Profile
Blog
Photos
Videos
AVSTANDEN MELLOM RANDERS OG ÅLBORG ER CA 74 KM. ME FEKK 95 KM.
Går ca 1 1/2 time ifrå me står opp, ete frukost, pakka og til me er klar til og sykla. Ingen vits i å stressa, spesielt ikkje når da er eit strålande vær. Da har me god tid. Har vore oppe i 24 grader i dag, so væskeinntaket har vore ganske so stort.
Fann greit vegen ut av Randers i dag. Veg 507 var rett so fin og sykla på. Etter ei stund so var da slutt på sykkelstien og vegen blei litt travel syns me. Mykje tungtrafikk. Me svinga av og begjynte og sykla mange småvegar. Som me gjorde resten av dagen. Dette gjorde til at vegen vart mykje leinger, men og mykje fredligare. Vegar med omtrent null trafikk gjer til at opplevelsen blir mykje bedre.
Litt problem med å finna vegen inn til Ålborg. Måtte ofta stoppa og spørja etter vegen. Har sykla inn og ut av mange storbyar, men Ålborg er kansje dan me har slite mest med å finna vegen inn til sentrum. Fann no hotellet til slutt i dag og. Da viste trippelteljaren 95,23 km. Ei bra økt i dag og. Me stempla inn på hotellet klokka 18.
Skal ikkje sykla i morgo. På tide med ein dag utan røvi på setet. Har vore på sykkelen kvar dag sidan Amsterdam. Litt i overkant. Norunn har gitt klar beskjed til gubben at ho ikkje vil ha noko tassing rundt på hotelrommet klokka 07.00 om morgonen. Skal vist sova leinga dama i morgo!!!
Meldt kjempefint vær i Ålborg i morgo. Shopping som står på programmet!! Jarle får vel finna på noko han og.
CA 125 000 SO BUR PÅ DENNA PLASSEN VED LIMFJORDEN.
ME HELSAR TIL ALLE DYKK FLOTTE FOLK. JA TIL DIKKA ANDRE OG ALTSO ;)
- comments
eva og nils Sov godt ogha det hyggelig i Ålborg!!
Norunn/Jarle Hei Eva og Nils. Takk for da. Foreløbig so har me da bra ;)
Stine-Iren Vart da nåke shopping igår?:); Kristian gleda seg veldig t de kjemme no:) Me skal ha grillfest i bhg idag,men ser ut so da bli regn:( jaja:) kos dikka idag.klem
Norunn/Jarle Hei Stine Iren. Blei ikkje so mykje handling so me kansje hadde tenkt. Har jo ikkje plass til so mykje heller, men noke blei da no. Klem