Profile
Blog
Photos
Videos
Hei alle!
Eg har no vore paa reise i 10 dagar, og ettersom mange etterlyser blogginnlegg, fant eg ut at det no var paa tide. Saken er den, at det foerst er i dag at eg har ei ledig stund - skulle gjerne ha skrive tidlegare, daa det no blir vanskeleg aa oppsummere alt det som har skjedd og alle inntrykka eg har saatte med underveis. Til mine kjaere danske lesarar maa eg beklage nynorsk i tillegg til at det er vanskeleg nukk aa lese uten komplett alfabet fra foer av.
Det aa reise i India er noko som eg slett ikkje kunne forestille meg innan eg kom hit. Som ei reiseside beskriv det: "Alle som har vore i India sei det same; her nyttar det ikkje aa komme paa ein overfladisk heisa-tur, inntrykka er for sterke til det. India tar tak i deg og roeskar skikkelig i sansane dine". :)
Det foeles som en evighet sidan eg og Siri foerste nyttaarsdag satt oss paa Nordfjordekspressen til Gardermoen, allerede veldig utmatta etter ei festlig jul, men samtidig veldig klare for aa komme i gang med reisa. Etter 9 timar buss + overnatting paa Gardermoen + fly til London, blei vi ultraskuffa daa den foerste beskjeden vi fikk paa Heathrow var at flyet vidare var forsinka tolv timar paa grunn av "bad weather in Delhi". Daarlig ver stemte ikkje heilt med forholda vi hadde forventa oss i India, og det skulle vise seg aa vaere vaerre enn forventa med sikt paa ti meter paa grunn av taake samt dagtemperaturar paa 12 grader. Den eine buksa eg har pakka med meg har blitt godt brukt.
India.... er som andre beskriver det kaotisk, men etter eit par dagar tilvenning er det deilig kaos. Det foerste eg skulle venne meg til var at det er folk over alt, og at du ikkje ser noko som ser kjent ut anna enn ei reklame for Pepsi her og der og at mange brukar bilar som framkomstmiddel. Eg, Siri og Camilla hadde foer avreise booka ein gruppetur i Det Gylne Triangel (Delhi-Agra-Jaipur), og naar vi moette gruppa vaar foerste kvelden var dette foerste gang vi saag andre turistar, paa tross av at vi baade hadde kjoert gjennom heile byen og gaatt i gatene. Vi var tolv stk i gruppa, og selvfoeligelig femti prosent av oss var nordmenn. I tillegg bestod gruppa av eit par kjekke canadarar, britar og ein grekar. Turen varte i ei veke, og bestod av sightseeing og vandring og sosial hygge med gruppa. Eg hadde nukk ikkje gjort saa mykje sightseeing hadde eg reist uavhengig, men turen hadde likevel mange fordelar. Guiden vaar, som var fra Jaipur, kjente sjoelvsagt omraadet godt, og han oppsoekte stadar der vi fekk komme naerme lokalbefolkninga. Til doemes fekk vi vare med paa aa lage mat i ein Sikh-moske der 3000 faar komme aa ete gratis kvar dag, drikke chai ved ei bod langs en oede vei, besoeke liten og oede landsby. Og vidare synes eg turen var bra paa den maaten at eg kunne sporre dumme spoersmaal, og faa gode svar, om alt som forundra meg underveis paa turen ang. indarar, kulturen og religion. Eg hadde mange spoersmaal, og foelte vel til slutt at guiden syns eg var litt av en nerd. Agra, som er mest kjent for Taj Mahal og som vi sjoelvsagt ogsaa fekk med oss, er der eg fekk dei beste opplevelsane med aa virkelig oppleve India. Vi gjekk rundt i trange gater i timesvis, og saag nye og oppsiktsvekkande ting og situasjonar heile tida. Folk var ikkje ute etter aa selge noko til oss der, og vi fekk gaa i ro og fred og studere (foruten om naar barna ropte etter chocolate og chapati), og vi fikk snakka med mange underveis. Til og med i smaabyane kan dei aller fleste forstaa og gjere seg forstaatt paa engelsk - dei vil i vert fall gjerne. Eit bilete: Alle har kvar si lita bod i den tre meter breide gata; ein mann lappar kler med ei symaskin, ein mann vaskar motorsyklar, ein mann lagar soetsaker og gir oss ei smaksproeve paa vegen og i neste inngang faar vi komme inn aa sjaa paa steinhuggarane - ut i gata igjen og det kjem ei kyr i mot meg, samtidig som ein tuktuk proevar aa snike seg fram bak meg og tutar voldsomt, ei kvinne heng opp kler i eit smug medan ei geit ligg i skuggen under, ein villhund kjem bjeffande etter oss og folk spring til for aa hjaelpe, ei gammal dame sit samankroepa med sine sjal rundt seg og royker pipetobakk, mens ein toaaring sit paa huk og gjer ifraa seg i veikanten. Eg merkar at det her blei vanskelig aa beskrive, saerlig fordi eg ikkje har mykje tid akkurat no, men det eg vil fram til er i vert fall at det er saa mange inntrykk - og at eg likar det. Det er ogsaa utfordrande ikkje aa ta innover seg all fattigdom vi ser, og alle dei som gjer monstertungt arbeid som ein mann heime aldri ville kunne utfoere over laengre tid.
Jaipur er ein stoerre by som vi var i eit par dagar, der kamelar og elefantar som forflytningsmiddel var ein sjolvsagt del av bybiletet blant alle tuktukar og bilar og folk med vogner overfylt med raavarer, og og og... no har eg mista traeden her, og kan godt forstaa viss andre og har det, men som sagt har dei siste 10 dagane for det meste bestaatt av aa sjaa og aa laere - vi har ogsaa hatt perfekt utsikt fra vaar private buss under heile gruppeturen gjennom delstatane Uttar Pradesh og Rajasthan.
India er ikkje eit land der ein reiser til for aa gjere mange aktivitetar. Ein faar meir enn nukk berre av aa ta inn over seg alle inntrykka paa veien, og aa klare aa komme seg fram og vidare. Det skulle ogsaa vise seg aa vaere vanskelegare enn vi trudde aa ta ting paa sparket, som aa bestille togbillettar og overnatting, og sidan vi ikkje hadde booka noko som helst etter den organiserte turen, saag det foerst ut til aa lage litt problemer for oss. Men det ordna seg jo selvfoelgelig, og vi avslutta derfor gruppeturen tidlegare for aa sleppe litt transporttid, og reiste for eit par dagar sidan fra Jaipur til Mumbai/Bombay. Daa eg hadde lovd Siri at vi ikkje skulle sove i tog med minus aircondition og dermed pluss rotter, var eg kjempenervoes naar det paa togstasjonen var like mange rotter som inderar, og det kun saag ut til aa vere vogner uten glass i vindauga og med folk hengande ut av dei. Alle som kjenner Siri veit kvifor eg var mest nervoes paa hennar vegne, men heilt aerlig kunne ikkje eg akkurat daa makte tanken om aa ta det so langt ned akkurat daa eg heller. Togturen blei ganske saa hyggelig, og vi delte baas med ein familie fra Jaipur som baade var hjelpsomme og trivelige. Vi fekk ogsaa eit par vennar paa under 10 aar paa turen. Med tre koyer i hoegda, og aatte koyer i kvar del, laag vi tettpakka og godt til vi 20 timar seinare ankom den nest stoerste byen i India med sine 16 millionar innbyggarar. Oppturen, som maa faa lov til aa telle litt for oss akkurat no, er at her er det varmt! Finally. Vi har vore kalde lenge nukk, og ser no fram til byliv her i Mumbai foerst, foer vi reiser vidare til Goa med strender og yogakurs og chill, om eit par dagar. Ja, vi har endra reiserute, men Andamanoyene er ikkje heilt utelukka enda, trur eg. Eg veit fortsatt ikkje kvar eg kjem til aa befinne meg i dei fire vekene fra naar Siri og Camilla reiser vidare og til eg skal fly fra Singapore til Sydney, det kan bli alt fra forlenga opphald i India til Vietnam. Det er lenge til enda.
Eg haapar dokke alle har det fint der heime, og oppdater meg gjerne paa mail. Fra no av kjem eg til aa ha meir tid til aa vare paa nettet, og vil proeve aa skrive ny blogg igjen om ikkje saa alt for lenge. Eg likar aa vaere paa tur, og ser fram til fortsettelsen! Dei neste par dagane blir fylt med cafeliv, byliv og Bollywood-film i flott kinosal.
Varme helsingar fraa Therese
- comments