Profile
Blog
Photos
Videos
Jihaaa!
I gaar var ein saers innhaldsrik dag for Top Deck-familien. Vi reise tidleg fraa Noosa for aa tilbringe 7 timar i buss foer vi ankom Kroombit Park, ein ranch langt ute i ingenmannsland, utan tilgong til internett eller telefondekning. Paa denne middels store ranchen, i australsk maalestokk, dreiv dei hovudsakleg med oppdrett av storfe, som vi skulle faa gleden av aa smake. Gaardsdagen baud paa mange nye opplevingar for Team Norway. Vi fekk proeve oss som lassokastarar, og etter mykje trening paa stillestaaande maal, vart vi inndelt i lag paa 3 og 3, for aa konkurrere om kven som kunne fange ei geit med lasso i ei innhengning paa kortast muleg tid. Til vaar store overraskelse kom laget vaart paa ein hederleg tredjeplass. Resten av kvelden bestod av line dancing, bull riding og opplaering i bruk av pisk (som blir brukt for aa lage ein hoeg lyd som skal skremme dyra) Bull riding (okseridning) forgjekk paa ein mekanisk okse som vi rask vart kasta av begge to. Vi kom oss greit gjennom foerste runde, der vi maatte greie aa holde oss paa oksen i 8 sekund, men andre runde var verre. Begge datt av etter 2 sekund. Ingen skam, det var langt bedre enn dei fleste.
Etter ein skikkeleg cowboy-frukost, med egg, boenner og bacon, drog vi ut paa geiteinnsamling fraa hesteryggen. Hesten min var veldig glad i den Linn reid paa, saa dei holdt saman uansett korleis vi proevde aa styre dei. Dei to late hestane var meir opptatt av aa ete gras, enn aa samle inn geiter... Lunsjen bestod stort sett av ingrediensar fraa gaarden, kjoett og friske groennsaker. Nam! Etter dette paafyllet, fann vi igjen bussetet. 3 timar seinare befann vi oss i Emu Park. Her skal vi ha Toga-party i kveld foer vi i morgon drar ut paa ein tredagars segletur i The Whitsundays. Vi blir dermed utan internett i tre heile dagar.
Ellers er alt bra, baade helsa og humoeret er paa topp! Vi kosar oss med den sprudlande og fargerike gruppa, som vi er blitt veldig glade i.
Haapar alle har det bra heime! Vi tenker paa dokke (innimellom) :)
- comments
Lallas lillesøster :) Høres ut som at dere har det fantastisk! Fortsett å kos dere masse, alt er bra her hjemme! Masse klemmer fra Norge <3
Roald Hei jenter ! God tur videre, men det blir lange dager aa vente paa neste blogg.
Margrete Thorstad Hei! Morsomt å følge dere. Du verden så mye dere opplever! Her på Ås begynner det å bli høst - gule blader fra bjørketrærne faller på bakken. Sverre er i Sarpsborg på kick off, Marianne og jeg har tilbrakt dagen i Vestby på outlet og på mandag reiser jeg til Boston. Så da blir det en tur på meg og :). Kos dere videre og nyt dagene!
Marte You've got mail :)