Profile
Blog
Photos
Videos
DAG 70 PÅ TUR
HALLO FOLKENS...
I utgangspunktet hadde me teinkt oss ut på Ærø i dag. Flott bilfri øy. Sidan me skal ha 2 overnattingar i Ålborg og handledagar dar, so fann me ut at da blei litt for knapp tid til å besøka Ærø i denna omgang. Ser ikkje bort frå at me kjem til å reisa dit ein anna gang.
I dag besøkte me Gråsten slott. Slottet blei i 1935 gitt i bryllaupsgave til kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid. Kvart år frå dan 22 Juli har dronning Margrethe ferie i 14 dagar her med familien. Me gjekk i hagen og spaserte slik som dei nok gjer når dei er dar. Lite ante me da at me skulle treffa dei seinare på dagen.
Ein flott tur i dag og. Nesten for heitt ( berra nesten ;) Utruleg heldige er me. Mange som seier at Danmark er flatt. Er forsovidt da, men i fohold til Holland som er paddeflatt er her mykje opp og ned med småbakkar. For allerede tunge føter er da ikkje rare bakkane som skal til før ein kjenner da litt ekstra. Hadde vore tøft hvis været hadde vore dårlig i tilleg. Når sola skin er alt vel.
Blei konditorstopp i dag og. 2 stk faktisk. Er begjynt å feita oss opp igjen.
Når me var i Caen so var dan Franske presidenten dar samme dagen. Når me no annkom Haderslev hadde dei besøk av dan Danske kongefamilien. Dei hadde komme tidligare på dagen med kongeskipet. Da var flagging overalt. Var lagt ut røde løparar på nokre butikkar som dronninga hadde vore på. Me skulle ned på havna og finna turistinfoen. Dar var masse folk og stor oppstandelse. Dronninga og gubben skulle ombord at i båten. Fekk no tatt bilde av dei. Må væra ein stor dag for Haderslev detta. Besøk av oss og kongefamilien samma dagen. Bli nesten litt for mykje av da goa.
STEMNINGA I TROPPEN ER GOD.BEGJYNNA OG NÆRMA SEG ÅLBORG OG HANDLEDAG. BLIR KUN HANDLA TIL DEI 3 BARNEBARNA. DEI FÅR SENDE ØNSKJELISTA.
- comments
Monica (ntp) Må sei eg e imponert - no stiller de also i same klasse som dei royale i Danmark - bøyger meg i støvet, men aller mest for den bragd de er i ferd med å fullføra - sykkelturen frå Afrika til Hafslo - kjempestolt av dikka sambygdinga! Kos dikka og nyt resten av turen - spesielt shopping i Ålborg e kjekt!!! Heia Norunn og Jarle!
Norunn/Jarle Hallo Monica.. Tusen takk for da. Dan eine av oss gler seg til shopping i Ålborg :)
Leidulf og Lillian. hei. Her er like kaldt og grått.kald vind, så det er ikkje råd å sitja ute.Berre graset som veks.De nermar dikka målet,og det ser ut til att de klarar å gjennomføra prosjektet.god tur vidare.
Sivert Sivert si ynskjelista: at mamma skal få noko og ;)
Norunn/Jarle Hei.. Leidulf og Lillian : Tusen takk Har høyrt da at det er kaldt og nordavind heima. Berra da snur til me kjem heim er alt bra ;) Me nermar oss ja, men det er ikkje noko prosjekt, ferie detta... Sivert : Detta er vel skrive med påholden penn,men me får sjå ka me får til. Har 3 (4) barnebarn me skal handla til førstn og fremstn...