Profile
Blog
Photos
Videos
MOIN, MOIN
Lika ikkje å skryta av oss sjølve. Da får me overlata til dei som er flinkare til da enn oss :) Gjere eit unntak i dag. Tykkjer sjølve me er flinke som har komme oss 77 km avgårde på tunge føter.
ikkje frukost på hotellet i dag . Me trilla 200 meter og tok frukost og kaffi på eit konditori før me begjynte og trø ut av Itzehoe.
Klokka var berre 08.00 og da var allerede steikande heitt. Enda ein flott dag.
Litt spent i dag om me fant vegen ut av byen. Me har ikkje fleire kart, men fant oss jammen ein veg som me fulgte nokolunde resten av dagen.
Ein skikkelig fin dag på sykkelen. Til og med ein liten flau bris frå sør som hjelpte til.
Etter 45 km, matstopp i Rendsburg i dag. Goggos grill var so heldige å få besøk av to syklista frå Norge. Pølse kan dei i Tyskland. Dei på Goggos var ikkje noko unnntak.
Mange so ser på oss og kjem bort og spør kor me kjem frå, Ser vel ut som me er proffe med dei tøffe draktene våre. Berra kjekt da. Prata lika me.
I Rendsburg sto da skilt, 36 km til Kiel. Kunne jo ha tatt båt derifrå til Oslo, men har jo lyst til å ha med oss Danmark og, pluss at me har meir lyst til å gå i land i Bergen enn i Oslo. Trur dei fleste skjønnar korfor <3
Me bur i Schleswig i dag. Kjempefin by med ein stor dom i sentrum.
SISTE HEILE DAGEN VÅR I TYSKLAND I DAG. HAR VORE FINT I TYSKLAND, ME KUNNE SIKKERT TATT OSS LITT BEDRE TID. NO SKAL ME KOSA OSS EI VEKA I DANMARK FØR ME TEKE TUREN TIL VÅRE KJÆRE I BERGEN OG SEINARE HAFSLO. NO FÅR ME HÅPA DANSKANE ER KLAR TIL STORFINT BESØK.
- comments
eva og Nils Snart i Skandinavia....utrolig! Ha en fin ferie i Danmark
Norunn/Jarle Hei Eva og Nils.Tusen takk. Danmark er nesten som heima.