Profile
Blog
Photos
Videos
Det skjer for mykje for at vi skal ha tid til aa blogge!
Vi trudde vi var busy i Beijing, med det her tar kaka! Og vi kooosa oss!
Forrige loerdag, den 10.mars, reiste vi fraa Beijing til Hong Kong. Hovudeventa i Hong Kong var sjoelvsagt Marianne, som vi ikkje hadde sett paa aar og dag. Marianne var sliten etter 5maanader i New Zealand og India, Maria var utslitt etter ein tovekers lang avsluttningsfest i Beijing, og Karina var sjuk. Saa sightseeingen i Hong Kong var litt halvhjerta, men det vi fekk sjaa var; gullfiskmarkedet, fuglemarkedet, Hong Kong-park og, ikkje minst, the Peak UTAN utsikta:
Daa Karina stakk til Thailand fekk Maria ein ny romkamerat; nemlig Peggy fraa Hong Kong. Pegggy skulle berre vere Beijing i to veker, saa ho var tilbake i Hong Kong samtidig som oss. Soendag kveld tok Peggy oss med paa ein koreansk restaurant. Etter ein fantastisk middag gjekk vi direkte til naborestauranten og aat kvar vaar svaere dessert. Matkoma!
Etter to daga i Hong Kong befant vi oss plutselig i Vietnam! Naermare bestemt, Hanoi. Vi var ikkje i Hanoi i meir enn ein halv dag foer vi reiste vidare. For lenge lenge sida, ein gong i haust, bestilte vi ein organisert tur til Halong Bay. Turen varte i to dagar og inkluderte grotte-sightseeing, leige av kayak og overnatting paa baat. Vi hadde ein veldig fin tur, Halong Bay er virkelig saa fantastisk som det er kjent for. Dessverre er Halong Bay ogsaa saa altfor turistifisert (sa turisten sjoelv), det foeltest ofte litt for trangt med alle dei andre baatane rundt oss og sjoen var ganske saa forurensa. Men om vatnet var aldri saa forurensa; paa brosjyra saa stod det at turen inkluderte bading (og det er jo utvilsamt ein unik mulighet aa kunne bade i det famoese Halong Bay) saa vi staute, norske (gale) jentene hoppa likegodt uti det skitne vatnet utan fleire dikkedarer.
Vi var tilbake i Hanoi den 15.mars, og vi fekk akkurat tid til aa sjaa Water Puppet show, eit tradisjonelt vietnamesisk dukketeater paa vatn, foer det var leggetid.
Egentlig hadde vi tenkt aa tilbringe heile den 16.mars i Hanoi, men vi er jo alltid klare for nye eventyr, saa vi tok likegodt turen til Parfymepagodaen istaden. Parfymepagodaen ligger i My Duc ca. to timar utanfor Hanoi. Vi reiste dit paa ein guida tur som vi kjoepte fraa hostellet. Turgrupa inkluderte to andre turistar, Jess fraa Australia og ein vietnamesisk mann som vi endte opp med aa berre kalle "the man". Foreloepig kan vi stadfeste at Vietnam berre har ein type guidar; mann, mellom 30 og 40aar og ugift. Det at dei er ugift, ser dei paa som ein svaert viktig ting aa informere oss om, gang paa gang. Andre interessante ting vi har faatt vite er; i Vietnam er det berre soenner som teller, og ein "lovleg fest" bestaar av ei jente (over 18aar) og ein heldig mann som skal faa sjaa maanen, kva no enn det betyr. Okei, saa viss vi fortel ein vietnameser at vi skal paa fest, saa antar dei at det er dette vi skal?! Woop woop!
Uansett, turen til Parfymeopagodaen var veldig interessant, vi likte spesielt godt roturen opp elva fraa byen til pagoden. (Sjoelv om vaar roar var ein mann og Lonley Planet sa at det idielle var om ei dame rodde oss).
Samme kveld reiste vi vidare til Hoi An, i midten av Vietnam. Nattoget til Hoi An var vaar mulighet til aa proeve ut hard sleeper, og vi kan no informere om at det eigentleg ikkje er store forskjellen mellom hard sleeper i Vietnam og soft sleeper i Kina. Det stoerste forsjellen er at det var seks senger stua inn paa ein kupe, og det var umulig aa sitte i senga. Toget gjekk klokka 11 paa kvelden og var framme litt foer 2 dagen etterpaa. Vi sov mesteparten av turen, og naar vi var vokna saa sosialiserte vi med den lille vietnamesiske familen som vi delte kupe med, dvs. vi lagde grimase til dei to smaa ungane (paa ca. 1 og 2 aar). Koselig!
Oppskrifta paa ein perfekt dag i Hoi An: staa opp litt seint og et ein svaer frukost. Leig ein sykkel og tilbring dagen syklande rundt i byen. Stopp kun naar det er tid for mat. (OBS! Det er alltid tid for mat!). Dessert er viktig, lev gjerne etter 5 om dagen-prinsippet. Saa; nyt livet!
I tillegg til aa sykle rundt paa maafaa, saa har vi sett eit par templer, besoekt den kjende Japanske brua, vore paa stranda og ikkje minst; kjoept oss kvar vaar kjole. Hoi An er kjendt som skredderbyen, og dette er ikkje utan grunn. Det er svaert faa plassa i byen at der ikkje fins ein skredderbutikk. Etter aa ha sykla forbi ein million trillion fine kjolar, sa viljestyrka stopp og vi gjekk inn paa klesmarkedet. "Vi skulle berre sjaa!" To timar seinare kom vi ut igjen etter aa ha bestilt kvar vaar skreddarsydde kjole; Marianne hadde til og med designa kjolen sin sjoelv! Saa dersom nokon har lyst til aa gifte seg i sommar, saa maa dei berre gjere det! Vi har skaffa oss antrekket. Alle tre kjolane var ferdige allerede neste dag. Etter aa ha sett pâ dei i ca. 2 sekund, pakka vi dei ned og sendte dei heim i posten.
Siste dagen i Hoi An var vi paa kokkekurs. Vi er ikkje heilt sikre paa kva som var mest stas, turen paa markedet, sjoelve kurset, eller det faktum at vi fekk laane tradisjonelle hatta! (bilde) Overalt paa dei aller fleste restaurantane i Hoi An held dei matlagingskurs. Vi tok kurset paa restauranten Tam Tam i sentrum av gamlebyen. Det kosta 25USD og tok 2 og ein halv time. Vi hadde det veldig kjekt og det kan virkelig anbefalast!
Paa kvelden tok vi flyet til Saigon (Ho Chi Minh City), kor vi skulle vere i ein dag foer vi fortsatte paa nok ein organisert tur, denne gongen til Mekong Delta. Mekong elva er ein av dei stoersteelvane i Asia. Den startar i Tibet og gaar gjennom 6 land, foer den munnar ut i Mekong Delta i Vietnam. Elva er svaert viktig for alle dei 6 landa den flyter gjennom. Mekong Delta er kjendt som matfatet til Vietnam, daa nesten all risen fraa Vietnam er dyrka her. Turen vår varer i 3dagar/2netter og vi skal innom ein kokkosnoettgodterifabrikk (-greie), baat paa elva, overnatting paa 3stjernes hotell og det flytande marked. Dersom alt gaar etter planen skal vi ende opp i Kambodsja, naermare bestemt hovudstaden Phom Phen.
Den eine dagen vi var i Saigon var vi innom The Ben Thanh marked, The Independence Palace, The War Museum og Notre Dame de Saigon. Saigon, eller Ho Chi Minh City, som den eigentleg heiter idag, er ganske saa annerledes fraa Hanoi. Og mykje mykje varmare! Det som gjorde mest inntrykk var The War Museum. Museumet handla om Vietnam krigen. Sjoelv om utstillingane bar eit lite hint av propaganda, saa var dei veldig sterke med detaljerte bilder og historiar.
Etter snart ei veke i Vietnam, maa vi nesten innroemme at vi er litt smaaforelska i landet. Det einaste negative vi har merka oss, er at vi , tilsynelatande, er dumme turistar, som stadig vekk skal lurast til aa betale dumturist-pris. Naar valutaen i tilegg er veldig forvirrande, saa er det ikkje alltid saa lett aa skjoenne at ein er blitt lurt. Den mest minneverdige var kanskje i Halong Bay, daa Karina og Marianne ville kjoepe kjeks fraa ei dame som tilfeldigvis kom flytande forbi med ein butikk.
Her var vi ikkje berre dumme turistar, men dumme turistar paa havet, og prisen var deretter. Vi endte opp med aa betale 300 000 Dong for ein pakke kjeks, ei flaske vatn, chips og tre bananer. 1 NOK er ca. 4000 VND. You do the math! Eit litt meir ubehagelig tilfelle var daa vi skulle ta taxi fraa Saigon flyplass og inn til byen; taxisjaafoeren skjelte oss ut til vi betalte to gongar! Han stjal pengane vaare! SINT!
Men stort sett saa kooosa vi oss. Koooosa dokke dokke der heime?
(vi legge ut bilde så fort som mulig!)
- comments
Sunniva syns du e fin på håre eg. Men mattehjelpar trengst ! eg faila pmatte... :(
marie kristin De reiser jo hit og dit, blir nesten sliten av å lese om turane. Men å, kor heldige de er :-) Godt å vite at de alle tre er samla - gjer godt for eit pittelitt bekymra venninnehjarte :-) Glad i dykk alle tre, og saknar dykk ein god del. Kom heim <3