Profile
Blog
Photos
Videos
Ja kjære vener og famile, etter nesten to veker aleine på reise så eg er fortsatt i live! Det hadde dokke ikkje trudd, nei!
24.februar reiste eg, Maria og the other Carina til Chengdu som ein slags avslutningstur, før eg reiste frå Kina. Chengdu er kjend for Woloong Natur og Panda reservat. Ja, vi drog dit kun for å sjå på panda! Men panda er jo så søte!
Vi fekk ikkje sett så mykje anna av byen Chengdu fordi ingen av oss var heilt friske, og at vi hadde vore ute heile natta i forvegen, hjalp ikkje på. (Men det var jo min siste kveld med EF-gjengen). På søndagen tok vi likegodt ein to timers lang busstur til Leshan, for å sjå på verdens største Buddha. På kvelden sa eg farvel til Maria og Carina før eg reiste til Kunming. Kunming var eit slags mellomstop før Bangkok, ettersom det ikkje fins direktefly frå Chendu til Bangkok. I følge Lonley Planet boka mi, så er Kuming den hyggeligaste og tryggaste byen i Kina. Eg tenkte det var ein god start på aleine-backpackingen min. På den eine dagen eg var der, fekk eg tid til å sjå på tempelet, den vakre parken og prøve meg på litt street-food. Tirsdagsmorgon gjekk endelig turen til Bangkok, hovudstaden i Thailand.
One night in Bangkok and the world's your oyster
The bars are temples but the pearls ain't free
Kvar einaste natt i Bangkok hørte eg dinna sangen. Nei, det er ikkje eg som nynnar paa "one nigth in bangkok..." medan eg shakea på ein av bangkoks mange nattklubbar, det er myggen! Kvar natt vokna eg, svett og fæl, av at myggen som synge medan dei slafsa paa blodet fraa mine stakkars armar og bein! Eg har prøvd baade myggnett og myggspray, begge hjelpe delvis (det gaar ikkje ann å sove i myggnett), men eg skal ikkje nekte for at eg har hatt mitt eige lille klø-helvete i løpet av desse dagane i Thailand!
Myggen er, derimot, ikkje problem nr.1 når det kjem til mitt opphald i Bangkok. Ingen; INGEN, av planane mine gjekk som dei skulle! Om det er eg eller byen som skal ha skylda for det, er usikkert. Det heile begynnte med at Mint plutselig ikkje hadde tid til aa ha meg på besøk. Mint er nemlig ein av desse menneskene som gaar paa universitet og studerar (whaaat?), og midt ute av det blå så fekk ho plutselig eit stort stygt prosjekt som ho matte ta seg av. Eg booka meg derfor inn paa WE Bangkok hostell og blei der resten av turen.
Aaltsaa, slapp av! Eg har hatt det veldig fint (og altfor varmt) her i Thailand. Hostellet mitt er veldig fint, godt plasert og eg har kjendt meg heilt trygg her. Check it out: http://www.hostelbookers.com/results/loc/dd/dst/1793/arr/2012-03-15/ngt/1/
Eg har budd paa jentesovesal og sengene i Thailand er litt mjukare enn i Kina saa eg har sove godt. I tilleggg saa maa eg vel innroemme at eg, hosthost, ikkje er saa tøff som eg vil ha det til, saa kvar kveld naar det mørknar saa har eg forta meg heim til hostellet og blitt der heile kvelden. Internett er veldig mykje bedre her i Bangkok og datane paa hostellet har vert gratis til låns, saa det har egentlig passa meg fint aa sitte paa dataen leeenge kvar kveld. Spesielt etter 6veker i Kina med daarlig innternett, ingen facebook og utan eigen data (facebook avhengig?) .
Eg har ikkje vert aleine heile tida heller, langt ifrå! På min andre dag i Bangkok, medan eg vandra rundt på eit kjøpesenter, møtte eg tilfeldigvis på to vener av meg fraa folkehøgskulen; Birte og Hogne. Det kan hende at eg hadde høyrt eit lite facebook-rykte om at vi var i same by og derfor gjett lyd frå meg på alle mulige sosiale mediar, i tilegg til gjennom mobil. Men det hindra ikkje oss i å utbryte; "for eit fantastisk samantreff" og så tilbringe resten av dagen saman. Koselig!
I bangkok var der 35+ C! Temperatursjokk! Dei første dagane tilbringe eg derfor mykje tid i kjøpesentre (aircondition!). På mandag reiste eg, tilogmed, ut av Bangkok, og inn i jungelen! Egentlig så hadde eg ikkje tenkt å vere i Bangkok heile tida, men reise sørover etterkvart. Men pga at eg måtte søke om nytt kina-visum, og det tok lengre tid enn planlagt, så vart eg verande i byen alle dagane, som sagt unntatt mandag. Med Kilroy meldte eg meg på ein organisert tur som hette "Flight of the Gibbons". Det var ein slags aktivitetsbane, der vi slengte oss fraa høge tre. (det er litt vanslig å forklare, sjå bilde!) Aktivitetsbana var ca. ein halvannna time utan for Bangkok i ein utandørs dyrehage/reservat. Det var veldig kjekt, spesielt fordi det var i jungelen. (berre sjå kor glad eg!)
Eg har jo ogsaa sjoelvsagt moett Mint! Det var helst i første veke at ho ikkje hadde tid. Ho vart ferdig med prosjektet sitt paa mandagen, så då kunne ho endelig vise meg Bangkok frå eit Thai perspektiv. I følge Lonley Planet boka mi så ete Thai folk heile tida, dette kan eg bekrefte! Vi besøkte ein god del marknader, der eg måtte smake paa alt som e tradisjonelt Thai mat, og dersom eg likte det saa kjoepte likegodt mora til Mint det til meg! Om kveldane naar eg var tilbake paa hostellet, måtte eg virkelig arbeide for aa ete opp alle kjeksa og frukten og godteriet osv. som dei kjoept til meg (eg kunne jo ikkje ha med alt tilbake til Beijing). Det heile endte med at eg vart matforgita den siste dagen. Det var veldig kjekt å reise tilbake til Beijing og møte igjen folk i den tilstanden; "hei så kjekt å sjå deg igjen, BLÆÆ!" Men eg er betre no. Torsdag var eg tilbake i Beijing, fredag pakka eg og Maria ned alle tinga våre og sa hade til alle EF folka for siste gong før vi tok eit, såaltfortidlig, fly til Hong Kong på lørdag. Søndag møtte vi Marianne! HURRA! Og i morgon reise vi alle tre til Vietnam!
- comments