Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 3
Opp klokka halv ni i dag. Tusla ned til havna kor me skulle ta båt over til Tanger. Heftige båttur kor dei delte ut spyposar. Tanger er ein stor havneby i Marokko med ca 700 000 innbyggara. Me valgte å la syklane bli igjen i Tarifa. Fann vel ut at det vart berre bal å ta dei med over. Skulle egentlig ta 35 min over, men med tempoet til Marokanarane so tok da ein time. Når me kom over blei me møtt av mange overivrige guida som ville visa oss Tanger. Me takka høfleg nei og rusla oppover mot byen på eigahand. Sette oss på ein fortausresturant og bestilte oss spagetti bolognese. Når me hadde sete dar ein ca 10 min so gjekk kelneren bort til ein som sat på ein stol og ga han noko peng. Nye 10 min so kom han tuslande med ein pakke med spagetti som tydelgvis skulle væra til oss. Nye 10 min da det samma gjentok seg, men denne gongen var de parmesanost han kom med. Me heldt på å le oss skakke. Me var dei einaste gjestene på resturanten, men måtte vente i 40 min på ein spagetti rett. Tydlegvis ikkje stort varelager hjå den karen. Han skulle ha altfor mykje betalt og, men me orka ikkje krangla med han, hadde ei fin stund på strandpromenaden me. Ca 22 grader og strålande sol mesteparten av denne dagen. Snakka foresten med ein franskmann på båten. Han hadde sykla gjennom Spania og hadde hatt mykje dårlig vær, til og med snø og kuldegrader. Han skulle sykle til Marrakesh. Besøkte da sørlegaste punktet i Europa på fastlandet i dag. Sto med Atlanterhavet på eine sida og Middelhavet på den andre. Facinerande I dag avslutta me kvelden med sein middag. Kyllingbryst pomm fritt og salat. Da smakte rett godt.
- comments
Hildur So koseligt de har det :)