Profile
Blog
Photos
Videos
Halloien:-)
No er me i Chau Doc, Vietnam. Me har vore på mopedtur i dag, det var stas. Malin hadde ein som måtte vera trimma.. Enno Camilla sin sjåfør bikka 110 nådde dei ikkje att Malin. Konkurannseinnstinktet til Camilla kopla seg sjølvsagt på med ein gong ho sette seg på, og kommanderte sjåføren til å køyre fortare og fortare. Dei låg lenge i front, men måtte gi tapt mot slutten. Då for eit par-tre stk forbi, Camilla vart knust. Ei øl på toppen av fjellet "Sam Mountain" i hengekøya gjorde susen, og sidan ingen andre brydde seg om kven som var først eller sist, men heller fokuserte på sjarmen med køyringa så gløymde Camilla fort "tapet". På vegen tilbake stoppa me ved eit tempel. Fargerikt. Det kulaste med turen var nesten(understrekar nesten) hjelmane me brukte:-D me såg ikkje harry ut, slik nokon meinte...!
Dei to siste dagane var me i Sihanoukville, Kambodsja. Det er ein by ved kysten, så det vart mykje sol og bading. Brukte gårdagen på båt, med snorkling, fisking, grilling på stranda, soling, lesing, soving. Dei britiske kom med kreative idear til posing, så det vart ein heftig photoshoot før me reiste tilbake til bungalowsane våre. Me vart ikkje solbrende:-) etter båtturen tok me oss ein times ryggmassasje. Når me fekk beskjed om å snu oss undervegs fekk me begge litt panikk ettersom me ikkje ynskte ein bodymassasje. "ska ho ti framme no?" tenkte Malin forskrekka. Det var berre litt hovudmassasje som venta.. Når me vakna idag hadde begge vondt i ryggen. Det hadde ikkje Hanna, ei av dei norske på gruppa, som også tok same behandling.
Myggstikk. "damn mossies". Kryr av mygg, og gløymer me spreie oss ein dag er me ille ute. Det er godt å klø, men det er ikkje så fint etterpå:(
I sihanoukville var det ein svært spesiell mann i 55+ åra, på scooter med heftig anlegg og sidevogn med godteri. Eine kvelden ville Camilla ta bilde av han, men jaga han vekk. I går fekk me eit blinkskot! Øye bra!:-D han var heilt merkeleg.
Ellers er alt bra, Malin kosar seg mest når ho får bestille seg dessert etter middag. (etter måltid generelt). I går fekk ho eit kakestykke av nabobordet på restauranten fordi dei såg ho sikla etter den. I dag vart ho litt lei seg når ho måtte køyre buss i 5 timar utan banankaka si. Det gjekk bra, ho hadde litt sjokolade som dekka behovet ei lita stund. Me hadde forresten tidenes ost og kjeksparty i minibussen i dag. Det etter at me hadde fått eine bossbøtta flytta pga me tykkje den var for ekkel.. Så endar det opp med at me fyller det andre bosset med stinkeostpapir og mykje anna. "The
Girls" altså...
I morgon reiser me til Saigon (Ho chi min).
- comments
Ingriden hahaah "ska ho ti framme no" haha lite bra :D