Profile
Blog
Photos
Videos
Livstegn fraa sjoeroeverane!
Saa mykje har skjedd sidan sist blogginnlegg, men fyrst og fremst: Vi har det veldig bra! :)
The Whitsundays var FANTASTISK! Det heile starta med eit 24-timars langt opphold paa ein seglbaat, kor vi fikk servert grillmat, drakk kvitvin, saag solnedgangen og igjen fekk sjaa kva Australia har aa by paa av dyreliv. Vi saag delfinar, kval, svaere skilpadder, eksotiske fiskeartar og to store havoerner med vingespenn paa nesten to meter. Ein av dei som jobba paa baaten kasta ut poelsebitar til oernene, saa dei kom heilt ned til baaten, heilt utruleg! Vi fekk proeve oss paa snorkling, kor vi svoemte midt i ein stim av blaa og gule nemofiskar over korallrevene med utrulege fargar og fasongar. Dette skal vi gjere meir av i morgon naar turen gaar til The Great Barrier Reef. Vi gler oss!
Etter 24 timar paa ein baat ilag med nesten 30 andre, var det deilig aa komme til den idylliske oeya, South Molle Island for ein skikkeleg dusj og litt albogerom. Her tilbrakte vi to netter. Den fyrste kvelden paa oeya var Plastic Fantastic-Party, og vi fekk utdelt plastikkposar i ulike fargar som vi skulle lage antrekk av. (Sjaa Australia-albumet) Dagen etter var valgfri dag. Vi starta med ein bush-walk, kor vi gjekk ein knapp time opp til ein utkikspost og fekk sjaa den flotte utsikta. Dette var truleg den varmaste dagen vi har hatt saa langt. Ingvild hadde utstyrt seg med solbriller for anledninga, men dei sklei av nasa grunna usannsynlege megder svette. Men varmen skulle ikkje stoppe oss, tennis var det neste som stod paa programmet. Linn proevde aa ta fram gamle kunster, men maatte gje tapt baade i dobbel (mulig at Ingvild var det svake leddet i dette hoeve) og i singel (Ingen unnskyldning her, Linni) Men kjekt var det! Vi laerte ogsaa aa opne kokkosnoetter, og fekk smake baade paa kokosnoettsaft og - kjoett. Det blei ein tidleg kveld den dagen, vi maatte nemleg opp 05.30 for aa ta fatt paa den langt strekninga til Cairns (kor dokke no kan finne oss) 10 timar paa i bussetet og i baat gjekk bedre enn forventa. Vi kosa oss paa bussturane, med leikar, konkurransar og musikk av varierande smak.
No skal vi ut i den koselege byen, for aa finne oss ein matbit.
Vi bloggast snart igjen!
-Eventyrarane, Linn og Ingvild-
- comments
Roald Hei jenter ! Etter tre dager uten blogg kan vi no slappe av igjen. Det er spennande aa foelge med paa det dokke opplever på turane og som ser ut for aa vaere en dans paa roser, og vi venter i spenning paa neste blogg. Her alt vel. Hilsen bestemora og bestefaren.
Sverre Hei LP og Ingvild! Takk for oppdatering, det var flott å høre fra dere. Det høres riktig fint ut alt sammen! Mange og flotte opplevelser. Vi gleder oss til bilder. Pass godt på hverandre og vær kritisk. Vi gleder oss til videre oppdatering. Høsten strammer grepet her hjemme og en ny minister-kabal er lagt. Mamma Margrete er i Boston, hjemme fredag. Marianne kjører bil flott. Ha det supert! Beste hilsen Sverre