Profile
Blog
Photos
Videos
Då vi kjøpte bussbillett til Hanoi fra Hoi An skjønte vi at det kom til å bli ein hard tur sidan vi skulle dra frå Hoi An kl 13.30 på tirsdagen, og vere i Hanoi kl 08.00 på morgonen på onsdagen. Bra var det at vi då ikkje visste at den ville bli endå nokre hakk hardare enn vi trudde. Vi tok først en vanlig buss 4 timar til Hue, bussjåføren kjørte fint og alt var bra. Når vi kom til Hue skulle vi bare skifte buss til sovebuss, men då vi skulle ta inn bagasjen stoppa dei oss og ca 4 andre fordi bussen var full. Dei sa likevel at det kom en ny om 10 minutt, og reiseglade som vi var stilte vi oss fint opp i regnet og venta. 40 min seinare fant vi ut at det kanskje var eit gyldent høve til å få tak i middag. Vi gikk inn i den einaste kiosken i gata, der det stinka alkohol og det satt et par nokså bedugga vietnamesarar utanfor. Dei hadde eigentleg ikkje mat, men den snille eigaren fantfram nokon plastikkstolar og fekk varma nokon nudlar til oss. Vi heiv i oss nudlane i rekordfart fordi vi såg en buss i gata, og skunda oss ut i regnet igjen for å vente på å få gå inn.
1 time seinare begynte vi med kjedetrim (knebøy, step og tåhev), noko nokre tyskarar såg og inviterte oss inn i den same kiosken for å drikke litt øl for å halde varmen. Der vart vi sittande i 20 min før vi faktisk endelig blei kjørt til sovebussen som skulle ta oss til Hanoi. Kl var 21.00 når vi kom oss av garde. Vi kunne vere glad for at vi fikk i oss dei nudlane på kvelden, for det blei rett og slett null stopp for å ete eller gå på do før vi var framme… kl 15 dagen etterpå!!! FOR ET OPPLEGG. Når vi kom utmatta og fryktelig svoltne (aka dårlig humør) til Hanoi og prøvde å finne en plass og ete blei vi attpåtil forfylgt av en full gammal vietnamesar som var overbevist om at han elska oss. "I LOVE YOU"!! For å komme oss unna måtte vi faktisk dytte han vekk for å hoppe inn i den første og dyraste taxien vi fant.
Vi orka ikkje tanken på å reise til Halong Bay dagen etterpå, og heller ikkje tanken på å sitte så masse meir den dagen. Det førte til at vi gikk 3 rundar rundt et vatn som låg midt i sentrum, og dagen etterpå gikk vi et par rundar til. Den einaste planen for torsdagen var å gå på eit kjent dukketeater ("water puppet show"). Det var spesielt og veldig vietnamesisk, med sin eigen sjarm. Se filmen! Elles var Hanoi veeeldig kaldt - rundt 10 grader. Vi endte opp med å ta på oss alle kleda vi hadde og bruke dei alle 5 dagane vi var der oppe, noko som var ein nokså spesiell klesstil der bl.a. sarongen måtte brukast som sjal.
Fredag drog vi på 3 dagars tur til Halong Bay med to overnattingar. Vi kom oss på en bra båt, og første dagen var vi inne i ei stor grotte i eit av fjella. Vi fikk til og med kjøre båt inn i eit par grotter, med ein båt som kjørte på grunna heile tida. Stilig landskap, og vi fikk se at dei lokale menneska budde i flytande hus, der eit og anna innimellom var sponsa av Sacombank. men akk.. det var fryktelig kaldt på båten som hadde ca 0 isolasjon pga at vindaug og dører ikkje gjekk an å lukke!! Vi hutra og fraus stort sett heile turen, spesielt på føtene. Første kvelden sov vi på båten, og spilte kort med nokre Harry Potter frelste engelske jenter med Harry Potter kortstokk. Vi tok ein ganske tidlig kveld, sidan besetninga begynte å rigge opp sengene sine i opphaldsrommet i 20. tida (!) Vi satt oss heller i den tronge lugaren og prata mens vi prøvde å få varmen tilbake.
06.30 starta vi dagen med ein forfriskande kajakktur før vi fekk gå på trekking i ein og ein halv time opp på eit fjell. Fin tur med god utsikt! Endå vakrare utsikt fekk vi nyte frå et 25 meters vaklande, rustande tårn som berre tålte 5 personar om gongen. Vi kom oss fort ned att, spesielt når vi såg at plankane på golvet på toppen var nokså lause og gjerdet ikkje var mulig å lene seg på. Oj oj oj. Den hadde garantert vorte bannlyst frå norske turistattraksjonar. Så mykje mosjon som vi fekk denne dagen har vi ikkje fått på reisa, og vi vart varme og gode. Kombinert med at vi var på ein tvungen, ganske streng diett på turen vart helseeffekten optimal. Trur nemleg reiseselskapet prøvde å maksimere profitten med å gi oss svært lite og billig mat (guiden fikk faktisk høre av nokon svoltne og sure engelskmenn at vi kunne fått betre mat i fengsel - litt einig).
På kvelden kom vi i snakk med 5 andre nordmenn som studerte i Bergen. Det klikka og det enda med at vi satt heile kvelden og snakka med dei. Kjekt. Hengte også med dei resten av tida i Hanoi, og har allereie planlagt reunion i Bergen. J
No går turen tilbake til Thailand og Chiang Mai. Vietnam har klart gjort inntrykk. For å nemne noko er det sjukt imponerande kor mykje dei utnyttar plassen på bussar, bilar og ikkjeminst mopedar - der alt frå trær til 30-40 ender og ein svær tjukk gris får plass under beina.
Goodbye Vietnam!
- comments
Jonas og mamma Oi.Oi, Oi.......litt av ein tur.!! Godt dåkke er unge og spreke . Tenk om ho mor hadde vært med og utan mat Ida......!!!! Ser at stillongsen kjem vel med .... Kjekt å få høyre frå dåkke - vi kosar oss alltid med loggen. God tur vidare !!
morfar Interessant at det fins fylliker i Viet Nam også! Tror ikke mormor hadde klatret opp i tårnet, det så skikkelig skummelt ut!
Eirin Haha for et opplegg! Høres veldig artig ut. Det blir kanskje fint å komme til litt varmere strøk nå, da :)