Profile
Blog
Photos
Videos
Ein eller annan dag (kome litt ut or tellinga på dagane) tok me altså bussen vidare til Acapulco. Ein noko meir sliten buss, men framleis meir enn bra nok for oss. For kvar stopp er det kvinnfolk som vil selje ymse mat og andre ting og skrik heile sortimentet sitt inn i bussen. For ein stakkars nordboar som meg, er alt eg høyrer "bamblada bambodo, flappodos, consido FREEESCAAA!!!" Ferskt er det i alle fall. Kjøpte nokre tacoskjell med ymse godt inni for 15 pesos. Og litt snacks for 10 pesos. Då vart dei glade, og eg vart glad. Kom fram til Acapulco slik omlag på ettermiddagen onsdag (? onsdag ja..?) og fekk ein taxisjåfør til å finne fram hotell for oss. Eg trur forresten Mexico lyt ha kjøpt heile sisteopplaget av VW Boble og sett dei i drosjetenest. Her i Acapulco er det hundrevis av små boblar (kvite og blå) som køyrer att og fram og leiker taxi. (No er vorte sundag og me er i Puerto Escondido... skulle skrive lenger, men får lage ien lenger oppdatering fram til dags dato seinare.Crossing borders i morgon... Off to find paradise in Belize..) Talast!
- comments
Taumannen på Galleriet Sola har kommet frem her i gamlelandet også, kjenner "tållåen" begynner å gå ut av kroppen! Tengo grandes bolas peludas!!!