Profile
Blog
Photos
Videos
Etter ein hektisk haust og vinter såg vi oss fortjent til ein skikkelig vinterferie i form av ein moderne "fly-interrail" i Europa. Reiseruta er Oslo -Paris - Lisboa - Madrid - Oslo. Vi har ikkje besøkt desse byane tidlegare, så det blir spennande. Mest av alt gler eg meg til Lisboa, det skal vere ein fantastisk by.
Første stopp er Paris. Vi har vore her i 4 dagar no og det er ein flott by. Vi bur i Latinerkvarteret (5.arr), noko som kan anbefalast på det varmaste. Her frå er det gangavstand til mykje f.eks. Notre Dame og Louvre. I tillegg er området fult av koselege gater med små butikkar og alle typar restauranter. Vi bur like ved ein undergrunn-stopp som heiter Luxembourg. Både Metroen og RER-tog går fra denne stasjonen, så det er enkelt å komme seg rundt i by'n og til flyplassen.
Vi har farta mykje rundt og gått mellom 1,2 og 1,8 mil om dagen. Første dagen besøkte vi Notre Dame katedralen. Eit imponerande og mektig bygg. Det er gratis å komme inn, men om du vil opp i tårnet kostar det litt.
Andre dagen hadde vi forhåndskjøpt billettar til Eiffeltårnet. Sjølv om det no er lavsesong så var det eindel kø i billettluka. Superdigg å sleppe køen, og i tillegg er prisen den same. På toppen av tårnet var det skikkeleg kaldt med nordavind frå alle kantar.
Dag tre var det pissregn, så då besøkte vi Louvre. Eit enormt bygg. Vi gjekk rundt der i 3-4 timar og fekk berre sett ein brøkdel av utstillingane. Fekk som hør og bør med oss Mona Lisa, og mykje anna flott kunst. Det var også her lang kø i billettluka, men her fekk vi ikkje kjøpt billettar på førehand då systemet var nede.
I går var det sol og vi tilbrakte dagen på Montmartre. Besøkte Sacrè-Cæur og tok ein tur opp i tårnet, nydelig utsikt. Etterpå besøkte vi Dali Escape (Salvador Dalis museum), og såg på dei crazy kunstverka hans. Så rusla vi rundt i dei flotte gatene og ein tur ned om Moulin Rouge. Ein flott bydel som ein lett kan bruke ein dag på. På kvelden gjekk vi oss ein lang tur for å sjå Paris by night. Både Notre Dame og Louvre er fint lyssette i mørket. Eiffeltårnet er og flott lyssett og køyrer lysshow ein gang i timen frå heil til 5-over.
No går turen vidare til Lisboa.
Au revoir!
- comments