Profile
Blog
Photos
Videos
Braatt la halvparten av alle sjaafoerane seg paa bilhornet (TUUUUUUT), samtidig saag den andre halvparten paa meg og sa: " taxi, madam? tuktuk? very verycheap!" Ah; Asia, du har ikkje forandra deg det spor! Det har, derimot, eg, "sjaa pa ho," seie dei lokale, "ho der er saa rar at vi maa stirre og stirre og stirre, paa ho". Ein blir vandt med det etter kvart,
Etter at Maria og Marianne reiste heim, bestemte eg, karina, meg for aa reise litt lenger. Den originale planen var aa reise til Europa, men det har vist seg at eg er svaert glad i aa endre planar, og plutselig ein dag landa eg paa flyplassen i Kathmandu. Nepal sin hovudstad bestemte seg straks for aa gje meg ein roeff start: Det har seg nemlig slik, at skal du ha Visa on arrival saa maa ein betale kontant, og eg hadde altsaa ikkje ein einaste rubie, naturlignok ettersom eg ankom landet nokre faa minutt foer, det passte daa ogsaa veldig godt at minibanken ikkje funka heller. Eg skulle akurat til aa faa panikk daa mannen i skranka sa at det ikkje var naake problem at eg sprang ned og ut av heile flyplassen og tok ut penga der. Fullstendig utan peiling paa valutaverdien til Neplai Rupi, tok eg ut 3000 og tenkte at det kom daa til aa vere nok. 3400 skulle dei ha! "It's okey," sa dei, "spring ut igjen", saa eg gjorde det eg daa, og tok ut 3000 til. Heldigvis hadde hotellet mitt gratis flyplass-henting, for eg var altfor sliten og oppgitt der og daa til aa begynne aa diskutere pris med taxisjaafoerane.
Allerede samme dag moette eg med organinsajsonen min. Eg er ikkje den einaste som har bestemt seg for aa reise til Nepal for aa jobbe som frivilig. Heilt sidan Nepal vart opna for turisme paa 1950-tallet har det komt uhorvelig mange turistar til Nepal, foerst og fremst for aa gaa paa fjelltur i dei mektige Himalaya. Men etterkvart har mange foelt eit behov for aa "gje noko tilbake til lokalsamfunnet", og det aa jobbe som frivilig er vorte svaert populert. Det er derfor ikkje berre berre aa finne ein høvelig organisasjon til aa hjelpe deg. Dei fleste tar kontakt med internasjonale organisasjonar, som tilbyr informasjon pre-avreise, henting paa flyplassen, kurs i nepli og mykje anna dill for 10dopla det ein kan betale. Ein kan derimot vere ganske sikker paa at dei internasjonale organisasjonene er trygge og erfarne. Fordi eg bestemte meg for aa vere frivilig saa kort tid foer, var det enkalst, og billigast, å ta kontakt med ein mindre og lokal organisasjon. Ogsaa mange mange lokale tar altfor mykje betalt, og/eller gir ingenting vidare til dei ein faktisk vil hjelpe. Etter mykje research falt valget på KEEP (Kathmandu Environmental Education Prosject), som blant anna er anbefalt av LP. KEEP driv mest med trekking, dvs. lange tura i Himalaya, gir folk råd og slikt. Men etter litt mailkorrespondanse møtte eg altsaa med KEEP denne soendagen. KEEP sendte meg vidare til ein barneheim i utkanten av Kathmandu, naermare bestemt Budhalinakanta.
Mandag 7.mai flytta eg inn på ein barneheim utanfor Kathmandu. Her bur det 17born på mellom 3 og 14år, i tillegg til bestyraren,kona hans, dottera, mannen hennar, broren til mannen til dottera, ei hushjelp og mannen hennar. Vi er to frivilige; eg og Severine. Severine er 28år og frå Frankrike, dette syns jo eg er stas, det er alltid kjekt å få prate Fransk.
Dersom eg hadde forventa ein stakkarlig og fattig barneheim AKA Dickens, vart eg grundig skuffa. Det følest egentlig ikkje som eg bur så ein barneheim, det er heller som om eg bur hos ein nepalesisk vertsfamilie med 17born. Bestyraren og kona hans heite, så vidt eg veit, father og mother, resten av oss voksne heite brother eller sister. Då eg kom hit hadde dei nettopp flytta inn i dit nytt stort hus. Før budde dei i ein tre-roms leilighet, men så møtte dei Hans Keller, ein sveitser som driv eit hotel-prosjekt i Nepal. Då Hans såg at dei budde så trangt bestemte han seg for å likegodt kjøpe eit heilt hus til seg og barneheimen. Huset har tre etasja; Hans bur i tredje, mendan barneheimen er i første og andre etasje. Huset er vestlig laga til; med stol og bord (folk flest i Nepal sit så golvet og ete) og med vestlige toalett (altså ikkje squatting). Det seie seg sjølv at dette huset må reingjerast på ein litt annerleis måte enn den forrige heimen, Dette vart sjølvsagt ein viss omvelting for dei, og ein av oppgåvene våre har vert å lære dei om korleis reingjere i eit slikt hus.
Dagane i barneheimen er stortsett ganske like; ungane står opp i 6-7tida og har eit svært lite måltid, ofte berre ein kopp te med melk. Eg og Severine bruka å slumre til kl.8 før vi også står og opp og drikke te. Ungane gjer lekse fram til kl9 då dei har eit større måltid beståande av ris, dhal (ein slags saus) og ei grønnsakgryte (spicy!), av og til med kjøtt. Etter mat skifta dei til skuleuniform, før dei går på rekke og rad til skulen, som starta kl.10. Det hender at eg og Severine følgjer dei, men ikkje kvar dag. Etter å rydda og vaska opp etter alle borna, er det dei voksne sin tur til å ete. Det er ein god ide å ete mykje, ettersom der ikkje er eit nytt stort måltid før på kvelden igjen. Etter mat er det husarbeid dersom nødvendig, før vi har relaxing-tid fram til ungane kjem heim i 4tida. Det er då hovudoppgåvene våre sette inn; hjelping med engelskleksa og kosing mosing overdosing!
Det er derimot ikkje kvar dag at ungane går på skulen. I Nepal er dei i overkant glad i å streike, spesielt akkurat no som regjeringa driv å endra på grunnlova for å lage nye provinsa. Når det ikkje er skule, bruka eg, Severine, og av og til Hans, å ha engelsktime for ungane. Det som er spesielt kjekt med engelsktimane er at ungane bryr seg og verkeleg vil lære. Ein dag vi var usikre på om vi orka å ha time, satte ungane foten ned; "sister! Korti skal vi engelsktime?", "skal vi ha engelsktime no?", "sister, kom no skal vi gå engelsktime!" og sånn vart det.
Vi har også blitt godt kjent med dei voksne på barneheimen. Dei er som sagt meir som familiemedlem for ungane enn som ansatte på barneheimen. Father er den offisielle bestyraren av barneheimen, men det er helst mother og dottera deira; Sabina som held fortet. Sabina var den første eg møtte ettersom det var ho som henta meg i Kathmandu. Det er også ho vi frivilige snakkar mest med sia ho snakka engelsk. Mother og Father kan ikkje engelsk, men Mother er veldig ivrig på å lære; "kom hit og lær meg engelsk!" bruka ho å sei, før ho sett i gong med å lære oss nepali. Her gjelde det å vere forsiktig! Ein kan lett ende opp med å sei "eg likar sex" når ein provar å sei "eg har det bra", Nepal er foresten eit ganske konservativt land, og Mother gløymde tydeligvis aldri, og spør meg om eg har det bra litt for mange gonga om dagen. Ho gjer seg heller ikkje før eg har svart på nepali; " Ma-lei thik cha" (ikkje; ma-lei chick sa"!!)
Sabina er som sagt den eg pratar mest med, ho er like gammal som meg, men gift og høggravid, og altfor glad i å arbeide. Eg pratar også mykje med min nye bestevenn; Wasabina, hushjelpa, ho er 16år og også gift. Sjølv om Wasabina ikkje snakkar så godt engelsk, er ho ivrig etter å lære, spesielt medan eg tar oppvasken. Ho er ogsaa sveart glad i aa klappe meg paa magen og sei; "du er jammen det tjukk!", ååh Asia!
Eg har snart vert på barneheimen i tre veker. Eg kosar meg veldig, sjølv om det til tider er litt vel monotont samanlikna med kva eg har vert vandt med dei siste månadane. Det hender at eg og Severine brukar relaxing-tida på å besøke tempel i nærområdet, men ettersom vi bur i utkanten av Kathmandu er her ikkje så mykje.
Daga utanom det vanlige har vert;
14mai, då hadde Severine bursdag så vi stelte istand stor fest med sjokoladekake, saft, ballonga og dans.
17mai hadde Norge bursdag, og sidan den norske ambassadøren i Kathmandu inviterte til feiring, hadde eg tenkt meg dit. Men Nepal ville det annerleis. Eg har allerede nevnt at det ofte er streik i Nepal, og i samband med den pågåande grunnlovs endringa er det forventa streik kvar dag fram til fristen for endringa. Det som skjer når det er streik er at all transport blir stoppa, og skulane stengde. Det var derfor ikkje mulig for meg å komme meg til ambassadøren og 17mai feiring der. Etter å ha brukt halva dagen på å prøve å laste inn direkte sendinga på NRK-nettTV (barnetoget i Oslo) på min vesle smarttelefon med det dårlige nepal internettet, gjekk det opp for meg eg budde i eit hus med 17 ungar og du det er meir enn nok til eit barnetog. Etter å ha tegna kvart sitt flagg, norsk på eine sida og nepali på den andre sida, gjekk vi alle sammen ut og begynnte å gå på rekke og rad rundt og rundt i hagen medan vi ropte "hipp hipp HURRA". Det var ikkje få forbipasserande som stoppa opp for å sjå på oss, men eg antar at det var kun fordi eg er så bleik.
20mai, etter to veker, reiste Severine heim til Frankrike og eg, som skulle vere her ei veke til, hadde plutselig ingen å prate vestleg med. Akkurat der og daa var eg litt negativt til livet i Nepal, men den siste veka gjekk saa fort at eg egentlig ikkje la merke til at eg var den einaste vestlege, bortsett fraa Hans. I tilegg hadde eg vert i Thamel, turist omraadet i Kathmandu, og kjoept meg boeker paa norsk, paa NORSK! Verda er jo saa lita.
Eigentleg hadde eg tenkt aa vere frivilig i to veker, og bruke den siste veka i Kathamandu og i omraadet rundt. Nepal er det nye "ekstermsportens vugge" (New Zealand er det gamle), og ikkje minst billig! Eg er tross alt utdanna backapcker/ekstemsporter og hadde derfor planlagt mykje rart, nepal si befolkinga var derimot fulstendig uening i planen min og satte likegodt i gang storstreik. Slapp av, for turistar er det ikkje farligare enn at bussane ikkje kjem seg nokon stad. Hovudnaeringa til Nepal er turisme, saa alle er enige om at turistane faar gaa i fred. Eg bestemte meg likevel for at det enklaste var aa vere den siste veka paa barneheimen, eg angrar ikkje.
Soendag 26.mai reiste eg til Thamel, baade for aa vere sikker paa at eg kom meg til flyplassen paa tirsdag (streik!), og for aa gjere unna litt obligatorisk sightseeing og kjoepe ein liten suvenir eller to. Det foerste eg gjorde var aa besoeke Ape-tempelet, eller Swayambhu, som det egentlig heite. Eg hadde nesten gaatt meg vill, daa eg moette paa ei eldre dame fraa Argentina, som ogsaa var litt lost. Vi bestemte oss derfor for aa slaa oss i hop og saman finne tempelet. Verden er full av koselige folk. Paa mandag gjekk eg til Durban Square som er der kongen budde og bedde og vart krona o.l, i gamle gamle dager. Det er blandt anna her ein kan finne Kumari Devi; "The Living Goddess", men eg saag desverre ikkje naake til ho.
No (tirsdag) er eg i Oman for aa shoppe og gjere eit siste forsoek paa litt brunfarge (og evt. smelte vekk i 40++). Paa fredag, 1.juni, reise eg tilbake til gamlelandet.
- comments
Marianne Ååå, so kjekt! So bra at du for! Høyres litt likt ut som då eg va i India! Konge at du lagde til barnetog! Du e kul! :)
liv Hei karina veldig kjekt å lese om korleis du har det. Du er flik å beskriva folk-land og opplevelsar. Klem tante Liv