Colombo 07, Sri Lanka
Slik elles i Sri Lanka har eg altså vore her i 7 veker no. Eg skal ikkje skryte på meg altfor mykje utanom jobb- og turisme-aktivitetar, men eg tykkjer likevel eg har tjent nok gate-poeng til å ikkje kalle meg turist meir:
- Ein turist seier Tuk-Tuk - eg seier trehjuling eller Trishaw
- Turistar nyttar sugerør når dei drikk King Coconut (Tambilly). Eg drikk rett frå nøtta.
- Eg har byrja å ta bussen framfor å køyre trehjuling. Det er litt spennande ...