Profile
Blog
Photos
Videos
Første dagen i Ho chi min drog vi på halvdagstur til Cu chi tunnels. Tok tydelig vis 2 timar med buss, men bra vi fekk litt tid til å lese oss opp på vietnamkrigen før vi kom. Guiden var også en underholdning for seg sjølv på vegen, med sin tørre ironiske humor, bl.a om oss turistar. Var på en rundtur som varte i ca 2 timar, veldig spennande! Fekk først sjå eit hol i bakken som fungerte som inngang - når amerikanarane kom smatt dei nordvietnamesiske krigarane ned i desse undergangane (over 250 km til saman) som var i 3 forskjellige nivå under bakken. Des lenger ned de strangare gangar. Dei vi fekk sjå og prøve var likevel utvida for turistane - 1.2 x 80 cm, så dei opphavlege var umenneskeleg små - rundt 70 X 50cm.
Vi fekk også sjå feller som dei la ut for amerikanarane, vollegravene dei skaut frå, og vi fekk prøve å skyte sjølv. Var nokså uvel av heile greia når vi kom til skytebana (hadde bl.a. ikkje lyst å posere på tanksen som visse andre turistar synest var svæært morsomt og kjekt) så etter et par skudd med AK 47 ville vi ikkje meir og svetta som grisar og var dårlig i magen - Kaaan også ha noko med at vi ikkje fekk noko å spise på heile den 8 timers lange turen?
Uvelle vart vi også dagen etter når vi gjekk på krigsmuseum, der vi fekk sjå bilete frå barn som hadde vorte deformerte etter krigen pga giftbombene som var slept ut, og bilete av brente og delte døde barn og vaksne. Til og med menneske som vart slept i tau etter tanksar. Mykje fælt, så det var ei spesiell stemning på museet.
Elles prøvde vi å finne eit shoppingssenter i ho chi min, men det viste seg å ikkje vere så lett. Taxisjåføren tok oss til eit overprisa luksusshoppingsenter der halvparten av butikkane selte møblar og heile senteret var på størrelse med SUNDT (ganske lite). Skuff for Steinar som tenkte å bruke opp siste pengane. Men han fekk seg ei kake då.. og ikkje minst nikesko til halv pris på den 3 timers lange rundturen. Elles hang vi heller ein del på internett på hotellet og siste kvelden til Steinar drog vi på kino. Vi prøvde også ut det lokale utelivet, noko som var stor suksess heilt til heimturen der Ingrid blei utsatt for et drive-by tyveri som faktisk var nemnd i lonely planet boka som ein ting å vere obs på. Sjukt frekt og dyktig var det likevel at tjuven klarte å klipse av stroppen so var festa rundt handletet, mens han kjørte forbi på motorsykkel. Ingrid tok spontant opp jakten på tjuven i dei tronge sidegatene, men måtte gi tapt. Ho drog til politiet dagen etterpå for å få eit papir på anmeldelsen til forsikringa, men politimannen var visst svært så lite sympatisk, trudde så vidt på ho og ville ha stroppen som bevis!! Papir fekk ho heller ikkje, for han måtte jo etterforske saken først…… as if!
Alt i alt en by med mykje liv!
Ting vi hittil har observert som er spesielt for Vietnam:
1. 1. Veiane strømmar av mopedar. 16 millionar mopedar er telt seier lonely planet. Fotgjengerfelt er også symbolsk. Folk stoppar berre viss dei blir påkjørt.
2. 2. Dei eig ikkje apotek eller solkrem (vi har hittil ikkje sett ei stor flaske med solkrem, og såg en fyr som var skikkelig hoven og rød over armane og i ansiktet - overhørte at han ikkje hadde fått tak i solkrem på motorsykkeltur gjennom Vietnam)
3. 3. Taxisjåførane (eller politiet for den saks skuld) snakkar ikkje et spor engelsk. Ingrid måtte bruke tolk når ho i Ho chi min skulle anmelde motorsykkelranet.
4. 4. Folka er veldig hyggelege og vinkar og hilsar. Mennene er ofte feminine.
5. 5. Barna er tydeligvis forsøkskaniner for nye hårsveisar, fluesoppfrisyre og hanekam er ikkje ukjent, sjølv på dei minste barna.
Torsdag morning drog vi vidare med buss til Nha Trang, mens Steinar reiste til flyplassen for den laaange 36timers reisen heim. Trist, for han har blitt en naturlig del av turen hittil.
- comments
Therese Hei ! Så gøy å lese :) Kjenner meg igjen !! De potteklippene er noe for seg selv.. Kjipt med ran da ingrid ! Var det mange millioner? Kos dere videre på tur! I Nha Trang må dere dra på yacht club og den ved siden av ( den ved siden av er best :) Og pass opp for rotter ;) Hilsen fra trondheim og holke.. loooves it
Silje Heia! Gjett om Therese og meg letet lenge etter shoppingsentre vi også.... Vi fant til slutt noen, men ikke akkurat noe å skryte av nei. Gled dere til Singapore sier bare jeg!! :D :D Kjipt med tyveri, men det hører kanskje med det også? Nå kan du si når du blir gammel Ingrid: "Åh, jeg husker den gangen jeg ble ranet i Vietnam, og tok opp jakten på tyven" Her er det viktig å smøre tjukt på.... ;) Kos dere masse videre! Hilsen fra Bergen og regn.. loooves it