Profile
Blog
Photos
Videos
Lisboa altså, for ein hærleg by!
Vi har vore her i 3 dagar no, noko som er litt lite. Lisboa har mykje å by på og tida går så fort.
Vi bur på The 8 Downtown Suites som ligg i Baixa, eit perfekt utgangspunkt for å oppleve resten av byen då det er både metrostasjon og trikkeholdeplassar like om hjørnet. I tillegg kan ein gå både til Barrio Alta og Alfama her i frå.
Første dagen tok vi den berømte 28 trikken til Alfama. Det var i seg sjølv ingen stor opplevelse da det nesten er umulig å få plass på denne trikken fra sentrum (den er full når den kjem hit), og om du er så heldig å få plass står du som sild i tønne på ein trikk som verkeleg går i rykk og napp. Anbefalar heller at ein tek denne trikken ei anna strekke. Alfama var ein fin bydel. Det ligg på ei høgde og har utsikt over byen fleire stader. Mykje små gater og fargerike bygg.
Dag nummer to var det meldt litt regn, så da tok vi turen til Europas nest største akvarium Lisbon Ocenarium. Absolutt verdt eit besøk om ein likar slikt. Akvariumet var delt inn etter dei ulike verdshava og det var mykje å sjå. I midten var eit stort akvarium med haiar, svære rokker, barrakuda og mykje meir. Etterpå tok vi Telecabine Lisboa en kabelbane som går frå akvariet. Ikkje den spenstigaste kabelbana dette, men ein får sjå utsikten over denne delen av byen.
I dag har vi vore til Belem. Det var flott vêr og 19 grader så vi rusla rundt og kosa oss. Var innom Antiga Confeitaria de Belem og kjøpte med oss dei berømte Pasteis de Nata og tok dei med i parken. Desse berømte kakene var innmari god. Det er ein slags egg/vanilje pudding i ein sprø butterdeig-kakebotn som ein strør kanel og melis over. Om eg skal sammenlikne smaken med noko må det bli rømmegraut... anbefalar at ein kjøper meir enn ei når ein først skal smake.
På veg tilbake frå Belem stakk vi innom Time Out i Mercado da Ribeira for lunsj, og vi angra umiddelbart på at vi ikkje reiste hit tidlegare. Dette er ein stor og fresh food court der ein kan få det meste av mat. Det er over 30 kjente kokkar og populære restaurantar som har kjøkken her og det vi smakte (bacalao) var veldig godt. Her får ein alt frå tradisjonell portugisisk mat til pizza og asiatisk fusion.
Lisboa er ein fin by med marmor i gatene og fargerike bygg. Men det fins og mange bygg som står til forfall i sentrum. Mykje er under opp att bygging og i følge ein lokal helt så vert det bygd mange nye hotell no.
Portugiserane er stort sett vennlege og snakkar godt engelsk, men som i alle andre byar er der nokre kjeltringar. Vi opplevde ikkje noko spesielt, men vi vart kontakta ganske mange ganger med tilbod om å kjøpe det meste av narkotika.
Vi rakk ikkje å få med oss alt denne gangen, men konkluderer med at vi gjerne tek turen tilbake til Lisboa att.
- comments