Profile
Blog
Photos
Videos
Etter å ha sett langtidsvarselet for sør- og vest-Norge siste ferieveka vår bestemte vi oss for ein restplasstur til Hellas. Tydelegvis fleire som var lei regnet, så det var ikkje så mykje å velge i, men vi gjekk for ein tur til Ixia på Rhodos.
Her bur vi på Filmar, eit 2-stjerners hotell. 5 minutt å gå til stranda og med tilgang til bassenget på hotellet vegg i vegg. Rommet er heilt greit. Litt harde sengar (heller ikkje her har dei høyrt om overmadrass) og eit knøttlite bad. Måtte slenge beina på vasken når eg stod i dusjen og skulle barbere leggane, for det var ikkje mulig å bøye seg ned, og da er det trangt.
Mandag var vi ute og testa den greske matkulturen. Bestilte Meeze (gresk tapas) for to og fekk så mykje mat at det lett hadde vore nok til tre. Maten var veldig god og vi kosa oss lenge.
Tirsdag reiste vi til Rhodos by etter nokre timar ved bassenget. Vi gjekk ei runde i gamle by'n og kikka på mur og bygningar. Det var fint og rolig å gå rundt der heilt til vi kom ned i restaurant og butikk gatene. Eindel av innkasterane der er heilt rå, nummeret før vi vart knebla og kasta inn på restaurantane. Tilslutt ga vi oss og gjekk inn på ein av turisfelle-restaurantane. Fekk eit bord med utsikt på en takterrasse, der vart det pizza og solnedgang. Gjekk ein tur langs brygga før vi tok bussen tilbake til Ixia.
Onsdag tilbragte vi på stranda. Det er deilig vind her slik at det ikkje blir for varmt, men desto lettare å bli solbrent, og det klarte vi fint.
- comments