Profile
Blog
Photos
Videos
Heisann godtfolk J
No er det jaggu ei stund sia vi oppdaterte bloggen vår, men dess meir har vi å fortelje! 25.02.10 flaug vi ned til Phuket, der budde vi to netter i Phuket by, og to netter på Patong Beach. Det synst oss i ettertid eigentleg var for lenge. Phuket var ikkje noko særlig for oss med sine ladyboys, vestlige menn som skal finne seg thaidame, høg partyfaktor og ei fullpakka strand med uklart vatn.Heldigvis blei det andre boller når vi kom til Koh Phi Phi! Der blei vi sjarmert av små gågater, ingen traffikk og kjempefine strender.Vi tok ferge ifrå piren i Phuket by til Koh Phi Phi, ein tur på ca 90 min. Vi hadde på førehand bestilt rom hos Golden Hill Bungalows, men når vi kom fram snudde vi omtrent i døra. Romma såg ikkje ut, og toalettet hadde bokstavelig talt drit heilt opp til setekanten, det var tydleg å sjå at der ikkje hadde vorte vaska på lenge. Vi fekk att pengane våre, men ikkje depositumet som vi hadde betalt i forkant, men vi var berre glad vi slapp å bo der. Lenger nede i gata fann vi eit tremannsrom som vi delte med ei australsk dame, og det beste - det var reint!!
Vi fekk sett mykje meir av Phi Phi når vi var med på båtsightseeing rundt øyane, ein kjempeflott tur, med snorkling og solnedgang. Vi avslutta dagen på beach party og flammeshow. Veldig mykje folk hadde tatt turen ned på stranda, så der var god stemning, god musikk og gratis drinkar J
Etter eit flott opphald på Phi Phi gjekk turen opp til Koh Phangan. Vi tok båt frå Phi Phi til Krabi, buss frå Krabi til Surat Thani, og båt frå Surat Thani til Koh Phangan. Vi budde nært piren av praktiske grunnar, så vi fekk dessverre ikkje sett alt Koh Phangan har å by på, men vi fekk med oss half-moon party oppi jungelen.. Der var det sjølvlysande bodypaint som dominerte! J
No er vi på Koh Samui, har vore her i 2 netter, og reiser vidare til Kambodsja i morgon tidleg kl 09.15 thailandsk tid. Koh Samui har vi heller ikkje sett så mykje av, men stranda vi bur attmed heiter Chaweng beach, og dei seier den er den største og flottaste av strendene her. No er det eigentleg kun Kambodsja vi tenkjer på, nok strandliv for ei stund.
Ellers så har begge trultene det kjempefint, og har sluppe ekle episodar hittill. Bank i bordet!!!
Kos og klem frå oss J
- comments