Profile
Blog
Photos
Videos
DET BESTE I LIVET ER GRATIS- SOLOPPGANG I GRAND CANYON
Litt trøytte i trynet når kl ringde 02.45, men me hala oss opp av sengi på eit vis og sjekka ut av ein meget innhaldstom by med namn Flagstaff. Bekmørkt, nesten fullmåne og ein stjerneklar himmel var landskapet dei neste to timane. Med radioresepsjonen som herleg underholdning. For dei som ikkje veit da er det eit radioprogram som går på P3 kvar dag mellom 10 og 12 (men sommarferie no). Oddis har lasta ned ein haug med podcasts så bilturane vert korta ned med ein god dose humor!
Me ankom nasjonalparken i 4.30 tida og det første møte var ein heil flokk hjortar i vegen. Deretter kunne me kjøyra inn i nasjonalparken der det var laga til store avkjørsler til gode utsiktspunkt over GC. Det første me gjorde var å hiva på oss det me hadde av varme kle, kaldt tidleg på morgonen! I 5 tida byrja sola å gå opp, så det var berre å nyta og ta inn øyeblikket! Grand Canyon er mykje flottare, djupare og mektigare enn det som går an å fanga på bilete eller film. Dette er eit av naturens mesterverk! Må opplevast!!
Etter å ha inntatt utsikta i rundt 2,5 time var me overklare for frukost og kaffi! Me åt på ein kosleg liten kafe rett utanfor nasjonalparken før me kommanderte Stine (GPS) i retning neste mål- Las Vegas.
- comments