Profile
Blog
Photos
Videos
(på grunn av det dumme treige kinesiske internettet så hakje vi kunna poste innlegget før no)
I dag, mandag, har vore ein veldig slitsom dag. Det starta med at vi vaakna opp paa toget til Beijing. Vi var framme i Beijing halv 9, berre for aa staa ein time i taxikoe, og deretter ein time til i sjoelve taxien. Daa hadde vi berre ein halvtime paa aa freshe oss opp foer vi hadde time klokka 11. Paa skulen hadde vi faatt ein ny laerar, og det er ikkje berre berre det heller! Etter skulen gjekk vi til Silkemarkedet for aa faa unnagjort litt souvenirshopping, og der har vi vore fram til no! Dei som trur at Silkemarkedet er triveleg shopping med vennlig diskutering om pris, tar feil! For aa sei det mildt: vi er slitne.
Og forresten, vi var i Xi'an i helga! Fredags morgon, etter ei lang natt paa Vics og ein taarevaat avskjed med Franziska (som skulle vidare til New York), tok vi endeleg beslutning og kjoepte togbillettane til Xi'an. Toget skulle gaa klokka 8 samme kveld, og effektive som vi er, tok vi like godt ein tur til Den Forbudte By tidlegare paa dag! Vi var derimot litt seine, og vi fekk derfor berre ein time til raadighet. Etterpaa hadde vi fortsatt god tid, og vi tusla sakte, men sikkert, heim til hotellet. Der brukte vi laang tid paa aa pakke, og daa vi satt oss i taxien var det tre kvarter til toget skulle gaa. Det var litt stressande at taxituren tok 40 min (jaevla rushtrafikk), og det kan hende at vi muligens sprang/spurta for aa rekke toget. Kanskje. Igjen. Men det er ikkje saa viktig sidan vi faktisk rakk toget! Billettane vaare kosta 442 RMB for soft sleeper ein veg, og turen tok 12 timar til og 13 timar tilbake. Vi sov i grunnen ganske godt begge vegane, og vi er godt fornoegde med denne maaten aa reise paa!
Vi kom fram til Xi'an klokka 8 laurdags morgon, og vi vart henta paa togstasjonen av folk fraa hostellet. Dette hadde vi ringt og bestilt dagen foer, og det var gratis. Vi elska hostellet vaart! Atmosfaeren, maten, dei ansatte, kattungen! Alt var bra! (Til dei spesielt interesserte: Shuyuan Hostel http://www.hostelbookers.com/property/prp/7201/arr/2012-02-27/ngt/1/)
Etter ein fantastisk, europeisk frukost, gjekk vi paa sightseeing. Xi'an er foerst og fremst kjend for terrakottakrigarane, som vi besoekte paa soendagen. Men Xi'an har saa masse meir aa by paa! Til doemes er Xi'an den einaste kinesiske byen som har heile bymuren intakt. Det er vanleg aa sykle paa muren, og dette hadde vi ogsaa lyst til. Men sjoelvsagt var det nettopp Spring Festival, og i den anledning hadde dei ei lanterneutstilling paa muren, og daa var det ikkje lov aa sykle. Daa vi kom opp paa muren skjoente vi fort kvifor det er vanleg aa sykle, daa muren er 14 km lang. Vi endte opp med aa gaa ca ein fjerdedel, og det var ein veldig fin tur.
Etterpaa tok vi buss til sentrum, der vi besoekte byens klokketaarn. Klokketaarnet vart opphavleg bygd i 1384, og er plassert midt i sentrum. Like i naerleiken er trommetaarnet. Foer i tida var det vanleg at klokketaarnet vekte byens innbyggarar kvar morgon, mens trommetaarnet fortalte naar det var paa tide aa gaa til ro. Etter klokketaarnet gjekk vi til det muslimske kvarteret, der vi aat lunsj. Ein god del av Xi'ans befolkning tilhoeyrer den kinesiske muslimske hui-minoriteten. Det muslimske kvarteret var veldig interessant i byrjinga, men etter tre runder rundt heile kvarteret, og vi fortsatt ikkje hadde funne den store moskeen, som er kjend for aa vere den eldste og stoerste i Kina, var vi ein smule leide.
Xi'an har ogsaa to villgaaspagodar; ein liten og ein stor. Foerst proevde vi aa finne den lille. Det var delvis vellukka mtp at vi fann den, men ikkje kom oss inn. Stengt? Var det det den hyggelige vakta proevde aa forklare oss? Usikker. Saa proevde vi lykken paa den store. Den andre norske Carina hadde tipsa oss om eit lys- og vatnshow som er kvar kveld 20.30 ved sidan av den store villgaaspagoden. Den store villgaaspagoden var saa stor at vi sleit litt med aa finne fram. Naar vi no ser tilbake paa helga, saa sleit vi i grunn litt med aa finne det meste i Xi'an. Men etter litt haltande kinesisk, samt kroppsspraak, fann vi fram! Soendag stod vi opp tideg for aa besoeke terrakottakrigarane. Vi hadde meldt oss paa ein organisert tur via hostellet, med guide, minibuss og 9 andre backpackarar. Koeyreturen fra Xi'an til terrakottahaeren tok ca halvannen time. HELLO, EXCUSE ME, LADIES AND GENTLEMEN, IS EVERYBODY LISTENING? Guiden vaar var ei hyggeleg, men veldig eksentrisk dame, som hadde gifta seg dagen foer (!). "Yes, I was very drunk. Chinese alcohol - ugh." Var ho fortsatt full, spurte vi oss sjoelve. Men det hindra ho ikkje i fraa aa sjarmere oss alle i senk! For kinesarane er terrakottakrigarane verdas 8. underverk, og etter soendagen er vi enige i dette! Baade omfanget (over 8000 krigarar), historia bak, maaten dei vart laga paa, og ikkje minst dei amazing detaljane, gjer dette til noko ein verkeleg boer faa med seg!
Etter terrakottakrigarane skulle vi eigentleg reise rett til togstasjonen (slik at vi for ein gangs skyld skulle ha god tid), men sidan turen var ferdig tidlegare enn antatt, for vi heller tilbake til hostellet. Vi hadde derimot ikkje god nok tid til aa gjere eit nytt forsoek paa den lille villgaaspagoden, saa i staden gjekk Karina for aa klippe haaret! DODODODONG!!!!
Dagens spoersmaal: Kor mange kinesiske frisoera maa det til for aa klippe Karina? (Svar: 1 til aa vaske haaret, 2 til aa boerste haaret, 1 til aa oversette til engelsk, 1 til aa faktisk klippe og 1 som berre stod der og strauk ho paa haaret.)
- comments
Kirsti Tantene fekk seg ein god latter når det gjaldt beskrivelsen av kor mange som måtte til for å få arbeidet gjort! Og fine blei du:)!
Sunni me jelly, no e so like so <3
mamma alt kler den smukke. sjønn som alltid. Klem frå mamma og pappa
Marita Haha, det vart vel full krangel om kven som skulle få lov til å gjere kva når det først kom ein blond/raudhåra kunde ;) Var det nokon av frisørane som ikkje tok på håret ditt?? Fin er du alltid! ;)