Profile
Blog
Photos
Videos
Oioioi.. om det framleis er nokon der heime som les, så kjem no siste oppdatering. Det er korkje plass eller tid til å skildre alt i detalj, så det vert ei oppsummering :)
Siste stopp var altså I San Ignacio i Belize der me vart godt kjende med guiden vår og sonen hans. Faktisk så kjende at me vart med dei to til ein lokal valdresfestival i Zukuts, ein liten busstur ifrå San Ignacio. Eller.. meir ein busstur TIL, og planet på ein pickup attende klokka 2 om natta. God historie. Det vart tacos, myyyykje øl, noko Rom og litt forsøk på dans... Treffte også at franskkandaiarane våre som me treffte på grottetur, der. Hyggjelge folk, merkelege men hyggjelege.
Appropos grottetur. Me meldte oss altså på ein grottetur til ei grotte som Mayaindianarane brukte då dei sprang omkring nedi der. Korleis veit ein det? Jau.. fordi inne i grotta har dei funne hundrevis av gamle krukker, bøtter og andre ting lagt att av maya'ne. Og i tillegg: Eit par skjelett av menneske. Som framleis ligg inni der. Guiden vår sa at dette var einaste plassen i verda at myndigheitane tillot å la turistar få rusle kring skjelett av menneske der dei vart funne inne i ei grotte. Kan stemme - eg har i alle fall aldri sett noko liknande. Me var nokre hundre meter inne i grotta, vassa og symde i vatn, passerte tronge passasjar og klatra opp grottevegger for å kome inn. Liknande oppleving skal eg leite lenge etter.
Det vart også tid til ein kanotur på elva som renn gjennom San Ignacio dagen etter fyllekalaset på Zukutsmarken. DET var ein roleg og avslappande tur - midt i blinken for to noko slitne nordboarar. Dagen etter tok me bussen attende til Chorozal, omtrent ved grensa til Mexico att. Bussen gjekk ikkje før på ettermiddagen, så sonen til guiden møtte oss og hang med oss den dagen. Tok ein cola, symde litt i elva, slappa av og prata tullprat. Eg vart rett god på å prate kreol.. ein slags jamaica-engelsk... merkelege greier.
Så tok me altså flyet attende til Mexico City, og laut liggje over ei natt på hotell. (Andre gongen me vitja Mexico by (transit tel ikkje).
Dagen etter DER att skulle me ta flyet til Havanna. Eg spør, kor mange boardingpass har de sett der det ikkje står anna enn departure time. Og der det ikkje står spesifisert at tida oppført faktisk ikkje er boarding time, men departure time. Og flyet i tillegg (utan at me visste det) er framskynda ein halv time. OG infofolka på flyplassen ber deg vente til flighten kjem opp på infotavla... i det flyet går... Eg berre spør. Så då me omsider fann riktig gate (ingen som visste kvar gaten vår var hen), så får me altså beskjed om at flyet har gått.... Så jaudå. Etter noko grining og banning får me att bagasjen vår, og brukar resten av dagen på eit hostel i Mexico By (tredje gongen me vitja Mexico By, me var trass alt ein tur inne i internasjonal sone), til å finne eit anna fly med Copa Airlines tidleg, tidleg neste morgon. Dermed kom me oss altså vidare til
CUUBA!!
Kva skal ein seie om Cuba? Opphaldet vårt der vart jo forkorta, så me bestemte oss for å ikkje reise andre plassar for å overnatte, men å bli i Havanna. Fann ein Casa Particulare (folk som leiger ut rom i leiligheita si med tillatelse frå staten (max to rom)) som var særs hyggjeleg. Dro på stranda, shoppa litt, og ringte Kilroy for å sjekke om me hadde fly heimatt. Det hadde me ikkje. Aero Mexico hadde kansellert billettane våre iogmed at me ikkje dukka opp på flyet me skulle på, og i tillegg selt plassane våre så flyet var fullt.
Haffh.. dermed laut me få me guiden vår, Alejandro og særs hyggjelege, svenske, Nina på å få tinga to nye billettar på ein eller annan måte attende til Mexico by. Heldigvis klarte me det ganske fort, og fekk tinga to av fire ledige billettar att på eit fly med Cubana Airlines attende til Mexico By to dagar før me skulle vidare. Men kjære vene, tenkte me, Mexico by kjenner me no så godt at me skal nok klare å kose oss der!
SÅ gjekk omsyning i byen vidare me Alejandro og Nina. Nina hadde reist åleine i sentral Amerika i eit par månader og tykte det var sååå triveleg å treffe på oss. Me fekk vite litt av kvart om Cubansk historie og om diverse bygningar i byen, me smakte på Mojito, me var på Sjokolade museum (Ja!! Det var dritgodt. Kald kakao er knall!). Me var innom ein plass som selde sigarar og kjøpte kanskje med nokre sigarar til nokre der heime... ;) Me var innom ein restaurant og tinga billettar til kveldens konsert med Buena Vista Social Club, og hadde det rett og slett skikkeleg koseleg!
Buena Vista Social Club er ein gjeng med folk på godt over 70 som spelar skikkeleg Cubansk musikk. Det vart ein skikkeleg artig oppleving!! Det heile endte i at heile restauranten dansa jenka til avslutningsnummeret. Vel, alle utan eit par nordbuarar og ei svenske... :)
Neste dag hadde me ordna sykkeltur med Alejandro og dro dermed rundt på sykkel eit par timar. Var innom plassen der Fidel har heldt ein del talar og diverse. Seinare drog me på stranda ;)
Cuba var... heilt greit. Eg tykkjer Eli Anne oppsummerte det ganske greit med.. "Eg er så lei alle som ber om pengar heile tida. Folk, musikantar, sjåførar, kelnarar - Gje meg ein Fixed Price lissom!!"
Einig - eg trur ikkje Havanna er det det ein gong var og som eg har høyrd så mye om. Kanskje må ein reise ut or Havanna for å oppleve det noko opprinnelege Cuba.. det får verte neste gong. Har med ei flaske blank Rom frå Havanna. 20 kronasjer. :)
Så me havna i Mexico By att. Og etter å ha kikka på billettane attende til Europa ein gong til fann me ut at flyet ikkje gjekk "i morgon kveld" men i "overimorgon kveld". Så iogmed at flyet frå Havanna til M B var framme tidelg, tidleg mandag morgon, fekk me 3 dagar i Mexico by. :)
Ein stad mellom Havanna og Mexico klarte Eli Anne å verte matforgifta, så opphaldet i Mexico By har vore prega av mykje vondt i magen og mange doturar for hennar del. Eg hadde noko av det same, men det skal visst meir til for å få magen min i ulage.
Dei siste dagene i Mexico har me dermed forsøkt å kose oss mest mogleg, og det har me klart. Me har vore på marknad, gateshoppa, drukke mykje kaffe, sett på gamle bygningar og reist på tur til
TAXCO. Me tok ein dagstur med guide og eir særs pratsomt spansk par av mor og son til Tacxo. Taxco står for meir enn 80% av sølvproduksjon i Mexico. I tillegg er det den brattaste byen eg har vore borti. Eg tok ein rusletur oppover i byen, og måtte nærast klatre meg oppover i bratte gater og trapper. Medan Vokswagen Boble-bilane køyrde rundt omkring og tuta. Dagen var super - eg kjøpte meg mansjettknappar og Eli eit flotters armbånd av sølv.
No går flyet snart herifrå til London, og denne gongen har eg tenkt å vere med. Eli også, sjølv om ho har vondt i magen. Og har gått til Per i Hagen.
Pratast heime! :)
- comments