det vart nattbuss, og dermed sparte me ei natt i overnatting. Bussen var betre enn Valdresekspressen, og seta gjekk heeeeeeeilt attende. Der låg me godt og sov i mange timar den natta. Eg skal herved prøve å dele opp skrivinga i fleire avsnitt, etter hinting frå Førebels (Sjå kommentarar).
Det blir mykje referatskriving no, men det er framleis nokre dagar att før eg er uptodate på skrivinga. I puerto Escondido var me i to netter, og me fann eit triveleg hotell, Buena Vista der me overnatta. Der treffte me også på ein triveleg tysker som hadde take eit lite rutefly (Cessna) frå Oaxaca (Wah-hah-cah) om morgonen etter ein noko fuktig kveld kvelden før. Han la seg inn på rommet ved sidan av, og slukna antakeleg der nokre timar. Den dagen fann me atter stranda, og eg Cervesas. Eli Anne likar ikkje å betale for solsengene, og det treng ein ikkje heller så lenge ein tingar noko frå menyen. Og då lyt eg sjølvsagt trå te og syte for at solsenga er "gratis å liggje i". Dos Coronas, por favor. Y una mas, y una mas, y dos mas. Gracias. Me har ete så mykje god mat omtrent heile tida, og om nokon ynskjer utdjuping i matrettane så får de lese Bloggen åt Eli Anne... :) Den ettermiddagen leverte me klede til vask, og Eli Anne fann ut at det ikkje berre var ho i heile verda som vart overraska over at kleda også var turka då dei var ferdig vaska. Godt å vere to på tur. Me fann også ein slags turistinformasjon, og der klarte me å få tinga flybillettar til Chetumal, som ligg like ved grensa til Belize der borte på Yucathan-halvøya. Dermed var neste veka lagt - me skulle til Belize! Eit heilt anna land og eit nytt stempel i passet! Etterpå kjøpte me inn nokre øl for å drikke på balkongen på hotellet, og inviterte over tyskeren Tom som ikkje sa nei til eit par øl. Triveleg kar som jobba som lege i Berlin. Han ville møte ei jente frå Belgia som han hadde møtt i Oaxaca, så me vart med han til sentrum i Puerto Escondido og gjekk på restaurant med dei to. Seinare på kvelden rusla me stranda attende til kvar me budde, og stakk innom eit par plassar på stranda som spelte musikk og drakk eit par drinkar. Neste dag tok me drosje (saman med Tom og Ine frå Belgia) til Playa Carisalillo, ei lita strand inni ei bukt som visstnok skulle ha nybyrjar-bølgjer og moglegheiter for bading. Ein kunne nemleg ikkje bade på stranda i sjølve Puerto Escondido grunna sterke understrømmer og digre surfebølgjer. Om du tusla meir enn ein 4-5 meter utti kom eit par badevaktar ilande på 4-hjulingen sin og vinka deg oppatt. (Some people staaaaay into the daaarkness, afraid to step iiiintooo the light). Etter ein herleg frukost på Cafe Cafecita, nokre hundre meter ovanfor stranda, rusla me ned. Stranda ligg inst inni ei lita bukt som er omkransa av berre bakkar. Ned til bukta laut me gå ein lang steintrapp som var laga for høvet. Det var ikkje plass til mange hundre folk inne i bukta, og det var heller ikkje så mange der. Me leigde eit surfebrett og prøvde oss uti på tur. Me klarte å "surfe" liggjande på bølgjer eit par gonger, men dei kom for sjeldan til at me fekk mange nok forsøk på å prøve å stå på brettet. Det var mange andre nybyrjarar der også, så det var ingen som såg rart på ein om ein datt tå brettet i noko som kunne vere den minste bølgja nokon nokonsinne hadde prøvd å surfe på... :)
Då me rusla attende til hotellet stakk me innom eit par småbutikkar, og eg fekk kjøpt meg ein sombrero og ei hengekøye. Eg gler meg herved til turar i park i Oslo til sumaren, med slakkline og hengekøye. Og nokre små, brune... :)
Uttrykk frå Puerto Escondido: Eli Anne: "That cannot be good for you in the length".
0520 sundags morgon kom drosjesjåføren me hadde avtalt med dagen før (ein ganske laus avtale som me båe var noko i tvil om kom til å halde så tidleg om morgonen, men jaudå), og køyrde oss til bussterminalen. Derfrå tok me buss eit par timar til flyplassen i Huatulco.. ein liten flyplass der langt nede i sør i Mexico. Derfrå laut me ta fly til Mexico City, og så attende austover til Chetumal. I Chetumal fann me ein buss av den eldgamle amerikansk skulebuss-typen som det sto Belize på. Bussen køyrde så sørover, og etter ein grensepassering var me altså kome til Belize. Bussen tok me ein halvtime inn i Belize, til den vesle byen Corozal. Det var vorte kveld, og me tusla noko rådville rundt omkring med stosekkane våre på ryggen. Saman med sombreroen min er det mogleg me i blant ser ut som nokre turistar. Med "i blant" meiner eg heile tida. Ein hyggjeleg kar lurte på om me trong ein plass å bu, og det gjorde me jo. Han skulle på nattskiftet sitt på eit hotell "rett her borte", så me tusla etter han og tok inn på eit lite, hyggjeleg hotell ved sjøkanten. Det var heller ikkje langt bort til båtkaia der me skulle ta båt ifrå neste morgon, så det var i grunnen kjekt. Den kvelden åt me middag på R D's, som i likheit med mange andre plassar me vitjar har god omtale i "the book". Her åt me knallgod mat, og fekk for fyrste gong smake på Beliziansk øl. Belikin og Lighthouse er dei to ølmerka her, og Belikin Regular har vorte favoritten. Belikin Stout er også ein god ein.Lighthouse er ikkje så ille den heller. Ein lager. Fyren ( R D) ville føreslå reisemål for oss, og forklarte korleis me kunne kome uss til ein plass langt sør i Belize som hadde nydelege strender også vidare og vidare. Han ville også at me skulle seie ifrå i fall me kom attende til Chorozal, så ville han syte for overnatting og kanskje også transport over grensa attende til Chetumal slik at me slapp buss for å rekke flyet. Det kjem me antakeleg til å høyre med han om.. ;)
Neste morgon gjekk båten til San Pedro klokka 7 om morgonen. (Mange tidlege morgoner her ser eg no.. hmmmm). På kaia kjøpte Eli Anne eit par kaffekoppar før me tok båten. Fyren i luka laut berre varme opp vatnet fyrst, så skulle me nok få pulverkaffen vår. Men det er som ein vis mann seier "Pulverkaffe er betre enn ingen kaffe". San Pedro er ein liten by med eit par tusen innbyggjarar på ei øy som i det store og heile utgjer Ambegrihs Cayes. (Cayes uttalast som engelske keys, og er ein eller fleire øyer som utgjer eit slags øysamfunn... ) Langs heile kysten av Belize ligg eit stort korallrev som heiter Barrier Reef. Det einaste som er større i heile verda er Great Barrier Reef i Australia. Det er også tre "Atolls", som er ein sirkel av korallrev kring ei eller fleire øyer, eller.. ingenting. Kort sagt - mykje korallrev og mange moglegheiter for undervanns opplevingar. Etter ein frukost, og installering på San Pedrano, eit triveleg lite hotell, tinga me ein snorkletur same ettermiddagen.
På snorkleturen var det oss to, eit par frå Polen (han fyren hadde ein knøttliten badebuksa og minna litt om Mr Bean, og eg tenkte "Burde eg ha tatt med Speedo'n min?") Det var også eit par eldre kvinnfolk frå California og eit ektepar frå ein eller annan plass i USA. Og ei mor og ein son frå ein eller annan annan plass att.. Trivelege guidar som leidde oss kring på korallrevet to plassar. Den fyrste plassen var me uti i 40-50 minutt og fekk sjå mange forskjellige, fargerika fiskar i alle storleikar, og nokre skjelpaddar. Tenk å vere skjelpadde, tenkte eg.. dei har det cooooolt, dei. "Kva skal me i dag?" "Neeeeiiss.. skal me ta til høgre då?" "Blir du med til venstre?" "Tjaa... okei.." Og så luffar dei avgarde til venstre... herleg. Den andre plassen me stoppa, "Shark Ray", lokka guiden til seg nokre Nurse Sharks med sardinar. Eg og Polen hoppa uti, men medan me hoppa uti på ein side av båten, fekk dei andre passasjerane nærmast klappe haiane på andre sida av båten før me fekk snudd oss. Eg såg nokre av dei der nede i vatnet, men dei kom ikkje så nærme att etter at sardinane hadde take slutt. Der var det omtrent to meter djupt, og mykje Sting-Rays. Ei slags rokke som også luffar omkring og ser ganske fredelege ut. Det var ei artig oppleving å symje og snorkle i kring saman med ein og annan Nurse Shark, nokre Sting Rays og ein del fargerike fiskar.
Medan me var uti vatnet skifta vêret ganske dramatisk, og det vart til slutt nesten blautare over vatn enn under. Blåse gjorde det også, noko som definitivt gjorde det varmare å vere under vatn enn over. Men damene frå California var tydelegvis ute i det verste vêret dei nokonsinne hadde vore, så me laut alle oppi båten att, og køyre attende til Isla Bonita. "It's so cooooooold". Tilogmed den eine guiden vart lyseblå, noko som var ganske mange nyansar ifrå hans opprinnelege farge. Men fader for ei oppleving! Korallrev, fiskar, krystallblått / turkis vatn.. det var som henta ut frå ein skjermsparar i Windows...
Om kvelden vart det red snapper att, og nokre øl, og litt fleire øl, medan me bivåna kveldens karaoke med meir og mindre heldige innfødde og turistar på scena. Etter den kvelden hadde eg Madonnas La Isla Bonita (Last night I dreamt of San Pedro...) på hjerna i fleire dagar. Her møtte me også nokre hyggjelege karar frå Stavanger som var på 9 dagars ferie til Belize for å fiske. Dei var ute i båt 8 timar kvar dag og fiska etter alskens karibisk saltvannsfisk. Hyggjelege karar!
Onsdag leigde me syklar hjå ein triveleg kar. Cruisersyklar, rammeskakke og rustne. Men dei dugde, og me sykla i omtrent 3 mil nord på øya og nedatt til San Pedro. På vegen vart eg både sveitt og solbrent. Meir om dette, turen til San Ignacio og kva me gjorde der i neste post! Helsing så lenge frå Eli Anne og Kristian.
- comments