Profile
Blog
Photos
Videos
Hei!
No he vi vør i Kambodsja, til tross for at vi hadde skeptiske foreldre før vi for. Vi kom til Siem Reap den 12. med fly frå Koh Samui. I løpet av dei tre dagene vi var der var vi blant anna på tuk-tuk sightseeing, the night market og på Angkor What? Bar.
Vi var ein heil dag på Ankor Wat (det enorme tempelt), Bayon (tempelet med ansikta) og såg andre tempel i området rundt. Utruleg flotte tempel, utrulig at det gjekk ann å lage slike byggningar for nesten 1000 år sidan.
Siste kvelden traff vi også på Emil og kompisen, som gjekk i klassa mi (Liv Hilde) i California og Sogndal. Dei har reist rundt i to månadar i Asia. Vi drakk øl og prata og hadde en koselig kveld som sikkert hadde vart lengre, om ikkje alle skule stå opp før kl 6 dagen etter.
Tidleg på morgon den 15. var det opp for å komme seg på bussen til hovedstaden Phnom Penh. Fann oss en grei plass å bo for 18kr pr stk. Der var vi å såg på killingfields, der det står eit stort minnesmerke (stupa) med hodeskallar frå massegravene. Vi var også i fengselet, som no er gjort om til museum, der dei fengsla og torturerte mange av fangane før dei tok dei med ut til killingfields. Phnom Penh er nok den fattigste byen vi har vore i hittil. Er ikke så kjekt når ongar kjem bort til deg for å selge deg ting. Det var ein by som heilt klart gav oss mange inntrykk. Allikevel likte vi oss godt der og vi ville ikke frarådd nokon til å reise dit.
Hade så lenge!
- comments
Gunn Janne Kjekt at dokke kosa dokke. Tuk-tuk e tingen:-)
marie Kjekt at de har det fint og har opplevd mykje. Kva synest de er mest spanande med reisa så langt?