Profile
Blog
Photos
Videos
HALLO
Sov leinge i dag. viste at me hadde ein kort etappe inn til Burgos som var dagens mål. Fekk servert god frukost av dei me låg hjå.
42 korte kilometer på caminoen i dag. Har treft på mange pilgrimar i dag og. Nokre av dei haltar litt, sikkert ilt i ein framlabb eller noko. Trur det er mange som legg ut på ein slik tur utan noko som helst form for ballast. Da kan da bli tøft nok når ein skal gå dag etter dag. Me er ivertfall veldig glad for at me syklar og ikkje går. Men so skal me no sikkert litt leinger enn dei fleste og.
Norunn har sagt buen camino ( god tur ) til kvar einaste ein ho har møtt på vegen i dag. Dei som kjem på ferja og handlar me ho i sommar må ikkje bli overaska hvis dei får samme helsinga.
Har sykla over noko av mesetaen i dag ( den Spanske høysletten ) endelause kilometer med sand og stein. Me syklar på 2 timar det som mange brukar ein lang dag og gå. Var nokre skikkelege kneikar i dag. Måtte av sykkelen og dra han. På asfalt hadde det gått greit, men når det er grov stein og sand so er da ikkje altid so lett. Tung oppakning i tilegg gjer da ikkje noko lettare.
Inn mot Burgos i dag so var da berra ein fryd og sykla. 2 felts sykkelveg i ca 5 km. Heime so har me pengane, men å bruka dei på sykkelvegar i Bergen Oslo og andre stader da evna me ikkje. Viljen er ikkje til stades. Helsegevinsten hadde vore enorm.
I Burgos blir me i 2 dagar. Merka på føtene at dei treing litt ekstra kvild, og byen er kjempefin so da skal bli bra.
Norunn og Jarle i Spania på veg mot Frankrike helsar heim til ALLE.
- comments
CK Hola! Ser ut so da går greitt detta ;) men de må bada litt, ellers blir Sivert veldig skuffa sidan han trur at de er på badetur! Ellers lite nytt her. Eg og Benedicte var av Tonje på laurdag, Ann K var der med Kristina so da var full babyfest :) no har eg 60 norsktentamenar som skal rettast, er ikkje alle som har ferie kvar dag ;) Kos dykk med eit par fridagar. No har me skype, passar det i måro ettermiddag kanskje?
Norunn/Jarle Hola CK. Du får berra sei til Sivert at me er på sykkelferie i Bulgaria ;) Du får ha lykke til med tentamenane, mykje arbeid føre deg. Når da gjeld fridag so har me fridag kår dag me. Kan skypa i morgo ja. Ca 17.00.
Håvard F Fint i Burgos. På veg austover no dao. Kjøp brusboksa, og sel til pilgrimane. Dei betala godt. Spesielt midt på Mesetaen... ;)
Norunn/Jarle Hei Håvard. Burgos er kjempefin. Mykje finare her enn f.eks Leon. Kjenne deg sikkert igjen på bilda du som har gått her. Veit ikkje om da blir so mykje meir på caminoen på oss. Er jeskelt tungt å dra syklane opp dessa steinete bakkane. Du som har tenkt tanken å gå via de la plata. Syns da virka litt kjedelig, men da kan me snakkast om i haust ein gong ;) Kansje du kan sykla ?
Arne Hei pao deko. Mykje fine foto. Flott at du har lagt inn litt samferdsel- og folkehelsepoitikk i bloggen i dag. Ja faktisk vinkling i høve til handlingsregelen også....... Det er flinke på oppdatering. Eg starta sykkelsesogen i går med ny sykkel. Fantastisk god og morsom sykkel. God tur vidare
Norunn/Jarle Hei Arne. Gratulera med ny sykkel. Er heilt overbevist om at hadde det blitt meir sykkelvegar spesielt i byar ville ein fått ein oppblomstring i sykkelbruken..Tusen takk for interessen på bloggen.
eva kjos hei hei dere spreke syklister! Vi følger med, blir antagelig Burgos, Leon, Santiago på oss i september.... Ikke på sykkel men med buss og beina....Snart Frankrike! Mange dager har dere brukt på sykkel gjennom Spania? God tur videre! Eva og Nils
Norunn/Jarle Hei Eva og Nils..Flott de følge med oss. 21 dagar sidan me begjynte og sykla, men har jo hatt nokon korte etappar, og 4 dagar som me ikkje har vore på sykkelen i da heila. Hvis de skal starta i Burgos so bør de absolutt sette av litt tid her. Veldig fin by. Kan anbefale to etappar til Dykk og frå Burgos. ( må sei da no, når me kjem heim er da gløymt) Den fyrste frå Burgos til Hornillos del Camino ca 20 km. Den andre, og på ca 20 km. Frå Hornillos til Castrojeriz. Dette er begge fine plassar med fleire overnattingsmuligheiter. (bør sikkert prøve å bestille på fohånd)