Profile
Blog
Photos
Videos
SOOOOOOOL OG 25 GRADER PÅ DA MESTA I DAG. SO OG SEI SKYFRITT. BEGJYNNA Å BLI LITT BRUNE PÅ SKROTTANE VÅRE.
Starta dagen med ein heilt ok frukost, hverken meir eller mindre. Flatt dekk når me henta eine sykkelen i dag. Var ikkje so overaskande sia me måtte etterfylla luft i går. So da var da å byta slange før me for. Etter ca 25 km var dekket flatt på nytt. No bytte me både dekk og slange. Dekket er heilt nytt so var litt tidlig å skifte. Får sjå på da ein dag om det er noko som står i da. Roy for avgarde når me skifta dekk, han var kaffitørst, men me trefte han at seinare på vegen, og holdt fylgje resten av dagen.
Tidlig på dag i dag kom me til ein flott innsjø. Var kjekt å sjå litt vatn igjen. Akkurat her var landskapet ikkje so ulikt mange stader heima.
Rikelig med stigning i dag, og verre skal da bli. Snakka med ein Spanjol som er frå Santander, heilt Nord i Spania. Han skulle kjøyra tilbake til Sevilla kor han jobbar. Han kunne fortelja oss at me har kraftige stigningar i vente. Det viste me i grunn frå før, men har sikkert berre prøvd og fortrengt da.
Såg faktisk snø i dag på nokre toppar i syningom ( Almost home ;)
Kom fram til Herberget i Plasencia ca 17.30 i dag litt trøytte etter mykje klatring. Der var da låst. Måtte ringa eit nr som sto på veggen dar. Han som hadde ansvaret var og spelte fotballkamp!!! Kunne ikkje komma før mellom klokka sju og halv åtte. Og i Spania betyr da at han kjem ivertfall ikkje klokka sju. Han kom akkurat klokka åtte. Herberge ansvarlig som heitte David kom blid og fornøgd, hadde vist scora eit mål karen. Me hadde i mellomtiden prøvd å få anna overnatting, men det var fult overalt. Me fekk no eit stort rom plass til syklane og alt rotet vårt. Plass til Roy var det og på samma rommet.
Plasencia er ein liten by i Spansk målestokk, ca 40 000. Her er ca 70 km til grensa i Portugal. Blir ikkje so mykje tid til å utforske byen. Føtene trenge litt kvile i kveld.
Registrera at Sogndal slo Molde. KJEMPEFLOTT. Skulle no egentlig berre mangla at dei ikkje sler botnlaget!!!
Provinsar i Spania som me skal sykle igjennom frå sør til Nord : Andalucia - Extremadura - Castilla y Leon - Baskerland - Navarra - Rioja og Aragon.
- comments
EVA KJOS FLOTT Å FØLGE DERE.....vI VAR OG UTE OG SYKLA IDAG, CA 1 MIL PÅ FLATMARK, NILS PUNKTERTE OGSÅ, SÅ VI MÅTTE GÅ DE SISTE KILOMETRENE HJEM. tROR DERE ER LITT SPREKERE ENN OSS! gOD TUR VIDERE!! EVA OG NILS
Norunn/Jarle Hei Eva og Nils. Bra de følge med oss. Er so mykje kjekkare når ein veit at folk er innpå og les. Til Nils: Ha altid med ekstra slange. Lykke til med neste sykkeltur frå Norunn og Jarle..
Nils Vår sykkeltur var ikke mye å skryte av i.f.t. hva dere har gitt dere ut på! Men både dekk og slange ble skiftet etter hjemkomst, så nå er vi klare igjen.Lykke til videre - nyt turen og ta gjerne en kald pils, det er fortjent! Hilsen Nils som ikke er på felgen lenger.
Norunn/Jarle Hei Nils.. Bra du ikkje er på felgen lenger ;) Blir ikkje so mykje pils, men litt vin blir da. Sitter snart i Rioja regionen og drikker Rioaja vin. Da trur me skal bli bra. Og kansje neste år gjer de det samme..