Profile
Blog
Photos
Videos
HEI.
8 Danske karar på tur som åt frukost med oss i dag. Dei hadde følgjebil og ingen bagasje å drakse på. Altso da me kallar ein pingletur ;) 20 kg bagasje bak på sykkelen merkast. spesielt i oppover bakka merka ein godt at ein har nokre kilo ekstra med seg. Når ein først skal gjera ein slik tur får ein gjera da ordentlig ;) Dei skulle ha ein 6 dagars tur. Me fekk eit kart som dei hadde brukt frå Danmark til Schleswig. Kom til nytte da, sjølv om me sykla litt feil. Blei nokre få kilometer ekstra, men i finaværet er ikkje da so nøye.
Trefte på ein heil bråte med Rogalendingar i Flensburg i dag. Pensjonistar som var på busstur. Dei blei ganske imponerte når dei høyrde kor langt me hadde sykla og kor langt me skulle. Fine gjeng var da. ( veldig pratesjuke ) Forøvrig dei første Nordmennene me har treft på turen sidan me trefte eit par i Sevilla.
Har fossa inn i Danmark i dag. Godt å berra kunne snakka morsmålet igjen ( litt forfina )
I dag har me sjekka inn på Camping i Gråstein. Er ikkje mykje gråstein her. Grønt og fint.
Har eit aldeles strålande vær om dagen. Da skal me vist få heila siste veka i Danmark. Veldig fornøyd me da.
No har me veldig god tid til me skal væra i Hirtshals, so da blir nok til at me tek nokre omvegar opp mot ferjeleiet. Sykla Nordsjøruta i dag. Dan har me vore innom både i Belgia, Nederland, Tyskland og no Danmark.
HAR OFTA SNAKKA OM AT ME SKAL HA OSS EIN SYKKELFERIE I DANMARK. NO ER ME HER.
- comments
Stine-Iren No er me på båten t sogn:) satsa på da er nåke mat i frysen heima:) tenke de kosa dikka i Danmark:) klem
Olav Terje Hove Eg e imponert!!! Tenka pao da, ynskja da, planleggja da, men gjera det..... Det har vore moro å fylgja dikka under vegs; ein fantastisk god og morsom og lærerik (!? blogg. Men de leggje lista høgt. Me andre som syslar med tankar om å sykla litt i ferien får litt prestasjonsangst. Sognefjorden på langs eller Mjøsa rundt har liksom ikkje same svungen etter dette! Ynskjer dykk fortsatt god tur på resten av turen. Olav Terje
Norunn/Jarle Hallo.. Stine Iren : Er nok mat i frysen, men alt er over 2 1/2 måned gammalt :))) Me kosa oss til gangs. Olav Terje : Først, tusen takk for fine ord. Sognefjorden på langs og Mjøsa rundt høyrest spennande nok ut da. Blir nok slike tura på oss og i framtiden. Detta gjer ein berra ein gang. Men da har vore litt av ei reis, heilt ifrå tidlig planlegging og til no.