Profile
Blog
Photos
Videos
No er me komne til Kambodja, og hovudstaden Phnom Penh, etter aa ha vore 4 dagar i Bangkok. I Thailands hovudstad budde me paa eit guesthouse midt paa Khaosan Road. Der var det mykje liv, og det vart baade shopping, spa og party. Eine kvelden drakk me spy. Det hjalp ikkje mykje paa formen til Camilla... Eine dagen reiste me til Safari World for aa sjaa ein tiger. Der fekk me sjaa baade kvit og vanleg+ fleire dyr. Me fekk og holda og mata ein tigerunge :) Me besoekte og verdas einaste eggmuseum. Nice. Camilla er aktiv med prutinga, og faar stadig seljara til aa graate. Ho faar som oftast viljen sin.
Onsdagen reiste me til hotellet der me moette gruppa me skal reisa med til Vietnam. Me er 7 norske og 5 britiske. Kjempe kjekke folk! Me reiste til Siem Reap, Kambodsja paa torsdag. Etter aa sjekka inn paa hotellet reiste me til ein lokal familie som lagde middag til oss. Me fekk ein omvising paa risaakrane og hoyre litt historie. Det var masse ungar der som var kjempe interesserte i vaare digitale duppedittar, og me brukte eit par timar paa aa leika med dei. Blant anna sat me i ein stor ring og sang ein sang medan me slo paa sidemannen, den som hadde den naar sangen slutta var ute.. Camilla er jo som dei fleste veit, kjempe daarleg tapar, og begynte aa smaakjekle med ei stakkars jente naar ho rauk og jenta gjekk til slutt frivillig ut av leiken. Malin vart litt smaa flau..Etterpaa reiste me inn til byen, der Marit (ei av dei norske) ville gi 30 USD for ein Buddhastatue. Storprutaren Camilla kjem til unnsetning, faar seljaren til aa graate og til slutt har Marit faatt den for 17 USD. Me smaashoppar litt og reiser tilbake til hotellet.
Heile fredagen gjekk med til aa vitja Angkor Wat. Det var spennande. Sto opp klokka 5 for aa sjaa soloppgangen som ikkje viste pga skyene.. Me reiste saa til 2 andre tempel foerst, og tok Angkor Wat etter lunsj. Til slutt skulle me gaa opp til eit viewpoint aa sjaa solnedgangen. Camilla var ikkje noko i form og vart liggande i ei hengekoye(i militaerstil med myggnetting!) ved sidan av bussen der ho saav i 3,5 time. Malin var ikkje imponert over solnedgangen, mest fordi den var paa andre sida av Angkor Wat. Om kvelden reiste Malin ut saman med dei andre, medan Camilla vart verande paa rommet.
I dag har me reist til Phnom Penh, som tok ca 6 timar. Malin hadde sjoelvsagt utstyrt seg med banankake ombord i bussen. Malin er tylen etter banankake. Ho har ikkje funne ein med "Ellse-sjappe''-standard enno diverre..... Naar me hadde sjekka inn reiste alle til middag inne i byen. Camilla reiste til sjukehus for aa sjekka magen sin. Fleire medisinar og ny sjekk i morgon tidleg kl7.. Det gaar bra, og no skal det bli betre.
Ellers har Malin krympa. Mykje! Til tross for alle banankakene.. Hmm...
Kambodsja er spesielt, minnar til tider om Afrika og kanskje litt om India. Landet har ein spanade historie, og guiden vaar er kjempe flink.
- comments